Magnhild Haalke

Forfattar. Foreldre: Gardbrukar, lærar og kyrkjesongar Knut Kvaale (1852–1942) og Kaja Augusta Wiig (1863–1948). Gift 1922 med målaren Hjalmar Kristian Haalke (1894–1964). Svigerinne til Eva Haalke (1912–).

1935 debuterte 50 år gamle Magnhild Haalke med Allis sønn, ei bok som straks plasserte henne mellom dei fremste norske forfattarane. Hennar djupe psykologiske innsikt og store givnad for miljøskildringar sikrar henne ein varig plass i norsk litteratur.

Magnhild Camilla Kvaale vart fødd på Vikna, ei øy ute ved Namdalskysten, ikkje langt frå Olav Duuns barndomsrike. Ho var nest eldst av 10 sysken, tok lærarutdanning og arbeidde i småskulen i over 30 år, dei første åra ulike stader i Nord-Trøndelag, seinare i Sør-Odal. 1922 gifte ho seg med tremenningen sin, målaren Hjalmar Haalke. Dei hadde heimen sin i Sør-Odal, i Oslo og på Lillehammer. Krigsåra budde dei på Vikna. Saman hadde dei lange studieopphald i Frankrike og Italia, der biletkunstnaren Hjalmar fann gode motiv og forfattaren Magnhild fekk ro og nødvendig avstand til sine motiv.

Debutboka kom i fleire opplag, vart omsett og kom ut i Danmark, Sverige, Storbritannia, Nederland, Frankrike og USA (men ikkje i Nazi-Tyskland, for der kravde dei at slutten måtte endrast). Allis sønn vart den største suksessen i Magnhild Haalkes etter kvart store forfattarskap – nær på 30 bøker i alt. Også Åkfestet (1936), Dagblinket (1937) og Rød haust? (1941), samarbeidde til Grys saga i to bind 1950, og trilogien Karenanna Velde (1946), Kaja Augusta (1947) og Kvinneverden (1954) er sentrale verk. Sjølvbiografien Mot nytt liv frå 1978 skreiv Magnhild Haalke 92 år gammal.

I bøkene, som kom i ein jamn straum, skildrar ho utkant-Noreg i mellomkrigstida, harde livsvilkår, strev og slit, med sterke og veikare menneske, utleverte på godt og vondt. Særleg er det skildringane av småguten Elling (Allis sønn) og av småjenta og ungjenta Gry (Grys saga) lesarane seint gløymer. Kva var det som greip så nytt og sterkt, så urovekkjande og vondt – reint særleg i Allis sønn?

Gripande barndomsskildringar var ikkje noko ukjent i norsk litteratur i 1930-åra. Men for første gong – og lenge før psykologar og andre fagfolk fekk sett namn på problema – møter lesarane lagnaden til eit uvanleg barn, ser korleis uforstand i vaksenverda kan tyna den som er for ulik andre, som ikkje høver inn i mønsteret for det som er vanleg akseptert. Elling skræmer fordi han ikkje ansar eller bryr seg med å læra det andre ser på som viktige gjeremål. Han lever i si verd, ein rar og framandvoren, fantasirik og forlevande gutunge som leikar seg med rimord og ser venleik og trolldom der andre ikkje ansar nokon ting. Mora er inderleg glad i Elling og prøver å verna han, men ho er ei stakkars overarbeidd svigerdotter, innflyttar på øya, undertrykt og utrygg. Ho blir uviljande påskunda av den hjartelause og uforståande bestemora, og saman driv dei den sårbare guten inn i hard trass, og seinare i vanvit og katastrofe.

Også i Grys saga er det Magnhild Haalkes djupe innlevingsevne i barnesinnet som skaper stor litteratur. Overtydande skildrar ho vesle tapre Gry som blir utnytta av mora like frå 6-årsalderen, bunden til stolen ved vogga til småsyskena sine heile barndommen og ungdommen. Gry gløymer etter kvart leiken med andre ungar, som vaksen må ho gje avkall på den ho er glad i, ho blir fråteken alt liv utanom slitet, ansvaret, åket som blir lagt på henne. Mora, som frå først av ikkje tykkjest vera heilt utan forståing for at ho krev vel mykje av eldstedottera, viser seg etter kvart meir og meir manipulerande. Ho er hyklaren som skaffar seg eit overtak i heimen og held på det i grotesk sjølvkjærleik heilt til langt inn i alderdommen, til ulykke for alle.

