Faktaboks

Jonas Smitt
Fødd
20. mai 1836, Nordre Land, Oppland
Død
28. mars 1905, Kristiania
Verke
Landbruksdirektør
Familie
Foreldre: Kapellan, seinare sokneprest og prost Anton Elias Smitt (1805–75) og Livia Gundelle Margrethe Sverdrup (1808–40). Gift 28.1.1874 i Froland med si kusine Livia Gundelle Margarethe Sverdrup (13.7.1843–29.3.1925), dotter til forvaltar ved Frolands verk Georg Fredrik Sverdrup (1809–84) og Anna Cathrine Thurmann (1814–94). Dotterson til Jacob Liv Borch Sverdrup (1775–1841); bror til Jakob Sverdrup Smitt (1835–89; sjå NBL1, bd. 14) og Livius Smitt (1840–90; sjå sst.); systerson til Johan Sverdrup (1816–92); fetter til Jakob Liv Rosted Sverdrup (1845–99), Harald Ulrik Sverdrup (1846–1916; sjå NBL1, bd. 15) og Edvard Sverdrup (1861–1923); onkel (fars halvbror) til Anton Elias Smitt (1883–1970; sjå NBL1, bd. 14).

Jonas Smitt hadde ein nøkkelposisjon i norsk jordbruk og jordbrukspolitikk som landets første landbruksdirektør frå 1877 til sin død.

Av helseårsaker var Smitt i fleire ungdomsår heime på prestegarden på Voss, dit familien flytte 1852, då faren vart sokneprest der. Gjennom praktisk arbeid fengde interesse for jordbruk den unge Jonas. Morfaren Jacob Sverdrup, som grunnla den første landbruksskulen i landet på Sem i Vestfold 1825, vart også eit føredøme for han. Hausten 1859 byrja han som elev ved det første kurset ved Den høiere landbruksskole på Ås og tok eksamen 1861 med utmerking. I sommarhalvåret 1862 og 1863 var han tilsett som drensmeister i Selskapet for Norges Vel, på vinterstid heldt han fram med naturvitskaplege studiar. 1863 løyvde Selskapet han eit stipend på 500 spesidalar til landbruksingeniørstudiar i utlandet. Etter opphald i Danmark, Sverige og Storbritannia vart han våren 1866 offentleg tilsett som den første landbruksingeniøren i landet.

På initiativ frå Smitt vart eit landbrukskontor oppretta i Indredepartementet 1874. Han vart sjølv tilsett som konsulent og fekk samstundes plass som omframt medlem av direksjonen i Selskapet for Norges Vel. Denne ordninga heldt fram også etter 1877, då konsulentstillinga vart oppgradert til direktørstilling. Frå 1874 gjekk alle landbrukssaker i departementet gjennom kontoret hans, det vil seia han personleg: Fram til 1893 arbeidde han åleine, utan sekretær. Vesentlege føresetnader for at han skulle kunna vera på høgd med dei utfordringane den veksande saksmengda stilte, var stor arbeidskapasitet, systematikk i arbeidet med oppgåvene og tydeleg målorientering. Smitt tilfredsstilte desse krava til fulle.

At framgang og utvikling i næringa hadde grunnlaget sitt i naturvitskapleg forskingsinnsats, såg han som sjølvgjeve. Kampen om parlamentarisme og regimeskiftet 1884, då onkelen vart statsminister, hadde ikkje direkte følgjer for Smitt sin fagposisjon. Den første tida i embetet var han uavhengig av årlege godkjenningar frå Stortinget og tok sjølvstendige avgjerder som fagsjef i departementet. Men vilkåra kom i endring. Med større parlamentarisk makt etter 1884 voks det fram eit tenestemannsideal med vekt på lojalitet og smidig evne til å retta seg etter skiftande politiske krav og føremål. Dette stilte den ansvarsvillige og saksorienterte embetsmannen Smitt overfor nye forventningar og utfordringar.

Ved fleire høve kom han i konflikt med Landbruksnemnda i Stortinget, som vart etablert 1889. Då det tidleg i 1890-åra kom framlegg om eit eige departement for landbruket, markerte Smitt motstand. I det minste ville han at direktoratet skulle ha ei fri stilling i tilhøvet til eit framtidig departement, for å unngå “afbrydelse i landbrugsarbeidets kontinuitet”, som han uttrykte det. Då vedtaket om skipinga av Landbruksdepartementet kom ved utgangen av 1899, vart den tidlegare uavhengige eksperten vengeklipt.

Av dei større saksfelta Smitt engasjerte seg på, hadde husdyrbruket heile tida høg prioritet. Han engasjerte seg i avlsarbeidet, for fesjå, skiping av kontrollforeningar m.m. Også fagutdanninga kom i fremste rekke. Frå 1874 førte han ein fast kamp for gjenreising og styrking av landbruksskular og for utvikling av landbrukshøgskulen. Han hadde ei leiande hand med i førebuing og skiping av fagskular i meieristell, skogbruk og hagebruk, liksom med hagebrukslina ved høgskulen frå 1887. Engasjementet for hagebruket viste seg dessutan ved at Smitt var medstiftar av Selskabet Havedyrkningens Venner (no Det norske hageselskap) 1884. Han var formann for selskapet frå skipingstidspunktet til 1905, det året han gjekk bort.

Jonas Smitt var formann i Akershus Amts Landhusholdningsselskab 1876–96 og medlem av Kungl. Svenska Lantbruksakademien frå 1887. Han fekk kong Oscar 2s gullmedalje for norsk landbruk 1877 og vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1887 og til kommandør 1897. Han var òg kommandør av Dannebrogordenen og den svenske Vasaorden og riddar av den svenske Nordstjärneorden og den nederlandske Løveorden.

Verker

    Eit utval

  • Det norske Landbrugs Historie i Tidsrummet 1815–1870, 1874 (3. utg. Norges Landbrug i dette Aarhundrede, 1883)
  • Om offentlige Foranstaltninger til Landbrugets Fremme, 1877
  • Om den høiere Landbrugsskole i Aas, 1879
  • Om Grundeiendommens Udstykning og dennes Betydning for vort Jordbrug, 1889
  • Landbrugets Økonomi og Forholdet til Aasædesretten, 1893
  • Om Racedannelsen og Valg af Racer og Avlsdyr, i Tidsskrift for det norske Landbrug 1896, s. 117–200
  • Om Arbeiderforholdene i Landbruget, 1897
  • Sjå elles verkliste i NFL, bd. 5, 1901, s. 351–354

Kilder og litteratur

  • O. Klokk: Det norske landbruk siden omkring 1750, 1920
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • K. Dahl Jacobsen: Teknisk hjelp og politisk struktur. En studie av norsk landbruksforvaltning 1874–1899, 1964
  • R. Slagstad: De nasjonale strateger, 1998
  • M. Stubsjøen (red.): Vekst og vern. Det kongelige landbruksdepartement 1900–2000, 2000
  • B. Gjerdåker: Kontinuitet og modernitet, bd. 3 i Norges landbrukshistorie, 2002