Faktaboks

Jens Chr. Hauge

Jens Christian Hauge

Fødd
15. mai 1915, Kristiania (nå Oslo)
Død
30. oktober 2006, Oslo
Verke
Jurist, motstandsleder og politiker
Familie

Foreldre: Fullmektig Johan Marius Hauge (1872–1940) og lærer Karen Johanne Aas (1876–1956).

Gift 1) 2.9.1938 med Anna Sophie Dedekam (28.2.1913–2.3.2005), datter av skipsreder Peter Dedekam (1874–1957) og Aagot Sørensen (1883–1971), ekteskapet oppløst 1958; 2) 1958 med sosialkurator Liv Elisabeth Sjøberg f. Grannes (28.6.1918–30.11.2004), datter av skolebestyrer Jørgen Albert Grannes (1879–1963) og sekretær Emilie Anette Vedde (1882–1971).

Jens Chr Hauge

Foto 1988. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Jens Chr Hauge
Av /NTB Scanpix ※.

Jens Chr. Hauge i 1988. Foto: Rolf Øhman / Aftenposten

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Jens Chr. Hauge var motstandsmann, politikar og advokat. Hauge var under andre verdskrigen leiar for Milorg, den militære delen av Heimefronten. Etter krigen var han forsvarsminister, justisminister og ein viktig industripolitisk strateg i Arbeidarpartiet.

Alt i januar 1943, berre 27 år gamal, vart han den øvste leiaren for Milorg-styrkane, som ved slutten av krigen talde 40 000 mann. Han heldt nær kontakt med dei norske styresmaktene i eksil. I 1944 var han to gonger i London.

I 1945 gjekk Hauge inn i politikken, først som sekretær for statsminister Einar Gerhardsen. Då Gerhardsen skipa rein arbeidarpartiregjering i november 1945, vart Hauge forsvarsminister, ei stilling han hadde til januar 1952. Etter ein periode på partikontoret var han justisminister frå januar til november i 1955. Som statsråd og nær politisk medspelar for Gerhardsen i gjenreisingstiåret og som strateg, tilretteleggjar og forhandlar i nasjonalt viktige forskings- og industriprosjekt forma Hauge viktige felt i den samfunnsmodellen som seinare kritikarar har kalla «arbeidarpartistaten».

I åra som følgde kombinerte han advokatpraksis med viktige strategiske samfunnsoppgåver. Han var den første styreleiaren i Statoil og hadde styreverv mellom anna i SAS, Kongsberg Våpenfabrikk, Raufoss Ammunisjonsfabrikker og Tandbergs Radiofabrikk. Hauge engasjerte seg òg i kulturlivet, til dømes ved etableringa av Fritt Ord og som styreformann for Nationaltheatret.

Jens Chr. Hauge spelte ei sentral rolle i norsk samfunnsliv i meir enn 40 år. Han markerte seg som ein av dei mest viljesterke, velartikulerte og handlingskraftige representantar for den generasjonen som, med utgangspunkt i skilsetjande verdival og erfaringar under krigen, moderniserte Noreg i sosialdemokratisk ånd.

Bakgrunn

Hauge veks opp saman med ein fire år eldre søster i ein middelklasseheim på Ljan i dåverande Aker. Faren kom frå husmannsplassen Hauge under det gamle storgodset og trelastføretaket Sanne og Soli Bruk i Østfold; som enkelte andre oppvakte husmannsgutar kom han inn på underoffiserskula og blei seinare forsikringsfullmektig i Storebrand. Mora kom frå storgardsmiljø i Bærum, var utdanna lærar og arbeidet ved Ljan skule.

Etter examen artium i 1933 gjekk Hauge ivrig i gang med å studere jus. Han hadde treft yrkessvala sitt: Han ville bli lærar som mor si, men faget hans skulle vere rettsvitskap, og han sikta mot ein akademisk karriere. Etter fire års studiar tok han embetseksamen, 22 år gammal, med så gode resultat at professor Ragnar Knoph, den lysanden juridiske begavelsen i tida, rekrutterte han som assistent. Ein annan radikal venstremann og jurist, trustkontrolldirektør Wilhelm Thagaard, interesserte seg òg for Hauge, som fekk viktige impulsar frå dei begge, med Ragnar Knoph som eit varig førebilete.

