Kitty Wentzel

Journalist og forfattar. Foreldre: Redaktør Samuel Frederik Bætzmann (1841–1913; sjå NBL1, bd. 2) og Karen Marie Prom f. Fougner (1840–1907; ho gift 1) 1863 med skodespelar Jacob Prom, 1831–65; sjå NBL1, bd. 11). Gift 17.5.1889 i Paris med kunstmålar (Nils) Gustav Wentzel (1859–1927).

Kitty Wentzel hadde eit fargerikt og omtumla liv, først som kunstnarhustru med eigne bilethoggardraumar i Paris og Noreg, seinare ei tid som guvernante i Amerika, skodespelar på noregsturné og journalist i Kristiania, til ho etter fylte 50 år slo seg ned som småbrukar og forfattar i Lom.

Ho var dotter til den markante redaktøren i Dagbladet og seinare i Aftenposten, Frederik Bætzmann; mora var frå Bergen og hadde vore skodespelar ved Den Nationale Scene. Dei første barneåra tilbrakte Kitty dels hos foreldra i Christiania, dels hos morforeldra i Bergen, dels hos farmora i Trondheim. Der byrja alvoret, med å lære seg skikk og bruk, m.a. å spela piano. Etter ei tid flytta ho attende til Christiania og byrja på den katolske skulen St. Sunniva.

Faren vart 1878 send til Frankrike som utanrikskorrespondent for Dagbladet og Aftenposten, og dottera byrja på St. Joseph-søstrenes skule i Paris. Kitty var ei oppvakt jente, lærte fort det nye språket og fekk vener på klosterskulen. Ho fekk òg oppleve viktige hendingar i fransk historie på nært hald. I erindringsboka Fra mitt livs karusell fortalde ho mange år seinare: “Der var nesten som en Landesorg i Frankrige da Victor Hugo døde.” Året var 1885, og katafalken stod under Triumfbuen i eit vell av blomar, medan franskmenn vandra forbi i to dagar og to netter for å vise si sorg. Hugo vart ein av hennar favorittar, ved sida av norske forfattarar som Bjørnson, Ibsen, Kielland og Lie; desse var vener av familien Bætzmann, og for Kitty varte kontakten med fleire av dei så lenge dei levde.

Kitty ville slå inn på ein kunstnarkarriere, og etter mye mas på foreldra fekk ho byrje i bilethoggarlære hjå den svenske bilethoggaren Per Hasselberg. Han såg at ho hadde talent og bad henne søkje seg inn på Académie Colarossi i Paris for å lære teikning. Der møtte ho mange europeiske kunstnarar, m.a. Henri de Toulouse-Lautrec; to av Kittys morbrør var gifte med kvar sin slektning av den franske kunstnaren. Av han fekk Kitty to japanske silketrykk, som ho tok godt vare på. Ho møtte også kunstnarar frå Noreg, m.a. Erik Werenskiold, Eyolf Soot, Jo Visdal, Halfdan Strøm, Kalle Løchen, Oskar Lærum og Gustav Wentzel, som ho gifta seg med 1889.

Etter bryllupet reiste Kitty og Gustav Wentzel heim til Noreg for å teikne og måle. Dei busette seg i Kristiania, og der vart den eldste sonen Jørgen fødd. Frå hovudstaden reiste dei på fleire turar til Gustavs besteforeldre på Grepperud gård i Høland. Mange måleri vart til i dette miljøet. 1892 busette dei seg i Asker, der dei fekk mange gode vener, m.a. Hulda og Arne Garborg og Tilla og Otto Valstad, venskap som varte livet ut.

Livet i Kunstnerdalen vart ei innhaldsrik tid for Kitty Wentzel, på både godt og vondt. Ekteparet sleit tungt økonomisk, og 1901 måtte dei selja huset. 1908 fann dei i fellesskap ut at det var rett å gå kvar sin veg og tene til livets opphold. Gustav Wentzel fekk seg atelier på Borgen i Asker og fortsette med målarkunsten sin. Kitty skulle skrive. Ho reiste med yngste sonen Bjørn til USA for å prøve å selje måleri for ektemannen, samtidig som ho var guvernante i ein amerikansk familie, der ho skulle lære ungane fransk. Opphaldet i Amerika varte i eit år.

Etter heimkomsten til Noreg vart Kitty Wentzel med som skodespelar når Hulda Garborg turnerte med spelstykkje som Varg i Veum, Ervingen og Rasjonelt fjøsstell. Kitty var ikkje så god i nynorsk, så ho måtte ta timar for å lære replikkane hjå Arne Garborg. Ho trivdest med turnélivet, men måtte slutte da ho vart tilsett som journalist i Verdens Gang 1913. Gjennom Hulda og venene i Asker lærde Kitty mykje. Dei arbeidde for å fremje røysterett for kvinner og likeverd mellom kjønna og mellom ulike nasjonar og folk.

