Jacob Bonnevie

Skulemann og politikar. Foreldre: Ekspedisjonssekretær, seinare borgarmeister Honoratus Bonnevie (1797–1848) og Sophie Augusta Baumann (1804–95). Gift 1) 17.7.1863 med Anne Johanne Daae (18.12.1839–3.12.1876), dotter til sokneprest Hans Daae (1808–65) og Anne Johanne Christie (1812–93); 2) 11.10.1878 med Susanne Bryn (4.9.1848–8.4.1927), dotter til stadsfysikus Thomas Bryn (1813–1902) og Christine Emilie Caroline Richter (1826–69). Bror til Mathilde Dietrichson (1837–1921); far til Kristine Bonnevie (1872–1948) og Carl Emil Christian Bonnevie (1881–1972; sjå NBL1, bd. 2); verfar til Vilhelm Bjerknes (1862–1951), Alfred Bryn (1862–1937), Conrad Svendsen (1862–1943) og Margarete Bonnevie (1884–1970); morfar til Alf Bryn (1889–1949) og Conrad Bonnevie-Svendsen (1898–1983); morfars far til Conrad Vogt-Svendsen (1914–73); verbror til Ludvig Vilhelm Dahl (1826–87; sjå sst., bd. 3), Lorentz Segelcke (1829–1910; sjå sst., bd. 13) og Lorentz Dietrichson (1834–1917); morbror til Anna Dahl Munch (1856–1932) og Ludvig Dahl (1864–1934).

Jacob Bonnevie var ein av dei fremste skulepolitikarane i Noreg i dei siste tiåra av 1800-talet, både som skuledirektør i Trondheim, som statsråd og stortingsmann og som medlem av ei rekkje offentlege kommisjonar.

Bonnevie tok examen artium 1856, byrja deretter å studere realfag ved universitetet og blei cand.real. 1863. 1862 blei han tilsett som adjunkt ved Christiania katedralskole og 1865 som overlærar ved Kristiansands latinskole. I 1872, 34 år gamal, blei han utnemnd til skuledirektør i Trondhjems stift, den første utan embetseksamen i teologi, og sat i stillinga til 1894. Han var statsråd i Kyrkjedepartementet 1889–91 og direktør for Den norske Enkekasse 1894–1904.

Bonnevie sin innsats for allmugeskulen og for den høgre skule var omfattande. 1865 kom han med i kommisjonen til revisjon av den høgre skulen, med Hartvig Nissen som formann. Som einaste realist i komiteen fekk han avgjerande innverknad på utbygging av realfaga både i middelskulen og i realgymnaset, som blei oppretta ved lova om høgre allmennskolar (1869). Han ivra for styrking av matematikk, ikkje minst for at analytisk geometri skulle ha ein sentral plass i pensum på reallina, og argumenterte sterkt for at også eksamen frå realgymnaset skulle godkjennast som opptaksgrunnlag til studium ved universitetet. Han følgde opp lova med å lage lærebøker for middelskulen (og seinare også for gymnaset) i både geometri (1870) og algebra (1871). Bøkene var banebrytande og blei brukte, i lite omarbeidde utgåver, i omlag 80 år.

Som skuledirektør gjorde han seg ved sjølvsyn grundig kjent med allmugeskulen i stiftet, og bidrog konkret til kvalitetsheving gjennom etterutdanning av lærarane. Han la for dagen eit balansert pedagogisk skjønn og gav rettleiing og praktiske råd.

Bonnevies posisjon som leiande skulepolitiske talsmann i Høgre, ved sida av Nils Hertzberg, og som nasjonal autoritet i skulesaker gav han plass i dei fleste store skulekommisjonane sist på 1800-talet, m.a. i kommisjonen for ordning av abnormskulane (1877), som førte til eiga lov 1881, i Seminarkommisjonen (1880) for forlenging av stiftseminara sine kurs og oppretting av lærarinneseminar, og i kommisjonen for allmugeskulen (1885), som førte til lova om folkeskulen 1889. Som statsråd i Kyrkjedepartementet i Emil Stang sitt første ministerium bar han ansvaret for gjennomføringa av lova om folkeskulen, og utarbeidde raskt landet sin første læreplan for skuleslaget. Den blei følgt opp med ei relativt omfattande undervisningslære for lærarane (1892) for dei fleste av skulens fag, eit teiknehefteverk (1893) og ei lærebok i historie (1894). Frå 1891 var Bonnevie formann i den første eksamenskommisjonen for lærarskolane og frå 1898 første formann i Undervisningsrådet, som han gav ei sterk stilling. Han deltok elles i den nasjonale leiinga av arbeidet for dei blinde. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1872.

Jacob Bonnevie var ein kunnskapsrik politikar med utprega logisk talent, som tok sine standpunkt relativt uavhengig av andres meiningar. Han var stortingsmann 1880–97, fire periodar for Trondheim, ein for Fredrikstad og den siste for Nedenes amt, heile tida medlem av Kyrkjekomiteen. Etter kvart blei han sett på som ein moderat høgremann, men var likevel for å styrte ministeriet til Johan Sverdrup i 1889. I 1895 var han svært aktiv som Høgre sin eine talsmann i kompromissforhandlingane mellom dei tre politiske partia, og var ein av forslagsstillarane til 7. juni-vedtaket av 1895, som la grunnlaget for den siste store unionskomiteen. I neste omgang fekk han i oppdrag å danne ei “samlingsregjering”, men måtte gi opp forsøket. Han trekte seg frå aktiv politikk på det nasjonale planet 1897.

Bonnevie hevda konservative standpunkt i både språk- og kvinnesak. 1877 uttalte han såleis i eit foredrag at lærarane i allmugeskulen burde tale korrekt riksmål, og at skulebarna etter dei 2–3 første åra på skulen også måtte lære seg å bruke det. Han møtte motbør for denne meininga. Derimot vekte synet hans på kvinna (1880) lite negativ merksemd. Han hevda, mellom anna, at ho var, meir enn mannen, merkt av “følelsens inderlighed og styrke”, og at ho viste “utrætttelighed i det små, sagtmodighed i strid, tålmodighed i lidelse og ydmyghed i seier”. Ho var “ikke skikket for tummelen i verden, men i hjemmet øves hennes gjerning”.

Jacob Bonnevie døydde 1904 under eit skulemøte på Lunnevad i Östergötland.

Verker

  • Passater og Monsuner, Kristiansand 1869
  • Kortfattet Lærebog i Geometri, 1870
  • Kortfattet Lærebog i Arithmetik og Algebra, 1871
  • Veiledning i Bogstavregning og Udmaalingslære for Begyndere, 1879
  • Folkeskolens undervisningsgjenstande efter skolelovene af 26. Juni 1889, 1892
  • Tegnebog for folkeskolen (sm.m. J. Meyer), 2 bd., 1893
  • Historisk lærebog for folkeskolen (sm.m. A. Ræder), 1894

Kilder og litteratur

  • M. Alfsen/A. Rygh: biografi i NBL1, bd. 2, 1925
  • K. Bonnevie og P. Bonnevie: Familien Bonnevie i Norge og Danmark 1714–1930, 1931

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.