Ingerd Ottesdotter

Godseigar og lensstyrar. Foreldre: Riddar og riksråd Otte Matsson Rømer (død ca. 1512) og fru Ingeborg Lydersdotter (van Bergen?). Gift seinast 1494 med riddar og riksråd, seinare rikshovmeister Niels Henriksson (Gyldenløve) (ca. 1458–1523). Svigermor til Jens Thillufsen Bjelke (død 1559), PederHanssøn Litle (ca. 1500–1551), Vincens Lunge (død 1536) og Niels Lykke (død 1535).

Historikaren Ludvig Daae kalla fru Ingerd “den sidste Repræsentant for Norges gamle Høiadel”. Ho var godsrik og hadde sans for økonomi og godsdrift, men kunne nytte ufine middel for å nå sine mål. Saman med svigersonen Vincens Lunge kom ho også til å spele ei viktig rolle politisk. Det er ikkje grunnlag for det biletet Henrik Ibsen teiknar av henne som forkjempar for norsk sjølvstende i skodespelet Fru Inger til Østråt (1855/1874).

Eit brev frå 1494 opplyser at Niels Henriksson og hustru vart opptekne i brorskapet til Nonneset kloster i Bergen. Fru Ingerd er ikkje nemnd med namn, og ho er heilt anonym i brevmaterialet så lenge ektemannen levde. Han døydde seint på året 1523, og like etter markerer fru Ingerd seg både som godseigar og på den politiske arenaen.

Fru Ingerd høyrde til ei yngre grein av Rømerætta og hadde slektsline tilbake til Gertrud og Otte Rømer, som budde på Austrått kring 1400. Deira dotter Elsebe, gift med riddaren Jakob (el. Jep) Fastulvsson, overtok Austrått etter foreldra. Dei hadde borna Narve, Mats (fru Ingerds farfar, nemnd 1414–56) og Gertrud, og fru Elsebe let godset gå samla til sonen Narve Jakobsson (sjå NBL1, bd. 10), som var gift med den danske adelsdama Filippa Borkvardsdatter. Då herr Narve døydde, gifte fru Filippa seg på nytt med riddaren Henrik Jensson (Gyldenløve). Arving til Austrått gard og gods var herr Narves og fru Filippas dotter Gertrud, og ho selde eigedomane sine til stefaren 1455. Det var såleis slektsgods Ingerd Ottesdotter kom til då ho gifte seg med Niels Henriksson.

Hovuddelen av det jordegodset fru Ingerd arva etter faren, var part av den svære godssamlinga etter junker Hans Sigurdsson, som vart skift 1490 (sjå Ingerd Erlendsdotter). Ingerd Ottesdotters farmor, Gro Alvsdotter, var ein av hovudarvingane, og på hennar part fall eigedomar i Sogn, Nordfjord, Finnmark og på Vesthavsøyane. Då broren Olav døydde kort tid etter faren, vart fru Ingerd einearving.

Men for fru Ingerd var arvegodset ikkje nok. Med god hjelp frå den velskolerte svigersonen Vincens Lunge freista ho å dra inn under seg godskompleks som ho hevda rett til. Først stod Giske-godset for tur, den godsmengda som Alv Knutsson hadde fått utlagt 1490, og som hans soneson Karl Knutsson døydde frå 1520. Fru Ingerd drog godset inn under seg, og først 1533, etter dom av riksmøtet på Bud, måtte ho gje det frå seg. Men arvetrettene heldt fram til 1539–40, då fru Gørvel Fadersdotter vart tildømt godset. På den tid hadde ho også måtta melde pass i den lite ærefulle striden ho førde mot Ingerd Erlendsdotter, “gamle fru Ingerd”. Denne arvestriden vart avslutta 1529, då ein herredag i Oslo slo fast at godset skulle tilhøyre borna til Otte Holgerssøn. 1526 prøvde fru Ingerd å få tak i Evje gard og gods i Rygge frå Gaute Galle, og 1539 søkte væpnaren Trond Benkestokk hjelp av Eske Bille for å hindre at ho fekk hand om Meløy-godset på Helgeland. Eske Bille vart også bedt om å “gange y rette” med henne då ho prøvde å sikre seg del av arven etter ein av svigersønene, Niels Lykke.

