Magnus Olsen

Filolog. Foreldre: Kjøpmann Ole Christian Olsen (1834–87) og Therese Evine Olsen (1843–1926). Gift 28.6.1912 med Gjertrud Mathilde Kjær (f. 1890), dotter til universitetsbibliotekar Johan Albert Julius Kjær (1852–1941; sjå NBL1, bd. 7) og Johanne Marie Torp (1863–1948).

Magnus Olsen er internasjonalt kjend for sine studiar i norrøn litteratur og religionshistorie, runologi og namnegransking. Han kombinerte fantasirikdom, skarpsinn, innleving og solid kunnskap om kjeldematerialet. Gjennom sine banebrytande arbeid om runer og stadnamn skapte han ei ny forståing av religion og samfunnsliv i førkristen tid i Noreg.

Olsen voks opp i Arendal, der han tok examen artium 1896. Han studerte filologi ved universitetet i Kristiania, faga latin, gresk, tysk og norsk, og 1903 tok han cand.philol.-eksamen med innstilling. I studietida kom han i kontakt med to universitetslærarar som skulle prege hans faglege utvikling, arkeologen og stadnamnforskaren Oluf Rygh og filologen Sophus Bugge. Olsen var assistent for den nesten blinde Bugge frå 1902. Frå 1899 var han amanuensis ved Universitetsbiblioteket og frå 1904 universitetsstipendiat. Han hadde studieopphald i Leipzig og København.

I eit brev til den svenske filologen Adolf Noreen 1902 skriv Sophus Bugge at han gjerne vil presentere den unge studenten Magnus Olsen for han: “...han er min Tilhører, og jeg tænker paa ham som min Efterfølger.” Og slik skulle det gå. 1908 blei Magnus Olsen utnemnd til Bugges etterfølgjar. Som Leiv Amundsen formulerer det: “Sophus Bugge, den største blant norske filologer, og den edleste, døde den 8. juli 1907. Hans arvtager på lærestolen førte de stolte tradisjoner videre på høyeste nivå, til heder og lykke for universitetet og for norsk forskning.”

Professoratet heitte i 1908 “gammalnorsk og islandsk språk og litteratur”. Seinare (1921) fekk dette fagfeltet nemninga norrøn filologi. I si tiltredingsforelesing 18. november 1908 formulerte Magnus Olsen målet for filologien slik: “Selvsyn, grundet paa kilderne, av svundne tiders liv.” Tittelen på forelesinga var Fra gammelnorsk myte og kultus, og han gjev her si tolking av eddadiktet Skírnismál. Ideen fekk han då han i stavkyrkja i Borgund fann ei ny runeinnskrift som minte han om nokre linjer i dette diktet. I denne forelesinga ser vi kulturhistorikaren Magnus Olsen. Med stor fantasi og innleving kombinerer han folkloristisk og religionshistorisk stoff frå Norden og antikken i ei heilskapleg tolking.

Magnus Olsen har ikkje skrive noka samlande framstilling om edda- og skaldedikt, men har gjeve ei rad skarpsindige tolkingar. Han gav ut 7 hefte av Edda- og skaldekvad. Forarbeider til kommentar, der han gjev bidrag til etablering av ein relativ kronologi. Han gav heller aldri noka samla framstilling av den norrøne religionen, men den gjennomsyrar dei fleste av arbeida hans innanfor norrøn litteratur, runologi og namnegransking.

Då Olsen blei Sophus Bugges assistent 1902, arbeidde Bugge med ei utgåve av Noregs innskrifter med dei eldre og dei yngre runene. Olsen fullførte arbeidet med dei eldre runene, og gav deretter (1941–60) ut fem store band med innskrifter med yngre runer. Runeinnskrifter er ofte vanskelege å tolke, og her kom Olsens fantasi, idérikdom og kjeldekunnskap til sin fulle rett. Han meinte at runene var noko meir enn eit kommunikasjonsmiddel, dei hadde også ein magisk funksjon. Og han meinte å finne “tilsiktede tallforhold”, som gjev innskriftene sterkare makt. I dag vil dei fleste seie at han gjekk for langt i si leiting etter magisk funksjon, men hans dristige tolkingar førte vitskapen framover. Han arbeidde etter Sophus Bugges ord: “En methodisk begrundet Tolkning er bedre end ingen.”