Utanom studiane arbeidde Hauge om sommaren som reiseleiar for å lære seg å meistre verdsspråka. Som ein sosialt innretta person blei han òg formann i studentforeininga for juristane og var ikkje minst aktiv i idrettsmiljøet til studentane, med både nasjonal og internasjonal stemnedeltaking og med hytteliv i Nordmarka som eit viktig innslag. I dette miljøet knytte Hauge vennskapsband som fekk mykje å seie for hans seinare verke, både i motstandsrørsla og i politikken.

Motstandsleiaren

Jens Chr. Haugast offentlege liv kan delast inn i tre fasar. Den første handlar om motstandsarbeid innanfor Milorg gjennom det meste av okkupasjonstida, den andre om aktivitet i sentrum av det politiske livet i tiåret som følgde, og den tredje består av arbeid for industriell utvikling i skjeringspunket mellom offentleg og privat sektor gjennom resten av eit langt yrkesliv som høgsterettsadvokat. Til ein viss grad glir desse fasane over i kvarandre, og det kan sporast klare samanhengar mellom dei.

Hauge hadde ingen militær bakgrunn og tok ikkje del i kampane i samband med den tyske invasjonen i 1940. Dei første krigsåra heldt han førelesingar i jus ved Universitetet i Oslo. Der kom han med ein del ironiske kommentarar om NS og tyskarane. Han vart innrapportert av NS-studentar og sat 80 dagar i fengsel hausten 1941.

Milorg

Hauge kom med i det organiserte motstandsarbeidet jula 1941 på ein karakteristisk måte. I samråd med vennen sin Helge Sivertsen tok han kontakt med Knut Møyen, som dei kjende godt frå idrettsmiljøet til studentane. Møyen var aktivt engasjert i gjenoppbygginga av Milorg på Austlandet etter omfattande opprullingar frå Gestapos side i 1941. Han gjorde Hauge til sin «usynlege» avløysar og lærte han opp. Då Møyen måtte rømme til Sverige eit halvt år seinare, rykte Hauge inn i stillinga hans. Nye opprullingar skapte stadig behov for omorganisering, og Hauges ansvar auka raskt. I løpet av 1943 blei han den leiande personen i Milorg, trass i sin unge alder og manglande militære bakgrunn. Han heldt fram i denne posisjonen heilt til frigjeringa og var det siste krigsåret ein sentral medlem i Hjemmefrontens Ledelse (HL).

Noko av årsaka til ein slik karriere låg sjølvsagt i dei spesielle forholda Milorg arbeidde under. Utskiftinga på leiarplan var stor i åra 1942–1843, og Hauge kom inn i viktige posisjonar på eit tidspunkt då motstandsleiinga stabiliserte seg. Men han bidrog òg sjølv til stabiliseringa gjennom arbeidet sitt for å leggje bort dei motsetnadene som dei første åra hadde eksistert mellom den sivile og militære motstandsleiinga. Han la den væpna motstanden heilt eintydig inn under London-regjeringa og Forsvarets overkommando, slik at ho ikkje skulle kunne mistenkjast for å opptre ukonstitusjonelt.

Mange sivile leiarar hadde sett med uro på væpna innsats frå heimefrontens side i eit land okkupert av fleire hundre tusen tyske soldatar. Slik militær innsats var òg framand for mange på fagmilitært hald. Hauges hovudlinje gjekk ut på at det var nødvendig med grundig praktisk førebuing av dei militære oppgåvene heimefronten burde ta på seg – anten i samband med ein mogleg alliert invasjon eller, mest sannsynleg, i samband med tysk kapitulasjon. Han hevda at norsk militær medverknad hadde noko å seie både for å sikre at viktige oppgåver blei løyst og for norsk sjølvmedvit etter krigen. Frigjeringa skulle ikkje berre vere ei gåve ein fekk, men noko befolkninga hadde vore med på å kjempe seg.

Hauge stod på ingen måte åleine om dette synet, men med sin store intellektuelle og organisatoriske kraft gav han avgjerande bidrag til at det både blei akseptert i alle viktige leirar og gjennomført etter omhyggjeleg utarbeidde direktiv. Som Milorgs leiar satsa han sterkt på direkte kontakt med norske leiarar ute. Han reiste ei rekkje gonger til møte med militære og sivile uteleiarar i Sverige. I 1944 hadde han to lengre opphald i London, der han knytte nære samband med eksilstyresmaktene på statsråds- og embetsmannsplan. Hauges kontaktskapande arbeid og faste leiingsform hadde mykje å seie for den eininga som kom til prege norsk motstand, i kontrast til situasjonen i fleire andre okkuperte land. Det gav han òg ein heilt sentral posisjon i frigjeringa, då omkring 40 000 mann i Milorgs heimestyrkar var med på å sikre ein svært roleg overgang til fredstid.

