Faktaboks

Jørund Telnes
Fødd
10. januar 1845, Seljord, Telemark
Død
3. februar 1892, Seljord
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Gardbrukar Nils Sigurdsson Forberg (1815–74) og Ingebjørg Jørgensdotter Telnes (1825–1916). Gift 1) 27.10.1874 i Seljord med Anne Kjetilsdotter Øverland (26.4.1850–27.4.1888), dotter til bonde Kjetil Høyeson Øverland (1818–99) og Maren Jørgensdotter Midbøen (1827–94); 2) 17.7.1889 i Bø med Anne Isaksdotter Grave f. Dale (29.7.1851–29.9.1935), dotter til bonde Isak Gundersen Dale og Anne Alfsdotter.

Jørund Telnes var ein populær diktar og dertil lokalpolitikar og norskdomsmann frå Telemark. På slutten av 1800-talet var diktinga hans kjend over heile landet.

Telnes voks opp i Seljord i Telemark og var nært knytt til heimbygda. Med unntak av nokre skuleår budde han i Seljord heile livet.

18 år gamal var han ferdig med lærarskulen i Kviteseid og arbeidde nokre år som lærar i heimbygda. Han søkte meir utdanning og fekk plass ved folkehøgskulen til Christopher Bruun i Gudbrandsdalen. Både Bruun og Kristofer Janson, som var lærar ved skulen, fekk mykje å seia for Telnes, ikkje minst når det galdt hugen til dikting. Tida i Gudbrandsdalen gjorde at Telnes vart ein varm talsmann for dette skuleslaget, og det gledde han at det tidleg i 1870-åra vart skipa ein folkehøgskule i heimbygda.

Då faren døydde 1874, tok Telnes over farsgarden. Det var ikkje berre i det daglege han var bonde, også gjennom orda møter me ein bondeven. Dette vart ekstra tydeleg då Viggo Ullmann tok over folkehøgskulen i Seljord 1880. Den tidlegare styraren, Olaus Arvesen, var ein mann av folket. Overgangen til den tidvis aristokratiske Ullmann vart stor, og Telnes viste tydeleg at han ikkje hadde sans for måten Ullmann dreiv skulen på.

Denne opposisjonen til embetsmenn viste òg att i politikken. Då Telnes kom attende til Seljord, sat futen som ordførar. Telnes var usamd med futen i mykje, og han vart snart ordførar sjølv. Han sat som ordførar i tre periodar, 1878–84, og var i tillegg valmann og skulestyreformann. Telnes var ein av dei fyrste ordførarane som førte møtebok på landsmål. Det sterke samfunnsengasjementet hans viste òg att i arbeidet for mellom anna folkeopplysing og målsak, og i dei mange artiklane han skreiv for aviser og blad.

1886 vann han igjen ordførarvalet, men sa vervet frå seg. Ein av grunnane kan ha vore at dette var ei tung tid for familiemannen Telnes. 1880–87 døydde fire av borna hans – ingen av dei var over tre år gamle, og 1888 døydde kona hans.

Frå ung alder skreiv Telnes dikt. Han hadde hatt dikt på prent fleire stader før den fyrste boka hans, Sterkenils, kom 1877. Dette er eit forteljande diktverk, der Telnes tek utgangspunkt i lokale soger om ein kjempekar frå Seljord. Det lokale preget viser òg att i bruken av seljordsdialekt. Året etter kom to små diktsamlingar, der han tek opp svært mange emne. Det vart sett tone til mange av dikta, som vart populære songar. Den eine av desse to diktsamlingane, Kvæe, inneheld òg dikt av broren Sigurd.

Den best kjende boka hans er Guro Heddelid, ei forteljing frå 1300-talet. Forteljinga går på vers med prosatekstar innimellom og hentar stoffet frå ei lokal segn.

I forfattarskapen veksla han mellom dikt og prosa og gjekk etter kvart over til å bruka normalisert landsmål. Han skreiv salmar, episke dikt, satiriske dikt og skjemtedikt.

Sjølv om Telnes nytta mykje lokalt tilfang i diktinga si, var han kjend som diktar over heile landet. Likevel var det i heimfylket han var størst, og diktinga hans var der den mest populære folkelesnaden. Nokre uprenta arbeid er med i Skrifter.

Telnes var berre 47 år gamal då han døydde. Nokre år seinare heidra bygda han med ein minnestein på grava, med innskrifta “Han arbeidde meir for folk og fedreland enn for seg sjølv”.

Verker

  • Sterkenils, dikt, 1877
  • Kvæe, dikt, 1878 (boka inneheld òg dikt av broren Sigurd Telnes)
  • Rupe-Ber, dikt og prosastykke, Hamar 1878
  • Guro Heddelid, forteljing på vers og prosastykke, 1880
  • Vetle Venehaug, forteljing, 1887
  • Netar, dikt, 1890
  • Skrifter, 2 bd., Risør 1925 (utgjevne ved Rikard Berge, inneheld m.a. tre uprenta arbeid: forteljingane Frå ei Fjellbygd ogUrolege Kroppar og diktet Sjukmorblom)
  • I Nynorsk boklista, bd. 1–4, 1916–42, er der ein detaljert bibliografi for tida fram til 1935

Kilder og litteratur

  • R. Berge: “Fyriord”, i J. Telnes: Skrifter, bd. 1, Risør 1925
  • H. Strand: “Jørund Telnes”, i Fyregangsmenn i Telemark kring 80-åri, Skien 1932
  • T. Flatin: Seljord, bd. 1, 1942
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 16, 1969
  • S. Telnes: “Føreord”, i J. Telnes: Sterkenils, Seljord 2000

Portretter m.m.

  • Minnestein på grava, med innskrifta “Han arbeidde meir for folk og fedreland enn for seg sjølv”, 1898