Magnus Olsen var eineutgjevar av to band og medutgjevar av eitt band av storverket Norske Gaardnavne. Men han er mest kjend for sine avhandlingar om kva norske stadnamn fortel om religion og samfunnsforhold i førkristen tid, særleg Hedenske kultminder i norske stedsnavne og Ættegård og helligdom. Også på dette feltet var han ein nyskapar, og han har gjeve varige vitskaplege bidrag, endå om det kan reisast rettkomen kritikk mot fleire av konklusjonane hans.

1909 grunnla Magnus Olsen tidsskriftet Maal og Minne, som han redigerte i 40 år. Han skreiv flittig både der og i andre tidsskrift, og gav ut ei rekkje bøker. Bibliografien hans tel 391 nummer.

Magnus Olsen var den fremste norske filolog i si tid. Han var “en avholdt og beundret lærer og en fryktet eksaminator”, sa Anne Holtsmark i minnetala over Olsen i Det Norske Videnskaps-Akademi. Han meinte sjølv at han tente fedrelandet best ved sin vitskap, men lét seg likevel velje til dekanus i krigsåret 1941, etter at Francis Bull var arrestert. Han hadde “den ubestridelige autoritet og den moralske styrke som var nødvendig”, uttalte professor Harald Schjelderup.

Magnus Olsen var æresdoktor ved fleire utanlandske universitet. Han var medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) frå 1904, av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim og av ei rekkje utanlandske vitskaplege akademi. Han vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden 1945 og var storriddar av den islandske Falkeorden og riddar av den svenske Nordstjärneorden.

Verker

  • Oversikt over Magnus Olsens publikasjonar finst i O.-J. Johannessen: Magnus Olsen. En bibliografi, 1977

    Eit utval

  • Tre orknøske runeindskrifter, VSK Forh. 1903 nr. 10, 1903
  • Runeinnskrifterne i Urnes kirke i Sogn, i FMF Årbok 1907, s. 118–180
  • utg. Volsunga saga ok Ragnars saga lodbrokar, København 1906–08
  • red. Maal og Minne 1909–49
  • bearb. O. Rygh. Norske Gaardnavne, bd. 11 Søndre Bergenhus amt, 1910, bd. 10 Stavanger amt, 1915, og bd. 18 Finmarkens amt (sm.m. J. Qvigstad), 1924
  • Stedsnavnestudier, 1912
  • utg. Norges indskrifter med de ældre runer, bd. 3, 1914–24
  • red. Bidrag til nordisk filologi, 14 bd., 1914–56
  • Hedenske kultminder i norske stedsnavne, VSK Skr. II 1914 nr. 4, 1915
  • red. P. A. Munch: Norrøne gude- og heltesagn, 1922
  • Ættegård og helligdom. Norske stedsnavn sosialt og religionshistorisk belyst, 1926 (2. utg. Bergen 1978)
  • Farms and fanes of ancient Norway, 1928
  • Stedsnavn og gudeminner i Land, DNVA Avh. II 1929 nr. 3, 1929
  • Runekammen fra Setre (sm.m. H. Shetelig), BMÅ. Hist.-antikv. rk. 1933 nr. 2, Bergen 1933
  • Hvad våre stedsnavn lærer oss, 1934 (ny utg. 1971)
  • Norrøne studier, 1938
  • Stedsnavn, Nordisk kultur 5, Stockholm 1939
  • Norges innskrifter med de yngre runer, 5 bd., 1941–60
  • Fra norrøn filologi, 1949
  • Runic inscriptions in Great Britain, Ireland and the Isle of Man, i Viking Antiquities in Great Britain and Ireland, Bergen 1954, s. 154–232
  • Edda- og skaldekvad. Forarbeider til kommentar, 7 hf., DNVA Avh. II 1960 nr. 1, 3 og 4, Ny serie nr. 2–4, 1962, og 5, 1964

Kilder og litteratur

  • Stud. 1896, 1921, 1946
  • A. Sommerfelt og C. J. S. Marstrander: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • HEH 1959
  • L. Amundsen: “Magnus Bernhard Olsen”, i Universitetet i Oslo 1911–1961, bd. 1, 1961, s. 429–432
  • A. Holtsmark: Minnetale over professor Magnus Bernhard Olsen, serprent av DNVA Årbok 1963
  • G. Høst: “Magnus Olsen” (minnetale), i DKNVS Forh., bd. 36, Trondheim 1963, s. 92–96
  • L. Holm-Olsen: Lys over norrøn kultur, 1981, s. 139–151

Portretter m.m.

  • Byste (marmor) av Gustav Vigeland, 1928; UiO (gipsoriginal i Vigelandmuseet, Oslo)
  • Maleri (hoftebilete) av Agnes Hiorth, 1958; DNVA, Oslo

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.