Mange har undra seg over at Jens Chr. Hauge i så ung alder kunne få det tunge ansvaret som leiar for Milorg. Svaret ligg i ein uvanleg sterk personlegdom, som kombinerte intelligens, handlekraft, ansvarskjensle og vilje til makt med personleg sjarm og evne til å skape tillit og knyte kontaktar. Hauge kunne verke arrogant, og han veik ikkje tilbake for strid. Men han kunne òg vise storsinn og sterkt personleg engasjement mot urett. Han prøvde til dømes – utan hell – å tale den spiondømde kommunistiske sabotøren Asbjørn Sunde si sak då Sunde vart nekta krigspensjon.

Politikaren

Jens Chr. Hauge
Jens Chr. Hauge held tale som forsvarsminister i juni 1948 på Youngstorget i Oslo.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.

Overgangen til politisk arbeid innanfor det nye sosialdemokratiske regimet som tok over makta i Noreg hausten 1945, var likevel ikkje sjølvsagt. Hauge hadde ingen bakgrunn frå Arbeidarpartiet, men han blei tidleg sterkt samfunnsengasjert og sympatiserte med den sosialradikale tenkinga som i studietida hans òg fekk gjennombrotet sitt i jusen. Ei rekkje arbeidarpartifolk som han kom i eit nært forhold til under motstandsarbeidet hadde gjort han fortruleg med arbeidarrørsla. Den unge Hauges skepsis mot vedtekne sanningar passa dessutan godt til den pragmatismen som prega Einar Gerhardsens etterkrigsregime. Fellesprogrammet det skulle regjerast etter, var skapt i ånda til motstandsrørsla.

Forsvarsminister

Forsvarsminister Jens Christian Hauge ønsker velkommen til premiera av filmen 'Kampen om tungtvannet' på Klingenberg kino i Oslo i 1948
Forsvarsminister Jens Christian Hauge (foran) ønsker velkommen til premiera av filmen «Kampen om tungtvannet» på Klingenberg kino i Oslo. På scena står veteranar frå kompani Linge. Frå venstre: Birger Strømsheim, Hans Storhaug, Kasper Idland, Knut Haukelid, Joachim Rønneberg, Jens Anton Poulsson, Arne Kjelstrup, Claus Helberg, Knut Haugland, Rolf Sørlie og Knut Lier-Hansen. Februar 1948.
Statsminister Einar Gerhardsen og forsvarsminister Jens Chr. Hauge i Stortinget, mars 1948
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Leiaren i heimefronten, Paal Berg, ville ha Hauge med som sin nærmasa medarbeidar då han skulle danne regjering etter frigjeringa. Men Berg møtte motbør og trekte seg raskt. Einar Gerhardsen tok over, og han bad Hauge vere sekretær for han i staden, etter tilråding frå arbeidarpartifolk som Hauge hadde fått eit nært forhold til under krigen. Dei to fann kvarandre. Etter valet hausten 1945 gjekk Hauge inn i stillinga som forsvarsminister, berre 30 år gammal. Han ville byggje opp «eit moderne forsvar på høgd med tidas krav» og sikre sterkare politisk styring, i tråd med den linja han hadde stått for som Milorg-leiar. Det førte til konflikt med leiande generalar, som til dels enno var prega av tankegangen til mellomkrigstida, men som også reagerte på den sjølvmedvitne forma til den unge forsvarsministeren. Hauge hadde Gerhardsens og Stortingets støtte og fekk det som han ville – generalane måtte gå.

Med stor kraft regisserte Hauge ei gjennomgripande modernisering av forsvaret, bygd på bruk av teknologisk nyskaping frå krigstida og storstilt satsing på vidare forsking og utvikling som også hadde eit industripolitisk perspektiv. Han stod bak skipinga av Forsvarets forskingsinstitutt (1946) og Institutt for atomenergi (1948), som begge skulle bidra til å fremje industrielt avansert produksjon i Noreg. Omorganisering av Marinens hovudverft i Horten og våpen- og ammunisjonsfabrikkane til forsvaret i Kongsberg og på Raufoss til meir sjølvstendige statseigde industribedrifter var ein del av den samen strategien.

