Lars Fykerud

Spelemann. Foreldre: Hans G. Fykerud (1823–79) og Torbjørg Larsdotter. Gift med Anne Tveitan (f. 1851).

Far til Lars Fykerud, Gamle-Hans, var spelemann, og mora Torbjørg spelte sjøfløyte. Lars tok tidleg til å spele hardingfele, og tonar frå heime og frå andre utøvarar i Sauherad og Bø gav godt grunnlag. Seinare fekk han spel i Luraas-Gibøen-tradisjon av Knut Dahle i Tinn.

Alt i smågutalder spelte Lars Fykerud i samverer. Snart var han på marknader, t.d. Kongsberg-marknaden, og møtte spelemenn frå indre Buskerud. Han vann fyrste kappleiken i Bø 1888. 1890 drog han til USA og gjorde lukke med konsertar, men vart overfallen og rana og kom heim til Noreg 1900 med knekt helse.

Fykerud hadde næme øyro og god tame på fela og var like hag på spel i gamal tonalitet med “blåtonar” som på slåttar i durskala. Til den tid hadde spelemenn halde fela mot bringa og helst brukt korte, heimelaga bogar. Lars Fykerud la fela under haka og spelte jamt med fiolinboge; då fekk ein med seg fleire tonar i kvart strøk og større mål i fela.

Han likte å spele visetonar og bånsullar. Ved sida av Sjur Helgeland frå Voss var Lars Fykerud føregangsmann for konsertmusikk og runddansspel på hardingfele. Runddansspel (vals, reinlendar, polka, masurka) lærde han i møte med dansemusikkulturen i byane. Konsertspel sette andre krav til slåttar og framføring enn spel i dansesalen. Slåttane vart større, ombygde og stundom frigjorde frå danserytme og fekk namn knytte til segn og folketru. Mindre vellukka var “tonestykke” – eit slags programmusikk – helst potpurri av folketonar ifletta kurauting og fuglekvitter; føredømet for slikt avkom var vel “Sæterbesøget” av Ole Bull. Det meste av runddansspel og tonestykke etter Fykerud gjekk i gløymeboka.

Det var det “gamle” spelet, gangar og springar, Lars Fykerud gav slik livskraft. Han spelte slåttane på si eiga vis, skøytte på dei og fylte ut med nye vek (delar med eige tematisk innhald) og brigda og krota til tonelina på ymse måtar. Springarane ligg i god danserytme, gangarane kan vera rytmisk friare. Han heldt seg visst ikkje jamt til ei form, men brigda også eigne utformingar, så former av same slåtten i Fykerud-tradisjon kan vera svært ulike kvarandre.

Me veit ikkje med reine tal kor mange slåttar det kan leva i tradisjonen etter Lars Fykerud. Av dei som er mest nytta no, har han nok sett varande merke på m.a. Duft, Kjempehallingen, Vårlengt, Rosa, Sevlen, som er gangarar/hallingar, og springarane Livius Smitts minne, Markensmåndagen/Urjen, Fykeruden og Fjellrosa. Ingen av desse slåttane tykkjest han ha nyskapt frå botnen av.

Fanitullen, ein gamal halling, spela på trollstemd fele (A-e-a-ciss), kjend i dei fleste hardingfelebygder, gjorde Lars Fykerud til ein programmatisk lydarslått. Han fylte ut med rytmisk frie innleiingsvek, og den opphavlege hallingen vart til den dramatiske slutten. Denne forma av slåtten var vanleg mellom konsertspelemenn frå 1900 og frametter.

Duft (6/8 takt) byggjer på slåtteemne frå Telemark, Numedal og Hallingdal. I Rosa (2/4 takt) ser det ut til at han gjekk ut frå eit slåttestev, “Sud-Sauar-Jon”, eller frå ein gangar som Myllarguten hadde stelt til over same temaet. No kjenner me slåtten i to hovudutformingar: den Gunnulf Borgen spelte inn er framførd som ein danseslått, medan forma etter Svein Løndal er friare i rytme og har nokre “føretak” som minner om bånsull eller visetone. Dei to fyrste veka i Livius Smitts minne (eller Fykerudens minne) kan vera frå Krødsherad – etter Ola Kleiva (Gamle-Kleven), som kalla slåtten Prøva. Denne bolken, to ristetakvek i hilmestil (etter spelemannen Jørn Hilme), let Lars Fykerud stå ubrigda; so skøytte han på nokre rolegare vek, og slåtten feller seg godt inn i telestilen. Markensmåndagen/Urjen byggjer på eit par springarar som han hadde frå far sin. Markensmåndagen har ein i dag etter Svein Løndal, og enno meir storbygd i opptak med Gunnulf Borgen. Kor mykje dei la til av sitt eige, skal vera usagt, men båe hadde slåtten beinveges frå Lars Fykerud.

Fykerud fekk næme læregutar, som evla å gje desse store og vanskelege slåttane vengjefang, og det var eit aktivt miljø kring han. Særleg velkomen var han i spelemannsheimen på storgarden Borgja i Bø med Halvor Borgen og sønene Halvor og Gunnulf. I Tuddal kom fykerudslåttane i gode hender hjå Svein Løndal og sønene Olav, Kjetil og Einar. Frå dei gjekk spelet m.a. til Hauk og Knut Buen.

Kilder og litteratur

  • R. Berge: “Spelemenner”, i O. M. Sandvik og G. Schjelderup (red.): Norges musikhistorie, 1921
  • H. Braaten: Lars Fykerud, Notodden 1939
  • O. Gurvin (red.): Hardingfeleslåttar, 7 bd., 1958–81
  • A. Bjørndal og B. Alver: – og fela ho lét. Norsk spelemannstradisjon, Bergen 1966
  • K. Buen: “Som gofa spølå”. Tradisjonen rundt spelemannen Knut Dahle 1834–1921, Tuddal 1983
  • B. Aksdal og S. Nyhus (red.): Fanitullen, 1995
  • Torleiv Trykkerud (munnleg kjelde)

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.