Faktaboks

Ingjald Haaland
Fødd
22. mars 1885, Fusa, Hordaland
Død
28. juli 1952, Fusa
Verke
Skodespelar, instruktør og teatersjef
Familie
Foreldre: Gardbrukar Sjur Haaland (1851–1912) og Brita Teigland (1855–1945). Gift 1) med skodespelar Mally Carenius Halvorsen (26.5.1887–23.1.1934); 2) 1937 med skodespelar Tove Bryn (27.11.1903–24.6.1983).

Ingjald Haaland var ei sentral kraft under framvoksteren av Det Norske Teatret dei tre første tiåra, som skodespelar, instruktør og teatersjef.

Haaland var elev på Den Nationale Scene frå 1906 og debuterte på Dore Laviks turnéteater 1908, der han m.a. fekk synt komedietalentet sitt som Lundestad i De unges forbund og Futen i Brand. Han var knytt til Det Vestlandske Teater i Stavanger i to år før han 1913 kom inn i det første ensemblet på Det Norske Teatret, der han (med unntak av eit avbrot på Centralteatret 1920–22) var fast tilsett fram til 1940. Etter det drog han på turnéar med sitt eige selskap.

På nynorskscenen markerte Haaland seg tidleg både som ein truverdig folkeleg realist og frodig komediant. Han skapte ein overtydande figur av politikaren Jens Eide i Garborgs Læraren (1914). Seinare spela han den slu Carolus Magnus (1927) og Paulus Hove (1938) i same stykket. Han gjorde ein viktig innsats i fleire oppsetjingar av ny norsk dramatikk, t.d. som den stillfarande sonen i Fela av Peter Egge (1915) og den trongsynte og maktsjuke lærar Berg i Eli Sjo av Olav Hoprekstad (1916). Den folkelege komedianten falda seg ut som Engebret i Ungen av Oskar Braaten (1914), Lars Anders i Gustaf af Geijerstams Lars Anders og Jan Anders (1913 og 1930) og Lars Østerman i Bröderna Östermans huskors (1929).

Men Haaland var òg ein karakterskodespelar av format. Det synte han som den skrullete faren i Selma Lagerlöfs Keisaren av Portugalia (1923). Tre år seinare gav han eit skakande innsyn i skurken Jago i Shakespeares Othello. Med sterk intensitet framstilte han den tragisk utstøytte tittelfiguren i Köpenick-kapteinen av Carl Zuckmayer (1932) og gamle Mikkel Borgen i Ordet av Kaj Munk (1933). Og da Maxim Gorkijs revolusjonsdrama Jegor Bulytsjov (1935) for første gong vart framført utanfor Sovjetunionen, skapte Ingjald Haaland eit gripande portrett av den russiske storborgaren som går til grunne i ei verd av løgn og brutalitet. Kontrasten var sterk da han året etter spela diktatorkanslaren i Sigeren av Kaj Munk.

Også som instruktør hadde Haaland styrken sin i det realistiske drama og folkekomedien. Han stod på solid og traust norsk grunn m.a. i oppsetjingar av fleire av Oskar Braatens skodespel, av Ove Ansteinssons Hu Dagmar, Gabriel Scotts Himmeluret og Fossegrimen av Sigurd Eldegard (1931). Men instruktøren Haaland synte òg eit skarpt auge for satirisk utanlandsk dramatikk, t.d. Dr. Knock av Jules Romains (1926) og Juno og påfuglen av Sean O'Casey (1928).

Det var ein røynd teatermann som tok over sjefsstolen på nynorskscenen 1922. Haaland hadde styrke og mot til å stå for ein støyt. Gjennom 11 år skapte han eit grunnfeste for Det Norske Teatret kunstnarleg og økonomisk. Han meinte “det er diktekunsten som må vera fyregangsmann og vegvisar for skodespelkunsten”. Grunntoet i repertoaret var den norske dramatikken. Men han ville òg føre nynorskscenen ut over “skigarden”, gi opningar mot eit moderne litterært repertoar og fange inn internasjonale straumdrag i teaterkunsten. Til å hjelpe seg i dette arbeidet engasjerte han Agnes Mowinckel, som på denne tida var den mest eksperimentlystne blant dei norske instruktørane. Ho bar med seg inspirasjon frå samtidig regikunst ute i Europa. Slik vart grunnlaget lagt for at DNT vann gjetord som eit av dei leiande avantgardeteatra i Norden.

Haaland var òg mykje nytta som stemnetalar og opplesar. Og med truverdig pondus spela han i fleire filmar, m.a. Rasmus Breisteins Liv (1934) og Olav Dalgards Samhold må til (1935). Han hadde hovudrollene i Georg Schnéevoigts Lajla (1937) og Leif Sindings Eli Sjursdotter (1938), og han gav ei frodig framstilling av Bjørnstjerne Bjørnson i Olav Dalgards arbeidarfilm Gryr i Norden (1939).

Kilder og litteratur

  • O. Braaten (red.): Det Norske Teatret. Dei fyrste femogtjue åra, 1913–1938,1938
  • Norsk Allkunnebok,1948–66
  • HEH 1950, 1955
  • N. Sletbak (red.): Det Norske Teatret femti år. 1913–1963,1963
  • TFL,1991
  • SNL,bd. 7, 1997
  • arkivet på DNT

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Lars Osa, 1932; foajeen i DNT, Oslo