Ivar Mortensson-Egnund

Prest, forfattar og språkmann. Foreldre: Stortingsmann og gardbrukar Morten Mortensen (1816–1910) og Anne Petronelle Tangen (1822–1909). Gift 13.7.1894 med Karen Nilsen (9.4.1866–15.5.1929), dotter til telegrafstyrar Christian Laurits Nilsen (1830–68) og jordmor Josine Berdine Edvardsen (1845–1917). Namneendring til Mortensson-Egnund 1918. Bror til Per Mortenson (1855–1927; sjå NBL1, bd. 9).

Ivar Mortensson-Egnund var ein av dei mest allsidige kulturpersonane i landet. Han var forfattar, redaktør, målmann, prest og anarkist. Dei lyriske arbeida hans er nært knytt til folkediktinga, og han laga ei framifrå omsetting av Edda.

Ivar Mortensson voks opp i eit haugiansk venstremiljø, tok examen artium på Aars og Voss' skule i Christiania 1875 og vart cand.theol. 1883. Da Arne Garborg sette i gang landsmålsavisa Fedraheimen 1877, vart Mortensson-Egnund medarbeidar, og han overtok som redaktør 1883. Han ordna det slik at Hulda og Arne Garborg fekk leige “Kolbotnen” ved Savalen i Tynset. Da dei flytta dit 1887, kom Mortensson-Egnund etter med Fedraheimen. 1893 tok han over farsgarden Einabu i Folldal, men han budde mest ikkje fast der.

Fedraheimen tok til som “Eit vikeblad aat det norske Folket”, men vart ei avis som skulle stri mot “pengevelde, prestevelde og statsvelde”. Om Mortensson-Egnund var revolusjonær, var han korkje ateist eller materialist. Da Gud hadde “sett han i Heimen”, var det etter hans meining Guds vilje at han skulle slåss mot djevelen!

Samarbeidet mellom Garborg og Mortensson-Egnund varte heile livet. 1888 gjekk han inn for å få vald Garborg som stortingsmann for Hedemarkens amt, men utan hell. Han heldt så føredrag om og samla inn til nasjonalgåve til venen. Nokre føredrag vart trykte i tidsskriftet Fridom og i boka Arne Garborg. Ein fyritalsmann.

Mortensson-Egnund var på studiereise i Tyskland og Sveits 1889–90, og seinare gjorde han fleire reiser til Tyskland, Italia og Danmark. Før Fedraheimen gjekk inn 1891, drog han på føredragsturné, der han tok for seg matløysa i Noreg, påverka av Stuart Mill. På tre år heldt han 200 føredrag for 15 000 tilhørarar. Han hevda at Jesus var revolusjonær og ville skape gudsriket på jorda. 1899 drog landsmålsmannen Mortensson-Egnund på ny føredragsturné for å kjempe mot riksmålsmannen Bjørnson. Føredraga resulterte i ei bok om Ivar Aasen.

Mortensson-Egnund hadde fått interesse for anarkismen alt i 1880-åra, og 1886 trykte han Garborgs dikt “Anarkistsong” i Fedraheimen. Han vart anarkismens første teoretikar her i landet og brevveksla m.a. med Kropotkin. Da han sjølv vart bonde, gav han ut bladet Fridom og boka Fridomsvegen. Han meinte m.a. at sosialdemokratiet er eit trugsmål mot fridomen og at ei dyr og mannsterk regjering ville administrere bort og øydeleggje dei beste sakene.

Om Mortensson-Egnunds livssyn var prega av mystikk og russisk-europeisk anarkisme, sat han trygt forankra i bondekulturen. Han slo fast at det hadde vore mykje praktisk anarkisme i bondesamfunnet. Tankane vart til Bondeskipnad i Norig i eldre tid, der han syner at privat eigedomsrett til jord ikkje er opphavleg, men at jorda høyrde til samfunnet.

Mortensson-Egnunds teologi var basert på folkeleg kyrkjeliv og trusliv, påverka av haugianismen. Han ville søkje til urkristendommen. Seinare styrkte teosofien og antroposofien han i det religiøse livssynet. Rasmus Steinsvik slo da fast at venen tenkte som ein professor, fantaserte som ein oppfinnar, drømte som ein profet og sverma som ein metodist for brorskapets framtidsevangelium.

Som forfattar er ikkje Mortensson-Egnund lett å femne, men han fekk lovord av teatersjef Bjørn Bjørnson for skodespelet Varg i Veum. Forfattaren vil syne tidsskiftet i vikingtida, der åndskrefter strir omkring og i menneska. Spelet vart sett opp på Det Norske Teatret 1915, med musikk av Christian Sinding. Forfattarskapen til Mortensson-Egnund er original, fordi han bruker folkediktinga i ein særprega litteratur som han så å seie er aleine om i Noreg. Mest kjende i dag er dei framifrå landsmålsomsettingane av Den eldre Edda.