Hos Magnhild Haalke er det ofte kvinner, reint særleg mødrer, som undertrykkjer, utnyttar og held andre nede. I bok etter bok – og i foredraget Kan vi bygge en bedre menneskeslekt? (1946) – kjem Magnhild Haalke attende til morsansvaret. Morsrolla må tola kritisk saumfaring og tydeleg moralsk fordøming. Magnhild Haalke løfter ofte og frimodig den moralske peikestokken og syng ut om uretten mot medsystrer som sjølvlaust strevar for andre livet ut.

Med Trine Torgersen (1940) vann Magnhild Haalke ein nordisk konkurranse om den beste yrkeskvinneskildringa. Ho skreiv ut frå eiga røynsle som innflytta lærarinne på landsbygda med husvære på skuleloftet, om trakassering og om manglande solidaritetskjensle hos mannlege kollegaer – og deira fruer. Også ei velutdanna kvinne måtte på den tida ut frå sitt kjønn og sin einslege stand finna seg i å bli sett på som mindreverdig, og ta til takke med elendige bustadtilhøve og mindre lønn enn mennene for same arbeid. Trine Torgersen er ikkje av dei mest vellykka bøkene i forfattarskapen. I Sør-Odal vart boka oppfatta som ein svart/kvit nøkkelroman, og godhugen for den tidlegare lærarinna vart hos mange vend til motvilje.

1940 våga Magnhild Haalke seg til å seia opp lærarposten for å leva av skrivinga. Ho hadde då skrive fem bøker på fem år og vunne 10 000 kroner i premie for ei av dei. Ho fekk fleire arbeids- og reisestipend, fekk Gyldendals legat 1949, Mads Wiel Nygaards legat 1953 og Doblougprisen 1980. Frå 1954 hadde ho Statens kunstnarlønn.

Verker

    Eit utval

  • Allis sønn, 1935
  • Åkfestet, 1936
  • Dagblinket, 1937
  • Trine Torgersen, 1940
  • Rød haust?, 1941
  • Kan vi bygge en bedre menneskeslekt?, 1946 (foredrag)
  • Karenanna Velde, 1946
  • Kaja Augusta, 1947
  • Grys saga (inneheld Åkfestet, Dagblinket og Rød haust?), 2 bd., 1950
  • Kvinneverden, 1954
  • Serinas hus, 1955
  • Munter kvinne, 1957
  • Dragspill, 1958 (noveller)
  • Kommer far i dag?, 1969
  • Sol og skygge, 1971 (noveller)
  • Mot nytt liv, 1978 (sjølvbiografisk erindringsbok)

Kilder og litteratur

  • L. Aas: “Magnhild Haalke”, i Trønderne i moderne norsk diktning, Trondheim 1942, s. 177–188
  • P. Houm: “Magnhild Haalke”, i NLH/Bull, bd. 6, 1955, s. 385–391
  • J. M. Lysø: 'Misminningen'. En studie i Magnhild Haalkes 'Allis sønn', h.oppg. UiO, 1967
  • M. Haalke: Mot nytt liv, 1978
  • J. Terjesen: Allis sønn – “særbarnets tragedie”? En tolkning av sammenhengen mellom personlighetsutvikling, familieforhold og sosialt miljø i Magnhild Haalkes debutroman, 1981 (opphavleg h.oppg. UiO 1978)
  • R. Solem: Jentesosialisering og mor-datter-forhold. En analyse av Magnhild Haalkes Gry-trilogi, h.oppg. UiTø, 1981
  • T. I. Sandvik: “Livets mor”. Ei analyse av Magnhild Haalkes trilogi Serinas hus (1955), Munter kvinne (1957), Serinas vei (1962), h.oppg. UiO, 1984
  • Å. Jünge (red.): Med røtter på Vikna. Slektsbok for Kvaale-slekta med bibliografi over Magnhild Haalke, Verdal 1992
  • H. M. Trøseid: Magnhild Haalke og Sør-Odal, utr. foredrag, 1992 (Sør-Odal bibliotek)

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Målarstykke (halvfigur) av Hjalmar Haalke, 1927; H. Aschehoug & Co., Oslo
  • Målarstykke av d.s., 1948; TKM

    Fotografi

  • Fleire fotografiske portrett attgjevne i M. Haalke: Mot nytt liv, 1978
  • Likeins rikt fotomateriale i Å. Jünge: Med røtter på Vikna (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder)

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.