Johannes Skraastad

Treskjerar og snikkar. Foreldre: Faren var bonde Lars Mogensen Skraastad; moras namn er ikkje kjent. Gift med Anne Jakopsdotter (ca. 1647–1729).

Johannes Skraastad blir rekna som den fremste av dei treskjerarane – eller bilethoggarane som dei vart kalla – som skar bruskbarokk på Hedmarken og ein stilspreiar for bruskbarokken på det indre Austlandet.

Skraastad leigde garden Skråstad i Vang frå 1685 og vart sjølveigar 1696. Han betalte handverksskatt i åra 1682–88, men sa frå seg handverket 1689 på grunn av gardsdrifta. Han har truleg drive handverk også seinare.

Dei første læreåra sine hadde Skraastad truleg hos Jens Andkvern i Furnes. Begge bygde stilmessig på den eldre christianiaskolen i treskjering, der den fremste meisteren truleg var Johan Reinholdt. Både i ornamentikken og i figurstilen baserte Skraastad seg på forgjengarane sine og utvikla seg nokså uavhengig av internasjonale straumdrag. Karakteristisk for skurden hans er ein spinkel, ofte gjennombroten og konturprega bruskbarokk (etter forma på øyrebrusken), der det kan vere tilløp til rankedanningar. Han la vekt på dekorativ heilskap med forenkling av figurar og ornamentikk. Skraastad står ikkje særleg høgt handverksmessig, men har ei dekorativ kjensle i pakt med tradisjonar i bygdekunsten.

Det har vore vanskeleg å dokumentere sikkert kva for arbeid som er gjort av Skraastad. Vi veit at han var meister for altartavla i Vågåkyrkja, preikestolen i Romedal kyrkje og altartavle og preikestol i Gjerdrum kyrkje, som Skraastad endå ikkje hadde fått oppgjer for da han døydde. Reidar Revold gjorde ei stilkritisk samanlikning av arbeida etter Skraastad og har meint å kunne tilskrive Skraastad fleire av dei arbeida i kyrkje- og profankunsten frå denne tida som enno er til, ikkje berre på Hedmarken og i Gudbrandsdalen, men også i Østerdalen og Trysil, på Romerike og Ringerike. Dette gjeld altartavle og preikestol i Nordre Osen kyrkje i Åmot frå 1674, altartavlene i kyrkjene i Øvre Rendal, Folldal, Sel, Elverum (no i Tørberget kapell), Tomter, Hof, Ringebu, Veldre, Våler og Norderhov, Dovre og Heni (udaterte). Desse meiner ein skriv seg frå Skraastad og verkstaden hans.

Johannes Skraastad blir rekna som den siste representanten for bruskbarokken. Da christianiatreskjeraren Lars Borg dei første åra inn på 1700-talet tok til å lage kyrkjeinventar på Hedmark og i Gudbrandsdalen, var det den nye akantusstilen som slo gjennom og vart dominerande.

Verker

    Sikre verk

  • Altartavle i Vågåkyrkja, 1674
  • preikestol i Romedal kyrkje, 1675, NF
  • altartavle og preikestol i Gjerdrum kyrkje, før 1700

    Usikre verk

  • Altartavle og preikestol i Nordre Osen kyrkje i Åmot, 1674
  • altartavle i Øvre Rendal kyrkje, 1675?
  • altartavle i Folldal kyrkje, 1676
  • altartavle i Sel kyrkje, 1681
  • altartavle i Elverum kyrkje, 1686 (nå i Tørberget kapell)
  • altartavle i Tomter kyrkje, 1686
  • altartavle i Hof kyrkje, 1686
  • altartavle i Ringebu kyrkje, 1686
  • altartavle i Veldre kyrkje, 1694
  • altartavle i Våler kyrkje, 1697
  • altartavle i Norderhov kyrkje, u.å.
  • altartavle i Dovre kyrkje, u.å.
  • altartavle i Heni kyrkje, u.å

Kilder og litteratur

  • R. Hauglid: Akantus, bd. 3, 1950, s. 176
  • H. Bleken-Nilssen: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • E. Gaukstad: biografi i NKL, bd. 3, 1986

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.