I Paa ymse gjerdom skapte Mortensson-Egnund ei prosalyrisk form som dukkar opp att i Garborgs Den burtkomne Faderen. Da han i nyromantikkens ånd skreiv Or duldo, meinte Garborg at dikta var eit nytt Draumkvede og vart sjølv inspirert til Haugtussa. Også Olav Aukrust, Hans E. Kinck og Sigbjørn Obstfelder vart påverka av Mortensson-Egnund. Tidens Tegn skreiv at få visste at Ivar Mortensson-Egnund var ein av våre største diktarar. Det hadde ikkje minst Or duldo vist.

I Skogtroll gav forfattaren seg sjølv bygdedomen: “Di meir boksprengd ein er, di meir tufs blir det med garden.” Han overlet garden til kona og fekk årsstipend på 2000 kroner. 1908 vart garden bortleigd, og huslyden slo seg ned på Lillehammer. Oppbrotet vert skildra i Runir, der anarkisten møter mystikaren. På Lillehammer grunnla Mortensson-Egnund kulturdagane – “Haaballsvaka”.

Mortensson-Egnund førte Hulda Garborg inn i norsk mål og kultur. Ho meinte at læremeisteren hennar hadde dikting, draumar og granskarverd langt frå asfalt og kafékrokar. Verkstaden hans låg i naturen, med fritt utsyn mot stjernehimmelen. Det var naturleg at Mortensson-Egnund heldt hovudpreika under Arne Garborgs gravferd 1924.

Mortensson-Egnund tok praktisk-teologisk eksamen 1909 og vart same året stiftskapellan i Hamar og året etter sokneprest i Fyresdal. Som stiftskapellan i Kristiania 1914–16 var han målprest og reiseprest for ungdomslaga. Etter to år som sokneprest i Løten flytta han 1918 heim att til Einabu, og no tok han namnet Egnund etter elva (Einunna) som renn forbi garden. Frå 1919 omsette han med statsstipend delar av Det gamle testamentet til landsmål.

Verker

  • Norske Fornkvæde og Folkevisur (sm.m. M. Moe), 1877
  • Læsebog i det norske Folkesprog for høiere Skoler (sm.m. A. Garborg), 1885
  • På ymse gjerdom. Songane aat Savalguten, 1889 (2. utg. 1929)
  • Or duldo. Draumkvæe, 1895
  • Arne Garborg. Ein fyritalsmann, 1897
  • Fridom. Tidsskrift for sjølvstyre og sjølvhjelp, 1897–98
  • Fridomsvegen. Soga um kongane, folkemagta aa sjølvstyre, 1898
  • Svall 1879–1898, 1898
  • Varg i Veum. Soguspel fraa forntidi (900–1000), 1901
  • Hugleik. (Emne fraa tolvhundratale), 1902
  • Ivar Aasen. Ein norsk kulturmann, 1903
  • Solmøyi. Fritt tilskipa etter folkevisur og fornkvad, 1904
  • Bondeskipnad i Norig i eldre tid, 1904
  • Ein frikar. Forteljing, 1905
  • Edda-kvæde 1. Gudekvæde, 1905
  • Skogtroll, 1906
  • Trollham, 1906
  • Runir, 1908
  • Edda-kvæde 2. Kjempekvæde, 1908
  • Utvalde Edda-kvæde, 1912
  • Sundagstankar, 1915
  • Draumkvædet. Tilskipa av I. M., 1916
  • Siste ordet åt Hedemarkingen, 1919
  • Valund. Spelstykke frå runetidi, 1920
  • Nyklar, 1922
  • Gjallarbrui. Ei diktbok um draumkvede-skalden, 1926
  • Grunnsteinen i norsk bokheim, 1927
  • Gullharpa vår. Soga um Hugfrid, 1931

    Etterlatne papir

  • Samlingar finst i Tynset Rådhus og Rammsmosentret, Tynset, og ei mindre samling i NBO

Kilder og litteratur

  • Stud. 1875, 1900, 1925
  • HEH 1930
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 9, 1940
  • T. Gjelten: “Ivar Mortensson Egnund”, i Årbok for Glåmdalen 1941
  • M. Skrede: “Ivar Mortensson Egnund og Olav Aukrust”, i Årbok for Glåmdalen 1943
  • I. Streitlien: “Fedraheimstugu”, i Årbok for Glåmdalen 1950
  • K. Langen: Ivar Mortensson Egnund, 1957
  • A. Skjervøy: “Da anarkismen blømde på Tynset”, i Årbok for Nord-Østerdalen 1981
  • V. Sandem, A. Skjervøy m. fl: Blant olme stutar og reine flagg. Samfunnsdebatt kring Savalen for 100 år sia. Anarkisme, nasjonalisme, religion, Tynset 1996
  • A. Skjervøy: “Revolusjon med Arne Garborg som fadder, Ivar Mortenson som prest og Rasmus Steinsvik som dåpsbarn”, i SogS nr. 2/1997, s. 171–185

Portretter m.m.

  • Bauta av Trygve Dammen, u.å.; Einabu, Folldal
  • Måleri (hoftebilete) av Gunnar Wefring, 1928; p.e
  • Måleri (halvfigur) av Gunnar Wefring, 1934; Musea i Nord-Østerdalen, Tynset

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.