Johan Randulf Bull

Jurist og embetsmann. Foreldre: Kaptein Jørgen Andreas Bull (1703–64) og Dorothea Catharina Wandal Randulf (1716–63). Gift 19.4.1782 med Mette Johanne Colbjørnsen (15.6.1753–18.8.1810), dotter av regimentskvartermeister Colbjørn Jacobsen Colbjørnsen (1714–61) og Anna Dorothea Røring (1710–72). Bror til Johan Lausen Bull (1751–1817); far til Georg Jacob Bull (1785–1854; sjå NBL1, bd. 2); farfars far til Edvard Isak Hambro Bull (1845–1925); farfars bror til Ole Bornemann Bull (1810–80), Knud Geelmuyden Bull (1811–89) og Georg Andreas Bull (1829–1917).

Johan Randulf Bull organiserte den norske Høgsterett hausten 1814 og var den første justitiarius der 1814–27. Gjennom sitt arbeid sikra han Høgsterett si uavhengige stilling som “den tredje statsmakt”.

Bull nedstamma frå den trønderske presteslekta Bull, med røter tilbake minst til 1580. Han var fødd på farsgarden Rein, men frå 1757 budde han hos moster si, som var gift med kapellanen i Fosnes i Ytre Namdalen. Her fekk han bli etter at foreldra hans døydde, og blei undervist av mannen til mostera inntil han 1768 blei elev ved katedralskolen i Trondheim. Han må tidleg ha stifta kjennskap til forsøka på å innlemme den norrøne arven i det klassiske helteuniverset, for 1769 finn vi han oppført med foredraget “Om Othins Krigs og Statsbedrifter”.

Sjølv om Bull aldri blei nokon typisk norsk kraftpatriot, viser dette vegen fram mot Det norske Selskab, som skulle prege Bull sin tenkjemåte og venskapskrins gjennom heile livet. Etter at han var immatrikulert som student ved universitetet i København 1770, blei han snøgt ein velkjend figur i Madam Juuls kaffehus i Sværtegade, der Det norske Selskab held til gjennom “gullalderen” i 1770-åra. Bull blei ein nær ven av Johan Herman Wessel og beundra diktekunsten hans. Det var den fysisk robuste Bull sin kraftige pannebrask som fekk Wessel til å dikte eit lite vers, der uttrykket “Nei, der skal Kugle til en Thrønder” har sitt opphav. Dei hadde vore på bekkasinjakt på Jylland og ein jyde hadde skote hagl i hatten på Bull.

På uroppføringa av Wessel sitt stykke Kierlighed uden Strømper 1772 spelte Bull figuren Mads, og han blei rost for si vellukka samansmelting av rolla som handverkssvein og helt. Sjølv om franske opplysningsfilosofar, m.a. Voltaire, var Bull sin kjæraste lesnad, var det den “edle Simpelhed” i den rasjonalistiske klassisismen og ikkje revolusjonsidear som prega Bull sin tenkjemåte og stil. Dette hindra ikkje at ein seinare kollega, stiftamtmann F. J. Kaas, rekna han som ein mann med liberale idear og “stærkt anstukne af den nyere Philosophi”. Som døme kan nemnast at både Johan Randulf Bull og særleg bror hans, magistratspresident Johan Lausen Bull, var sympatisk innstilte til Hans Nielsen Hauge, og letta soningstilhøva hans i dei åra han satt fengsla i Christiania.

Etter latinsk juridisk eksamen 1779 fekk Bull 1782 stillinga som justissekretær ved Overhofretten i Noreg, og forlet dermed Danmark for godt. Same året gifta han seg med Mette Johanne Colbjørnsen, syster til Christian og Jacob Edvard Colbjørnsen. Begge desse to nordmennene følgde etter kvarandre som justitiarius ved den dansk-norske Høiesteret.

Frå 1791 fungerte Bull som lagmann ved Tønsberg og Fredrikstad “Laugstol”, men etter at dette embetet vart lagt ned, blei han 1794 justitiarius i Overhofretten i Christiania. Bull skulle bli den siste justitiarius i denne domstolen, som 1797 – saman med lagstolane – blei erstatta av fire kollegiale stiftsoverrettar. Bull blei utnemnd til justitiarius i Akershus stiftsoverrett og sat i denne stillinga fram til 1802, da han – utan å ha søkt – blei utnemnd til stiftamtmann i Bergen og amtmann i Søndre Bergenhus.

Bull gjorde eit solid stykke arbeid i å organisere forsvaret av Bergen i krigen med Storbritannia 1807, men han blei frå enkelte hald kritisert for å vere veik under strileopprøret i Bergen i juli 1814. I september same året reiste han til Christiania for å organisere den nye norske Høgsteretten. Statsrådet hadde utnemnd han til justitiarius for den nye øvste domstolen i landet, og etter opninga 30. juni 1815 var det i all hovudsak etter Bull sine forarbeid til provisorisk instruks at domstolen kom til å fungere dei første åra.

Bull ble rekna som ein klok og jordnær dommar, fri frå dogmatisk tenkjing og gold formalisme. I rettssaka mot ein del av dei høgare offiserane lot han seg til dømes ikkje rive med av folket sitt krav om syndebukkar etter det mislukka felttoget i 1814. Sjølv om Bull forsvarte Høgsterett si uavhengige stilling både andsynes regjeringa og Stortinget, var han fri for politiske ambisjonar og kom godt ut av det med Karl Johan.

Fransk åndsliv var Bull sin store lidenskap, og han talte språket flytande. Han var ein “ægte Cavaler efter gammel fransk Typus”. Det norske Selskab i perioden da Johan Herman Wessel sette tonen, var hans intellektuelle heim, og 1817 tok han saman med Nicolai Erik Arbien og Niels Treschow initiativ til å gjenopprette Det norske Selskab i Christiania. Bull var dette selskapet sin første formann.

Bull var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1818, og same året fekk han kommandørkorset av Nordstjärneorden i samband med kroninga av Karl Johan i Trondheim. Frå 1811 var han riddar av Dannebrogordenen.

Johan Randulf Bull fekk etter helseproblem avskil som justitiarius i Høgsterett 1827, og han flytta til sonen, Georg Jacob Bull, i Larvik, der han døydde 1829. Georg Jacob Bull kom seinare til å følgje i farens fotspor, både som stiftamtmann i Bergen (1829–34) og som justitiarius i Høgsterett (1836–54).

Verker

    Trykt materiale

  • Dissertatio de cultu matheseos apud Romanos, København 1771
  • Dissertatio de judiciis Romanorum, 3 deler, København 1772–74

    Etterlatne papir

  • Bull sin sjølbiografi frå 1811 (året han fekk Dannebrogordenen) er tapt, truleg ved brannen på Christiansborg slott i København 1884, men han har nok vore kjend av N. R. Bull då denne skreiv si stamtavle over Bull-slekta (sjå nedanfor)

Kilder og litteratur

  • N. R. Bull: Stamtavle over den trønderske Slægt Bull, 1886, s. 86ff.
  • S. H. Finne-Grønn: biografi i NBL1, bd. 2, 1925
  • J. S. Bull: Den trønderske slekt Bull, 1938, s. 214–220
  • T. Bull: Høiesterettsjustitiarius Johan Randulf Bull, 1949

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Silhuett, truleg av W. H. Christie, 1807; p.e
  • Måleri (brystbilete) av Jacob Munch, 1818
  • Byste (bronse) av Jens Munthe Svendsen, 1915; Høgsterett, Oslo

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.