Margrete Aleksandersdotter

Dronning. Foreldre: Kong Aleksander 3 av Skottland (1241–86) og dronning Margaret (1240–75). Gift kring 1.9.1281 i Bergen med kong Eirik 2 Magnusson (1268–99). Mor til Margrete Eiriksdotter (1283–90).

Margrete Aleksandersdotter kom til Noreg 20 år gammal for å gifte seg med den knapt 13 år gamle kongen Eirik Magnusson, men døydde etter eit kort ekteskap. Utbetalinga av hennar medgift i ekteskapet førte til langvarig strid mellom Skottland og Noreg. Både i skotsk og norsk tradisjon har ho fått eit godt ettermæle, som eit kultivert menneske med staseleg framferd. Ho var mor til den skotske dronninga Margrete – “the Maid of Norway”.

Ekteskapet mellom Margrete og Eirik framstår som eit typisk fornuftsekteskap med politiske overtonar: Det skulle forsone og løyse dei skotsk-norske motsetningane som hadde utvikla seg frå 1260-åra, da Noreg avstod Sudrøyane og Man. Frå norsk side vart det også lagt vekt på sikringa av Orknøyane og Shetland. Ein forlovingstraktat vart inngått alt 1280, og året etter stod bryllaupet i Bergen, da Margrete også vart krona til dronning. Vigslemann og koronator var erkebiskop Jon Raude, og eit breitt samansett riksmøte av prelatar og verdslege stormenn utgjorde ramma kring høgtida. Også Margretes følgje av framståande skottar deltok. Ei skotsk krønike fortel at Margrete, saman med venner og slektningar, hadde vore mot ekteskapet, men at faren Aleksander tvinga sin vilje gjennom.

Den traktaten ekteskapet bygde på, vart inngått i Roxburgh 25. juli 1281. Her vart Margretes medgift sett til 14 000 mark sterling. Av dette kunne helvta tilvisast i jordegodsinntekter i Skottland, noko som også vart gjort. Det var særleg forståinga av denne avtaledelen, og utbetalinga av stipulerte godsinntekter, som seinare valda langvarig og bitter strid mellom Noreg og Skottland. I Noreg fekk Margrete som morgongåve jordegodsinntekter av 1400 markebol. Elles hadde traktaten ein viktig og lagnadstung paragraf om at Margrete og hennar framtidige barn med kong Eirik hadde full arverett til Skottlands trone og kongelege eigedomar dersom kong Aleksander skulle døy utan nærare legitime arvingar.

Denne situasjonen, som 1281 måtte fortone seg reint hypotetisk, inntraff ved Aleksander 3s død 1286. Det førte til at dronning Margretes og kong Eiriks dotter, jomfru Margrete, 1289 vart godkjend som kongeriket Skottlands dronning og arving. Margrete Aleksandersdotters korte funksjonstid som dronning i Noreg fekk dermed store konsekvensar for norsk tronfølgjehistorie, for rekkevidda av norske pengekrav mot Skottland og for norsk utanrikspolitikk meir allment. Det var såleis ein lagnadstung politisk arv ho let etter seg.

Det vel halvtanna året Margrete var norsk dronning, kan ikkje ha vore lett for henne. Som moden og kultivert kvinne vart ho gift med ein gutunge. Ekteskapet vart tidleg fullbyrda; Eirik var ennå ikkje meir enn 14 år da han vart enkemann. Svigermora, enkedronning Ingeborg Eriksdotter, var framleis aktiv og dominerande ved hoffet, og ifølgje ein skotsk kronikør sette ho seg imot at svigerdottera vart krona. Ei anna skotsk krønike gir ei nesten patetisk skildring av korleis Margrete freista å “kultivere” ektemannen ved å lære han engelsk og fransk og innprente han gode manerar i mat- og klesvegen.

Saman med Eirik fekk Margrete ein plass i norsk folketradisjon gjennom den romantiske folkevisa “Kong Eirik og Hugaljod”. Den har 38 strofer, og dei fleste er truleg blitt til på 1300-talet. Visa synest å ha samanheng med Eiriks og Margretes giftarmål, og forskinga reknar i dag med at det har eksistert ei særskilt vise om dei to.

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • RN, bd. 2
  • dei viktigaste skotske beretningane om Margrete fins i Chronicle of Lanercost 1272–1346, utg. av H. Maxwell, Glasgow 1913, og Fordun Cronica Gentis Scotorum, utg. av W.F. Skene, Edinburgh 1871–72, jf. kommenterande kjeldekompilasjonar (på engelsk) i A. Orr Anderson: Early Sources of Scottish History, bd. 2, Edinburgh 1922/1990
  • NFH, del 4, bd. 2, 1859
  • H. Koht: “Norske dronningar”, i SogS, bd. 32, 1926
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • S. Imsen: Våre dronninger, 1991
  • N. Bjørgo: “Makt og avmakt”, i Norsk utenrikspolitikks historie, bd. 1, 1995

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.