Faktaboks

Ivan Kristoffersen
Ivan Kolbjørn Kristoffersen
Fødd
21. januar 1931, Tromsø
Verke
Pressemann
Familie
Foreldre: Elektrosveisar Henry Kristian Kristoffersen (1896–1981) og ekspeditør Klara Henriette Olufsen (1897–1984). Gift 1958 med sjukepleiar Anne Johanne Lorentzen (27.6.1932—), dotter av stuert Eugen Lorentzen (1893–1975) og Helga Hagen (1903–42), ekteskapet oppløyst 1993; sambuar 1993–95 med førstekonsulent, tidlegare statsråd Oddny Aleksandersen (5.2.1942–), dotter til fiskar Toralf Ballo (1916–) og Oddbjørg Marthinussen (1917–).

Ivan Kristoffersen er først og fremst kjend som redaktør av avisa Nordlys i den tida då bladet tok steget frå å vera eit partiorgan til å bli eit nordleg utkikspunkt, med eit nordområdeperspektiv på verda. Kristoffersen profilerte avisa og landsdelen så sterkt at han vart sjølve stemmen frå nord, den som artikulerte dei nordnorske interessene overfor maktapparata sørpå. Den stridbare, tidvis giftige og stundom tvitydige pressemannen med djupe røtter i heimbyen Tromsø vart heile landsdelens “Ivan”.

Kristoffersen voks opp i ein arbeidarfamilie i Tromsø. Etter examen artium 1951 tok han Journalistakademiet og byrja så som journalistlærling i Nordlys 1954. Arbeidarpartiorganet Nordlys var då blitt byens største avis, med uttalte ambisjonar om å bli den største i landsdelen, noko avisa lukkast med i midten av 1960-åra. Kristoffersens journalistiske verkefelt dei første åra vart fiskeria og Finnmark fylke. Seinare steig han i gradene, ved først å bli redaksjonssekretær 1964, reportasjesjef 1974 og politisk redaktør 1976, for så å overta som ansvarleg redaktør frå 1982 til han gjekk av med pensjon 1997.

1972 var Kristoffersen pressesekretær ved den norske delegasjonen til FN i New York, der han for alvor fatta interesse for det som skulle bli hans journalistiske spesialområde i 1970-åra: havrett og ressurs- og tryggingspolitikk i nordområda. Han dekka bl.a. forhandlingane rundt opprettinga av 200-milssona og var truleg den som først omtalte gjennombrotet. Han skreiv også ei bok og fleire mindre publikasjonar i kryssingsfeltet mellom tryggingspolitikk og ressurspolitikk i nordområda. Denne bakgrunnen førte han inn i Fiskeridepartementet som statssekretær under Eivind Bolle 1979–81, det einaste viktige politiske vervet Kristoffersen nokonsinne kom inn i.

Orientering om nordområda kom også til å prega Nordlys då han overtok som sjefredaktør. Avisa fanga svært tidleg opp nye signal i internasjonal politikk, både omlegginga i amerikansk marinestrategi og teikna på nytenking då Mikhail Gorbatsjov overtok som partisekretær i Sovjetunionen. Kristoffersen vart ein stadig skarpare pådrivar for ei nyorientering i norsk tryggingspolitikk i siste halvdel av 1980-åra, med front mot alt som kunne truga avspenning i nordområda i ei tid då Sovjetunionen stadig sterkare gav opningar for å byggja ned blokkdanningane. Kystkrisa og den veksande arbeidsløysa ved inngangen til 1990-åra førte også til at han vart skarpare i omtalen av den økonomiske politikken til Arbeidarpartiet. 1989/90 la han dessutan heile si tyngd inn i kampen mot at Nordlys skulle bli ein del av det nye A-pressekonsernet, ut frå ein argumentasjon om at avisa skulle vera sjølvstendig og nordnorsk. Ja-mannen frå 1972 støtta europapolitikken til Arbeidarpartiet i prosessen fram mot EØS og søknad om norsk EU-medlemskap, men snudde då forhandlingsresultatet kom på bordet, eit resultat han meinte ville fjerna norsk kontroll med forvaltning av fiskestammar som var livsviktige for landsdelen. Ivan sitt nei på leiarplass 15. november 1994 har med rette blitt samanlikna med fiskeriminister Knut Hoem sitt nei under EF-striden 1972.

Kristoffersen gjennomførte i andre halvdel av 1980-åra ei “avpartifisering” av Nordlys, og han bygde avisa opp til å bli ei regionavis med vekt på analyse og bakgrunnsstoff. Avisa vart modernisert, både layoutmessig og journalistisk. Internt i avisa var Kristoffersen omstridt, og han kunne nok også vera brutal i offentlege diskusjonar, men hans udiskutable kunnskapar om nordområda og internasjonale forhold har gjort han til ein skarp samfunnsanalytikar også etter redaktørtida – som seniorrådgivar ved Universitetet i Tromsø, dosent II ved Høgskolen i Bodø og som kommentator m.a. i Aftenposten. 1998–2001 var han leiar for Kringkastingsrådet. Han vart heidra med Kongens fortenestmedalje og Polarstatuetten 1997 og fekk Fritt Ords honnør i år 2000.

Verker

  • Tromsø jern- og metallarbeiderforening, 50-års beretning, 1. februar 1908–1. februar 1958, Tromsø 1958
  • Fanevakt i 50 år: beretning om Tromsø arbeiderungdomslags virksomhet, Tromsø 1962
  • Havet – 75: en bok om ressurser og kystfolk, 1975
  • Havn og havneliv i Tromsø, Tromsø 1977
  • Norge i nord: sikkerhetspolitikk og ressursoppgaver, 1977
  • red. Troms, i Bygd og by i Norge, 1979
  • Norsk sikkerhetspolitikk, sett fra en nordnorsk synsvinkel, 1979
  • Norsk fiskeripolitikk i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv, 1981
  • Aldor: kystens og fiskernes høvedsmann, 1993
  • Han Arthur, 1997

Kilder og litteratur

  • Biografi i N. E. Øy (red.): Pressefolk 1997, Fredrikstad 1998
  • artiklar i Nordlys
  • intervju med Ivan Kristoffersen 2001