Faktaboks

Laurents Hallager
Laurents Lars Hallager
Fødd
12. november 1777, Bergen
Død
2. februar 1825, Bergen
Verke
Lækjar og ordboksforfattar
Familie
Foreldre: Skulehaldar Niels Larsen Hallager (1742–1808) og Susanna Foss (1751–1840). Ugift.

Laurents Hallager er særleg kjend som forfattar av ei norsk ordbok i foreiningstida, ein tidbolk då det var uvanleg med ordbøker med grunnlag i norsk talemål. Ordboka skreiv han medan han var student, og han synte “ljos gløggskap” som målgranskar (Gustav Indrebø), men han valde medisin som studieveg og praktiserte seinare som lækjar i heimbyen.

Hallager vart student frå Bergens lærde skole 1795, og tok 1796 andreeksamen ved universitetet i København. Deretter byrja han å studera medisin; han hadde friplass på studentkollegium det meste av studietida og gav dessutan undervisning i fransk. Hallager hadde sterke språklege interesser; han gav ut Fransk Sproglære, tilligemed Læse- og Stiløvelser og ei lesebok, Lecture amusante et instructive, og så ordboka 1802, alle før han var 25 år gammal.

Hallager tok medisinsk eksamen med laud 1804 og disputerte 1805 for den medisinske doktorgraden. Avhandlinga har tittelen Dissertatio inauguralis sistens nonnulla anatomica et physiologica circa placentam uterinam. Hallager opplyser i førordet at avhandlinga ikkje byggjer på kliniske studiar, men det han legg fram, er “eit samandrag av det som andre lærde har offentleggjort om placenta”. Avhandlinga vart meld av Michael Skjelderup, som ikkje ville at hans kritikk skulle “svække den Ros, som Forfatteren tilkommer”.

Hallager vende attende til Bergen og vart 1805 lækjar ved Bergens Sygehus og ved Tugt- og Manufacturhuset og like eins ved Korskirkens Fattigskole. Det var få lækjarar i Bergen, og etter det hospitalspresten Johan Ernst Welhaven (far til diktaren) skriv i eit minnedikt, fylte Hallager lækjargjerninga på ein god måte. Han hadde særleg medkjensle med dei psykiatriske pasientane og gjorde framlegg om å byggja eit nytt sjukehus for dei, men planane vart først realiserte etter at han var død.

Det verket som har skaffa Laurents Hallager eit namn for ettertida, er Norsk Ordsamling eller Prøve af Norske Ord og Talemaader. Tilligemed Et Anhang indeholdende endeel Viser, som ere skrevne i det norske Bondesprog. I føreordet reflekterer Hallager over kva stode norsk, dvs. norsk talemål, har i høve til dei andre nordiske måla. Det er eit nedervt mål som bøndene har teke vare på, og som berre har vanta “Dyrkning ved Skrivter, for at blive et selvstændigt Sprog ligesaa vel som hine”. Det er plassert mellom dansk og svensk, og liknar mest på svensk. Dette målet kunne brukast til å gjera det rådande skriftspråket rikare, noko som vert drege fram i meldinga i Kjøbenhavnske lærde Efterretninger. Det ligg ingen tanke i boka om å byggja opp eit nasjonalt skriftmål. Til innleiing har Hallager ei grammatisk utgreiing, der norsk og dansk vert jamførde. Tillegget rommar ei samling norske viser, skrivne på dialekt. Visene til Edvard Storm tek størst plass, men det er òg tre viser frå Vestlandet, skrivne av anonyme forfattarar.

Ordsamlinga er på ca. 7000 ord. Dei er utan grammatisk markering, men skrivemåten er mykje betre enn i dei ordsamlingane han bygde på, i første rekkje Christen Jenssøns frå 1646 og Erik Pontoppidans frå 1749. Sjølv tok han med ord som han kjende frå Vestlandet. Tanken var at boka skulle vera allmenn for heile landet, men han hadde lite med frå dei nordlegaste landsdelane.

Ordboka hans vart nytta av Henrik Wergeland då han skulle “berige Sproget”, og Aasen kjende vel til Hallager. Vi må sjå på ordboka til Hallager som eit varsamt, men viktig steg fram mot dei store ordbøkene til Ivar Aasen.

Verker

  • Fransk Sproglære, tilligemed Læse- og Stiløvelser, København 1798
  • Lecture amusante et instructive, København 1800
  • Dissertatio inauguralis sistens nonnulla anatomica et physiologica circa placentam uterinam, dr.avh., København 1805
  • Norsk Ordsamling eller Prøve af Norske Ord og Talemaader. Tilligemed Et Anhang indeholdende endeel Viser, som ere skrevne i det norske Bondesprog, København 1802

Kilder og litteratur

  • Kjøbenhavnske lærde Efterretninger,nr. 22–23/1805 og nr. 52/1806
  • L. Sagen og H. Foss: Bergens Beskrivelse,Bergen 1824
  • Det bergenske Adresse-Contoirs Efterretninger,nr. 13, 12.2.1825
  • F. E. Hundrup: Biographiske Efterretninger om dem der ved Kjøbenhavns Universitet have erholdt de høieste akademiske Værdigheder,3. hf. Roskilde 1859
  • D. A. Seip: Norskhet i sproget hos Wergeland og hans samtid, 1914
  • G. Indrebø: “Målgransking på Vestlandet”, i Norsk Aarbok,nr. 11, 1930
  • D. A. Seip: biografi i NBL1,bd. 5, 1931
  • S. Madsen og O. Sollied: Medisinsk liv i Bergen. Festskrift i anledning av 100 års jubileet for Det Medicinske Selskap i Bergen,Bergen 1931
  • F. H. Blædel: Den dansk-norske slægt Hallager fra Vadum i Vendsyssel.København 1963
  • O. Monsson: “Språkvitskapen på 1700-talet: eit grunnlag for Ivar Aasen”, i SogS,nr. 1, 1996