Som forsvarsminister spelte Hauge på denne måten ei nøkkelrolle i Arbeidarpartiets moderniseringspolitikk. Han følgde opp innsatsen i fleire samanhengar òg etter si tid som statsråd. Han blei ståande sentralt i utviklinga av Kongsberg- og Raufoss-bedriftene gjennom 30 års styremedlemskap frå 1952. Då luftfarta skulle organiserast på nytt etter krigen, blei han fødselshjelper både for nyordninga av DNL, Noregs representant ved etableringa av SAS i 1950 og sentral i arbeidet for å reorganisere selskapet i 1961. Deretter sat han som alternerande styreformann i meir enn 20 år frå 1962.

Hauge tredde òg til når nye kritiske samfunnsoppgåver skulle løysast, som ved etableringa av Statoil i 1972, der han utarbeidde vedtektene og var styreformann i den første toårsperioden. I ettertid er det framfor alt innsatsen hans ved etableringa av Statoil som vil verte ståande. Hauge var styreleiar i Statoil frå 1972 til 1974 og la det formelle grunnlaget for den dominerande stillinga statsoljeselskapet fekk på norsk sokkel og i norsk oljepolitikk. Forhandlingane i åra 1977–1978 om den store Volvo-avtalen, som Hauge leigde frå norsk side, er eit anna døme på at han hadde ein sentral posisjon på den nasjonale industripolitiske arenaen i fleire tiår etter krigen.

NATO og den kalde krigen

Også på den utanrikspolitiske arenaen spelte Hauge ei viktig rolle. Han blei den som tidlegast etter krigen gjekk inn for at Noreg skulle søkje samarbeid med vestmaktene for å tryggje tryggleiken sin. Både under okkupasjonen og i samband med frigjeringa hadde han samarbeidet nært med allierte militære, og frå han tiltredde som forsvarsminister etablerte han det som har vore kalla ein «funksjonell binding» til Storbritannia både når det gjaldt militær opplæring, forsking og anskaffing av materiell. «Brubyggingslinja», som regjeringa satsa på i første omgang, hadde han liten sans for. Han ville heller tilbake til den atlantisk orienterte politikken som var greidd ut under krigen. Allereie i treårsplanen sin for forsvaret frå 1946 la han opp til at Noreg skulle satse på «effektiv hjelp av dei som måtte bli våre allierte». Mange har meint at det var han som 1948/49 overtydde Einar Gerhardsen om at det var nødvendig for Noreg å gå med i NATO.

Men Hauge var òg ein av arkitektane bak den norske basepolitikken, som slo fast at det ikkje skulle vere framande militærbasar på norsk jord i fredstid. Målet var å mildne den sovjetiske reaksjonen på NATO-medlemskapen.

den kalde krigen spissa seg til, organiserte Hauge dei såkalla «Stay Behind»-gruppene, væpna motstandsceller som skulle tre i funksjon i tilfelle ein ny okkupasjon. Hauge gjekk også i bresjen for overvaking av kommunistar.

Han var ein trufast ven av Israel og var både pådrivar og ein ikkje altfor streng kontrollør då Noreg i 1959 selde tungtvatn til det israelske atomprogrammet. Hauge hadde sjølv gått i spissen for å etablere eit norsk atomforskingsmiljø etter krigen.

Hauges nære forhold til Gerhardsen og andre sentrale arbeidarpartifolk i tillegg til det breie nettverket frå okkupasjonstida er ein viktig del av forklaringa på at han kunne gjere ein så innverknadsrik innsats òg etter si tid som statsråd. Hauge følgde Gerhardsen ut av regjeringskontora vinteren 1952, men kom tilbake nokre månader som justisminister då Gerhardsen igjen blei statsminister tre år seinare. I mellomtida arbeidde han som sekretær ved Arbeidarpartiets kontor på Youngstorget under Haakon Lies leiing. Her blei grunnen laga for ein ny varig vennskap mellom sterke personlegdommar.