I tida i Asker var familien Wentzel ofte på reise til norske dalføre, fyrst til Setesdal og Hallingdal, seinare til Vågå og Lom i Gudbrandsdalen. Kitty måtte gje opp draumen om å verta bilethoggar; ho tok seg av familien og la til rette for turane og det praktiske arbeidet. Men innimellom teikna ho frå der dei budde for å bruke som dokumentasjon. Ho modellerte òg portrett av sønene i den fyrste tida i Asker.

Kitty Wentzel arbeidde som journalist i Verdens Gang 1913–17 og deretter i Ørebladet til 1924. Samstundes skreiv ho artiklar til vekebladet Urd og andre blad. 1915 reiste ho for Urd til Petrograd i Russland, der ho skildra livet i den krigsramma byen. 1918 var ho redaktør i vekebladet Hjemmenes Vel.

Etter nokre år gjekk vegen til Ottadalen att. Eldste sonen Jørgen vart gift med ei jente frå Skjåk. Dei kjøpte plassen Høgbrenna i Flatmogrenda i Lom og flytta dit 1915. Gustav Wentzel flytta etter og kjøpte seg hyttetomt; hytta stod ferdig 1918. Året etter fekk han og sonen kjøpt ein eigedom, Furuheim, to kilometer lenger ned i Liagrenda, der dei bygde seg atelier med utsyn til Lomseggen. Yngste sonen Bjørn og hans tyskfødde kone var dansarar og reiste rundt i Europa på turné. Dei busette seg i Høgbrenna etter broren i 1920-åra. Saman med Bjørn kjøpte Kitty Wentzel 1923 småbruket Haukdalen ein kilometers veg ovafor Furuheim, og slik vart heile familien Wentzel bufast i Lom.

I Haukdalen fekk Kitty Wentzel på ny ro til å skrive, men det vart berre tre bøker. 1925 gav ho saman med Øvre Richter Frich ut Bordets glæder, ei sjarmerande og fargerik bok om mat og matkultur frå mange land. 1926 var ho ei tid i Frankrike som korrespondent for Aftenposten. 1956 skreiv ho boka om Gustav Wentzel og hans kunstnarliv, og 1960 kom erindringsboka Fra mitt livs karusell.

Kitty Wentzel var oppteken av menneska og deira levekår. I Lom kom ho til ei isolert grend, utan veg og utan bru over elva. Ho hadde stor respekt for bygdefolket, der dei budde på sine små bruk med mange born, flinke folk som klarte seg godt i det daglege arbeidet. Men ho førde òg med seg noko nytt, som var spanande og interessant for folket her. Kunst og kultur stod hennar hjarte nær. “Der et folk ikke tar vare på sin kulturhistorie, mister de sin identitet,” skreiv ho ein gong i ei av dagbøkene sine. Samstundes hadde ho blikket retta ut mot andre kulturar.

Kitty fekk mange vener i Lom og i Liagrenda. Det store høgdepunktet kvart år var når ho samla slekt og vener til selskap i hagen i Haukdalen, med blomane i fullt flor, sjølvplukka salat og sjølvdyrka grønsaker, lammefrikassé og kylling med sopp på bordet og heimelaga vin i glasa. Då var stemninga på topp. Dette var Kitty på sitt beste, med venene rundt seg, og diskusjonen gjekk lystig. Ho vart ikkje bilethoggar, slik ho drøymde om som ung i Paris, men livskunst vart hennar varemerke: Ho spreidde kunnskap og glede rundt seg.

Kitty og Gustav Wentzel er båe gravlagde ved Lom stavkyrkje.

Verker

  • Bordets glæder. Mat og vin til hverdag og fest (sm.m. Ø. Richter Frich), 1925 (faksimileutg. Lom 2004)
  • Gustav Wentzel, 1956
  • Fra mitt livs karusell, 1960

    Etterlatne papir

  • Kitty Wentzels dagbøker finst i p.e. (Aa. Marstein) og ved UBO

    Lyd- og bildepresentasjonar

  • Fjernsynsprogram (Ottar Odland intervjuar Kitty Wentzel i Haukdalen), NRK, august 1958

Kilder og litteratur

  • Kitty Wentzels eigne bøker (sjå ovafor, avsnittet Verk)
  • B. Ring: “Kitty Wentzel 70 år”, i Urd 1939
  • R. Kvaale: artikkel i Norsk Ukeblad 5.7.1961
  • d.s.: Kvinner i norsk presse, 1986, s. 82–86

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Gustav Wentzel, 1890; p.e
  • Måleri (Kitty Wentzel modelleler sonen Jørgen) av Gustav Wentzel, 1893; TKM
  • Teikning av Øyvind Sørensen; gjengitt i Aftenp. 11.9.1952

    Fotografiske portrett

  • Gruppeportrett (frå klosterskulen i Paris) av ukjend fotograf, ca. 1880; p.e
  • Portrett (sm.m. Henri de Toulouse-Lautrec, morbrørne J. E. og B. Fougner og deira koner) av ukjend fotograf, ca. 1885; p.e
  • Portrett (heilfigur) av Torodd Kvaale, 1960; trykt i Kvaale 1986 (sjå ovafor, avsnittet Kjelder), s. 83

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.