Jens Holmboe - 1

Embetsmann. Foreldre: Proprietær og verkseigar Hans Holmboe (1721–56) og Birgitte Marie Ziegler (1723–78; ho gift 2) 1757 med Paul Holst Irgens, 1725–84). Gift 7.8.1783 med Anna Margrethe Irgens (2.4.1766–17.10.1851), dotter til sokneprest Johannes Irgens (1723–82) og Anna Margrethe Borchgrevink (1727–98). Far til Hans Holmboe (1798–1868); farfar til Jens Holmboe (1821–91) og Conrad Holmboe (1828–1923); brorson til Otto Holmboe (1710–73; sjå NBL1, bd. 6).

Jens Holmboe var fut i Senjen og Tromsø fogderi på slutten av 1700-talet, og namnet hans er uløyseleg knytt til nyryddinga av og innvandringa til Målselv og Bardu på denne tida.

Holmboe var fødd på Lesjaverk, som far hans hadde teke over frå verfar sin. Faren døydde då Jens var berre fire år gamal, og mora gifta seg opp att med direktøren på Folldals kopparverk, Paul Holst Irgens. Jens Holmboe tok dansk juridisk eksamen 1776 og blei immatrikulert ved universitetet i København 1777, men han tok aldri latinsk juridisk eksamen. Før han reiste til København, hadde han i eit års tid (1773–74) vore fullmektig hos amtmann Even Hammer i Molde, og deretter var han skrivar i Finanskollegiet i København 1775–81. Under opphaldet sitt i København var han medlem i Det Norske Selskab, men det er ikkje kjent om han spela noka aktiv rolle der.

Holmboe blei utnemnd til fut i Senjen og Tromsø fogderi 1781 Han blei dømd frå dette embete 1800 på grunn av uorden i rekneskapa. Frå 1787 og til han døydde var han dessutan misjonskasserar for heile Nord-Noreg. 1785 kjøpte han garden Ervik i Trondenes, der han budde resten av livet. Denne garden dreiv han og kona fram til eit mønsterbruk.

Alt da Holmboe kom nordover 1781, fekk han høyre om dei store skogsområda på innlandet, og 1783 reiste han på befaring til Bardu med ein svensk flyttsame som vegvisar. Dette blei ei svært viktig oppleving for Holmboe; han følte at han hadde oppdaga nytt land, ein ny provins som han ville vere med på å utvikle. To år seinare, i 1785, gjorde han ei ny og lengre reise til Bardu og Målselv. Etter dette tok han kontakt med Rentekammeret i København; han fortalde om “oppdaginga” si og meinte at dette “nye” området kunne bli til eit nytt kyrkjesokn.

Parallelt med at han var i kontakt med styresmaktene i København, fekk Holmboe nyrydningsfolk til å setje i gang med å rydde jord. Som den entreprenøren han var, tok han seg delvis til rette utan godkjenning frå styresmaktene, og han hjelpte dei første bureisarane økonomisk. Interessant nok var dei første nybyggjarane nordlendingar, først og fremst helgelendingar, trass i at Holmboe sjølv meinte at nyrydningsmennene burde komme frå Sør-Noreg, for nordlendingane hadde ikkje hug til anna enn å drive fiske. Det var først etter 1790 at innvandringa frå Østerdalen og Gudbrandsdalen tok til.

Holmboe var ein typisk representant for opplysningstida – initiativrik, optimistisk og levande oppteken av alle slags praktiske tiltak, anten det galdt landbruk, fiskeri eller teknologi generelt. Den ideologiske bakgrunnen hans var utvilsamt den generelle interessa i samtida for rasjonelt drive jordbruk. Han bygde på teoriar som framheva jordbruket som primærnæring og grunnlag for anna næringsverksemd. Dette representerer starten på det vi kan kalle moderne agrarvitskap. Det er truleg òg rett å vurdere Holmboe mot eit førromantisk bakteppe, der Rousseaus attende-til-naturen-ideologi er eit sentralt islett i vevnaden. 1801 fekk han gullmedalje frå Det kgl. danske Landhuusholdningsselskab for arbeidet sitt med å utvikle jordbruket.

Jens Holmboe har i ettertida fått hovudæra for norsk busetnad i Målselv og Bardu. At området representerte viktige flyttvegar for svenske reindriftssamar som brukte kystområda i Nord-Noreg til sommarbeite, har først i dei seinare åra fått feste i historieskrivinga frå dette området. Holmboe og hans samtid hadde ikkje blikk for dei konsekvensane nyrydningsverksemda hadde for samane og reindrifta. Holmboe døydde på Ervik 1804. Han har ei vidt forgreina slekt etter seg i Nord-Noreg.

Verker

  • Tale til Beboerne i Bardu-Colonie i Tromsens og Senjens Fogderier, Trondheim 1801

Kilder og litteratur

  • Biografi i Ehrencron-Müller, bd. 4, 1927
  • A. Coldevin: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • G. F. Holmboe: Slekten Holmboe, 1944
  • A. Kiil: Målselv bygdebok, bd. 1, Målselv 1982

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (brystbilete) av Christian August Lorentzen, ca. 1785; p.e.; gjengitt i Slekten Holmboe (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 60

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.