Industribyggjaren

Etter eit par år som partistrateg etablerte Hauge sin eigen advokatpraksis i 1954. Den danna ramma om siste delen av yrkeslivet hans med oppdrag både for arbeidarrørsla og industrien. Den tilliten Hauge naut i vide krinsar gav han eit eineståande høve til å byggje bru mellom grupper av personar som tradisjonelt hadde stått fjernt frå kvarandre. Han kunne føre saman ingeniørar og teknisk-naturvitskapslege forskarar med faglege og politiske tillitsmenn frå arbeidarrørsla og kople dei til samfunnsmedvitne industrileiarar. Denne forma for koalisjonsbygging blei ein viktig del av grunnlaget for dei resultata det sosialdemokratiske regimet oppnådde i etterkrigstida. Hans kulturpolitiske virke, som organisator bak Institusjonen Fritt Ord og som mangeårig styreformann for Nationaltheatret i dei turbulente 1970-åra, vitnar om ei breidd i orienteringa som også høyrer med i biletet av Hauge som ein mann med evne til å setje preg på samtida si.

Hauge blei 1995 tildelte Noregs høgaste sivile utmerking, Borgerdådsmedaljen i gull.

Ettertidas vurdering

Dei resultata Hauge oppnådde, må i stor grad knytast til den kraftfulle personlegdommen hans og viljen til å gå heilt opp i dei oppgåvene han tok på seg. Han utstrålte autoritet og avtvinga respekt, men mange opplevde han òg som dominerande, arrogant og omsynslaus. Gjennom kampar han førte for saker han trudde på, skaffa Hauge seg ikkje berre venner. Han blei òg ein omstridd person. Hans vilje til å ta ansvar og til å samle trådane i handa si gjorde at han blei oppfatta som maktglad. I konfliktsituasjonar gav han sjeldan ved dørene, men heldt strengt på prinsippa sine, så vel overfor politiske venner som overfor motstandarane sine. Som representant for eit sosialdemokratisk maktapparat med svært faste haldningar blei han tidleg skyteskive for venstreopposisjonen både i og utanfor Arbeidarpartiet. I kampens heite kalla har motstandarar kalla han «ein umogleg diktatortype».

Dei som kom i kontakt med hans meir kunstnariske og leikne sider som taleskrivar, diktar og humorist møtte òg varme og ein nesten uimotståeleg sjarm. Dei muntre og sjølvironiske verselinjene hans, ofte til internt bruk, viste sider ved personlegdommen som i offentlegheita lett blei overskygd av den effektive milorg-sjefen, forsvarsministeren og industribyggjaren.

Utgivingar i utval

  • Prishåndhevelse og prisregulering. De alminnelige bestemmelser (saman med S. Lorentzen) (1941)
  • «Skadeforsikring i krisetider» i Norsk forsikringsjuridisk forenings publikasjoner nr. 14 (1942)
  • Vårt forsvar (1946)
  • Frigjøring (1970), engelsk utgåve: The Liberation of Norway (1995)
  • Milorg under okkupasjonen 1940–1945, i Norsk militært tidsskrift nr. 4/1985
  • Manuskripter (1988)
  • Mennesker (1989)
  • Rapport om mitt arbeid under okkupasjonen (1995)
  • Livsbilder, diktsamling (1995)

Lydopptak

  • Da Einar Gerhardsen var statsminister (Haakon Lie, Einar Gerhardsen og Jens Chr. Hauge forteller om 1950-årene), opptak av program i NRK P2 3.1.1983

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ask, Alf Ole og Westlie, Bjørn: Maktens ansikt. Et portrett av Jens Chr. Hauge, 1991
  • Eriksen, Knut Einar: DNA og NATO. Oslo: Gyldendal 1972
  • Eriksen, Knut Einar og Pharo, Helge Ø.: Kald krig og internasjonalisering 1949–1965, bind 5 i Norsk utenrikspolitikks historie, 1997
  • Grimnes, Ole Kristian: Hjemmefrontens ledelse. Oslo: Universitetsforlaget 1979
  • Kraglund, Ivar og Moland, Arnfinn: Norge i krig. bind 6: Hjemmefront. Oslo: Aschehoug 1987
  • Lange, Even: Samling om felles mål, bind 11 i Aschehougs Norgeshistorie, 1998
  • Lange, Even: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgave (NBL2)
  • Njølstad, Olav og Wicken, Olav: Kunnskap som våpen. Forsvarets Forskningsinstitutt 1946–1975, 1997
  • Njølstad, Olav: Jens Chr. Hauge: Fullt og helt. Oslo: Aschehoug 2008
  • Nordby, Trond: biografi i Storting og regjering 1945–1985, bind 1, 1985
  • Slagstad, Rune: De nasjonale strateger, 1998
  • Sverdrup, Jakob: Inn i storpolitikken 1940–1949, bind 4 i Norsk utenrikspolitikks historie, 1996

Faktaboks

Jens Chr. Hauge

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg