Jørgen Hanssøn

Dansk høvedsmann på Bergenhus. Foreldre: Borgar i Ribe Hans skipsbyggjar og hustru Beche. Gift 1526 i Kampen, Nederland; namnet på kona er ikke kjent (død før 10.6.1527).

Borgarsonen Jørgen Hanssøn var ein viktig hjelpar for Christian 2 i kongens arbeid med å effektivisere riksstyringa og bryte makta til adelen og kyrkja. Rekneskapar for Bergenhus 1516–23 viser Jørgen Hanssøn som ein pliktoppfyllande administrator, men også som ein hard og omsynslaus skatteinnkrevjar. Han fekk gjennomført mange byggjearbeid på slottet.

Jørgen – eller Jorien (Iorienn), som samtidige kjelder kallar han – var dansk av fødsel. I eit udatert brev kallar faren seg Hans “Skybbøgger” og kona si Beche. Fleire opplysningar om Jørgen Hanssøns bakgrunn har vi ikkje. Det har vorte gissa på at han hadde geistleg utdanning, og når han som lensstyrar ofte blir kalla Jørgen skrivar, kan det tyde på at han hadde hatt oppdrag i kanselliet. Han var på plass på kongsgarden i Bergen 1513, og han hadde lenet til Christian 2 vart fordriven 1523. Sidan han ikkje var adeleg, blir han aldri kalla lensherre, men kongeleg ombodsmann eller fut.

Medan Jørgen Hanssøn styrde på Bergenhus, vart lenet kraftig utvida til det meste av Vestlandet frå og med Jæren/Dalane til Sunnmøre og Nord-Noreg frå og med Namdalen. Namnet hans er framom alt knytt til innkrevjinga av dei dryge ekstraskattane Christian 2 skreiv ut – einmarksskatten 1516, tomarksskatten eller dronningskatten 1518 og tiandepengeskatten 1519. Utskrivingane resulterte i oppreistar, som “Iorienn” slo ned med hard hand. Fleire av bondeleiarane vart avretta, mellom dei Jon Eilivsson, uekte son til biskop Eiliv Jonsson i Stavanger, og væpnaren Orm Eiriksson, og bøndene i opprørsdistrikta måtte tole bøter som langt oversteig dei utskrivne skattane. Heller ikkje presteskapet slapp unna skattekrava.

Det omfangsrike lovarbeidet som Christian 2 gjennomførde i Danmark, vart 1521 følgt opp med ei stor forordning for Lista len og det nordafjelske Noreg, truleg utarbeidd av Jørgen Hanssøn i København vinteren 1520–21. Forordninga avgrensa domsmakta til kyrkja, gav reglar for bortleige av jord og tok sikte på å regulere verksemda i fiskeværa, der erkebiskopen hadde sterke interesser. Også på andre område kom Jørgen Hanssøn i konflikt med kyrkja; han konfiskerte erkebiskopens jordegods då Erik Valkendorf drog frå landet 1521, og lena til den avdøydde biskop Andor i Bergen vart inndregne 1522. Ikkje rart at erkebiskopen såg på Jørgen skrivar som den store tyrannen, “i det han blir drevet dertil av Djevelen og sitt eget hovmod og glemmer sin sjels frelse”.

Jørgen Hanssøn tok også eit oppgjer med dei tyske kjøpmennene og handverkarane i Bergen. Han slo hardt ned på valdsverk og tvang dei til å betale toll og sise (avgift) for innførsle av øl og vin, men let sjølv sveinane sine gå hardt fram.

Mars 1523 reiste Jørgen Hanssøn til København med ein større sum mynt og sølv, som han overlet til kongen. Han rekna med å kome tilbake til slottet og sette deknen Hans Knudssøn til å styre lenet medan han var borte. Men alt i april måtte kong Christian flykte, og Jørgen Hanssøn drog då til Nederland, der han slo seg ned i byen Kampen. Han hadde nær kontakt med Christian 2, som tok opphald i Lier i Flandern. Det nære tilhøvet til kongen kjem klårt fram i eit brev frå 1526, der han fortel at han er forlova med “en piige her i Kampen”. Dei vart gifte, men kona døydde i barselseng (saman med barnet) året etter.

Jørgen Hanssøn sende kontinuerleg meldingar til Christian 2 om tilhøva i Noreg, Danmark og Sverige. September 1525 åtvara han kongen mot krigstog dette året, fordi det ikkje var nøye nok planlagt. Han tok del i verving av landsknektar, fekk 1525 fullmakt til å handle som kongeleg person og vart utnemnd til kaptein for landsknektane. Han var med kongen under krigstoget 1531–32 og reiste like etter tilbake til Nederland, der han truleg oppheldt seg dei siste åra han levde.

Kilder og litteratur

  • DN, bd. 1 nr. 1059, bd. 2 nr. 1071, bd. 3 nr. 1088, bd. 5 nr. 1036 og 1059, bd. 6 nr. 689, bd. 7 nr. 562, bd. 8 nr. 501, 505 og 616, bd. 9 nr. 548–550 og 616–617, bd. 10 nr. 326, 465, 470, 480, 483, 487, 491, 513, 515–516, 537 og 551, bd. 11 nr. 661, bd. 13 nr. 183 og 581, bd. 14 nr. 499, 501 og 652, bd. 16 nr. 367, 401, 517, 527–530 og 551–552, bd. 22 nr. 106, 123–127, 201 og 248; NRJ
  • C. F. Allen: De tre nordiske Rigers Historie, bd. 3–4, København 1867–70
  • A. Thiset: “Om Jørgen Hansen paa Bergenhus”, i PHT, rk. 2, bd. 5, 1890, s. 212–213
  • M. Birkeland: Historiske Skrifter, bd. 2, 1922, s. 168–189
  • O. A. Johnsen: biografi i NBL1, bd. 7, 1936
  • P. Bagge: biografi i DBL3, bd. 5, 1980
  • H. Bjørkvik: Folketap og sammenbrudd 1350–1520, bd. 4 i ANH, 1996

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.