Magne Skodvin

Historikar. Foreldre: Folkehøgskolestyrar Anders Skodvin (1884–1938) og Karen Marie Haaland (1884–1958). Gift 27.2.1943 med lektor Eva Dessen Tobiesen (6.2.1917–), dotter til generalmajor, sivilforsvarssjef August Emil Dessen Tobiesen (1885–1962) og Ingjerd Dorothea Kiønig (1891–1960).

Som vitskapsmann var Magne Skodvin pioner i utforskinga av norsk okkupasjonshistorie. Som universitetslærar var han døropnar for studiet av norsk etterkrigshistorie.

Skodvin gjekk på Hardanger folkehøgskole 1930–31. 1935 tok han examen artium på latinlinja på Voss landsgymnas, og 1941 vart han cand.mag. ved Universitetet i Oslo. I studietida hadde han fleire vikariat i skolen, og 1941–43 var han arbeidshjelp ved Riksarkivet. Han hadde og fleire studieopphald i utlandet. 1946 vart han cand.philol.

Dei fleste i hans samtid vil assosiere namnet Magne Skodvin med norsk historie om den andre verdskrigen. Men rotfest som han var i det hardangerske folkehøgskolemiljøet, var det folkeopplysningsmannen som først steig fram. Som programsekretær i Norsk Rikskringkasting i dei første etterkrigsåra vart han lagd merke til med si lette og velklingande nynorske framstillingsform. Men med embetseksamen med historie hovudfag og med sterke personlege opplevingar frå krig og motstandsarbeid var det naturleg at han tok føre seg norsk okkupasjonshistorie.

Skodvins endelege gjennombrot som forskar kom med doktoravhandlinga Striden om okkupasjonsstyret i Norge fram til 25. september 1940. Etter nitid kjeldegransking, og med dramatisk driv i framstillinga, skildrar han der trekantdramaet mellom Reichskommissar Terboven, Vidkun Quisling og det norske politiske miljøet, fram til kompromisset 25. september som paradoksalt nok la eit første grunnlag for organisert norsk motstandspolitikk. Avhandlinga vart også eit gjennombrot for ei hovudline i Skodvins utforsking av norsk samtidshistorie: hans særlege vilje og evne til å sette norsk historie inn i eit internasjonalt perspektiv, programmatisk annonsert i ein artikkel i Nordisk Tidskrift 1951 med tittelen Norsk okkupasjonshistorie i europeisk samanheng.

Skodvins gjerning som universitetslærar, som professor i historie først ved Norges lærerhøgskole i Trondheim og frå 1961 ved Universitetet i Oslo, kom til å krevje det meste av hans tid og krefter. Men gjennom ein straum av artiklar og foredrag vart han det naturlege referansepunkt for den vidare utforskinga av norsk historie under den andre verdskrigen. Dei mange overtonar av skuld, skam, ansvar, nasjonalt nederlag og personlege tragediar som hendingane var omgjevne av, gav grunnlag for langvarig strid om tolkinga av desse lagnadstunge åra. Men det er etter kvart blitt stendig klarare i kor stor grad Magne Skodvin – med sin vilje og evne til å sjå og forstå ei sak frå mange sider, og med sitt nesten uendelege tålmod andsynes dei mange som ville sette han i bås med det eine eller det andre fastlåste standpunktet – har medverka til at striden ikkje vart meir opprivande enn den vart.

Frå midten av 1960-åra tok Magne Skodvin til på ein ny pionerinnsats – studiet og utforskinga av norsk etterkrigshistorie. Lenge stod han nokså åleine om å ta seg av den store tilstrøyminga av studentar som ville arbeide på dette feltet. Lærebøker fanst ikkje, før han inspirerte nokre hovudfagsstudentar til å produsere eigne artiklar til innføring. Sjølv gav han det mest sentrale bidraget, i boka Norge eller NATO, som kom 1971, der han med utgangspunkt i eit oppdrag frå Utanriksdepartementet skildra og analyserte Noregs veg frå brubyggingspolitikk via forhandlingar om nordisk forsvarssamarbeid fram til medlemskapen i Atlanterhavspakta.

I to seinare bøker vende så Skodvin tilbake til krigsåra. 1990 kom omsider den meir faglege oppsummeringa av det som trass alt heile tida var hans hovudarbeidsfelt: Krig og okkupasjon 1939–1945. Men før det kom den vesle boka Som seilene fylles av stormen, bygd på ein serie med tolv radiokåseri med emne frå krigsåra. Målsettinga for kåseria – og for boka – syner oss igjen folkeopplysningsmannen: “Om det skulle lukkast å føre krigstida nærare, eit stykke på veg, innpå livet for unge menneske, og setja eigne opplevingar inn i ein vidare samanheng for dei som eldre er, så er eit mål nådd.”

Skodvin vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1988. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab fra 1957 og av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1958.

Verker

  • Det store fremstøtet, i S. Steen (red.): Norges krig, 3 bd., 1948
  • Norges plass i Hitlers militære planar etter 7. juni 1940, i HT, bd. 35, 1949
  • Norsk okkupasjonshistorie i europeisk samanheng, i Nordisk Tidskrift nr. 27, Stockholm 1951
  • Striden om okkupasjonsstyret i Norge, dr.avh. UiO, 1956
  • Norden eller NATO, 1971
  • Samtid og Historie. Utvalde artiklar og avhandlingar (red. O. Riste), 1975
  • Som seilene fylles av stormen, 1982
  • Krig og okkupasjon 1939–1945, 1990

Kilder og litteratur

  • HEH, fleire utgåver
  • R. Omang: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • Stud. 1935, 1960
  • forord til artikkelsamlinga Samtid og Historie, 1975 (sjå ovanfor, avsnittet Verk)

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.