Ingen av desse arvesakene vann fru Ingerd fram med, derimot fekk ho stor vinning på andre område. I konkurranse med erkebiskop Olav Engelbrektsson greidde svigersønene Vincens Lunge og Erik Ugerup å sikre seg dei lena som Niels Henriksson døydde frå. Erik Ugerup fekk Vardøhus (seinare ombytt med Tønsberg len og St. Olavs kloster), medan Vincens Lunge overlet Fosen, Edøy, Romsdal og Sunnmøre til svigermora. Ho hadde i tillegg Stjørdalen og Herjedalen som pantelen, så brått hadde ho vorte ein av dei større “lensherrane” i landet. 1529 overlet ho lena til Niels Lykke. Han hadde tidlegare styrt pantelena til svigermora, men 1531 overtok ho dei sjølv. Stjørdalen fekk ho livstidsbrev på 1537, og fire år seinare fekk ho på nytt Romsdal, saman med Reins kloster.

I ekteskapet med Niels Henriksson hadde fru Ingerd fem døtre, som alle vart gifte med danske adelsmenn: Margrete (ca. 1495–ca. 1550; gift 1) med Vincens Lunge og 2) med Jens Split (død etter 1565)), Eline (død 1532; gift med Niels Lykke), Anna (død 1557; gift med Erik Ugerup), Ingeborg (ca. 1507–1597; gift med Peder Hanssøn (Litle)) og Lucie (død 1555; gift med Jens Thillufsen Bjelke). Jens Split fekk 1537 Hardanger og to år seinare Halsnøy kloster, Peder Hanssøn vart stor godseigar på Austlandet og var lensherre på Akershus frå 1536 til han døydde, og Jens Thillufsen Bjelke fekk utlagt Holms og Tautra kloster og hadde Jemtland 1542–59.

Yngstedottera Lucie vart midtpunkt i den opprivande familietragedien 1535, då ho fødde eit barn som svogeren Niels Lykke var far til. Barnet døydde, og herr Niels måtte bøte med livet. Fru Ingerd reagerte skarpt, men ho bønfall likevel erkebiskopen om å spare svigersonen, utan at det førde fram. Hendinga kan ha vore medverkande til at Lucie fekk utlagt hovudgarden Austrått, og ho og ektemannen vart stamforeldre til den norske greina av Bjelke-ætta.

Det vitnar ikkje om politisk kløkt at fru Ingerd tok hand om den svenske opprørsleiaren Peder kanslar, som 1526 vart fengsla i hennar len. Det gjer heller ikkje episoden med den såkalla Daljunkern, den falske Sten Sture, som oppheldt seg på Austrått frå hausten 1527 til våren 1528. Ho let seg nok her bruke av Vincens Lunge, men vona sjølv på gevinst. Ho gav svindlaren husly, utstyrte han for ferda tilbake til Sverige og gav grønt lys for truloving med ei av døtrene sine, truleg Eline.

Ønskjet om personleg vinning kan ha vore avgjerande for at fru Ingerd ikkje hadde vanskar med å avskrive katolisismen. Allmugen i Sogn klaga 1529 over valdsferd frå henne og Vincens Lunge og hevda at dei hadde avskrive “then helgia christelighe troo”. Det resulterte i konflikt med erkebiskopen. 1531 prøvde han å overtale fru Ingerd til å hylle Christian 2, men det avviste ho med hånlege ord. I brev til erkebiskopen peika Christian 2 ut fru Ingerd og hennar to svigersøner som sine hovudfiendar og ville ha dei fengsla. Erkebiskopen svara med å inndra alt godset hennar i Trøndelag, men måtte gje det frå seg att etter at Christian var jaga frå landet.

1531 vart fru Ingerd — sikkert etter eige påtrykk – vald til styrarinne for Reins kloster. To av dei klagemåla erkebiskopen la fram for kong Frederik 1532, var at ho hadde “forweruit” Reins kloster og svigersonen Niels Lykke Holms kloster “met gotz oc eygedelde tiil ewerdelig eggenn”. I den motsetnadsfylte tida som følgde etter riksmøtet på Bud 1533, vart både fru Ingerd og erkebiskopen taparar: Ho miste to svigersøner og vann heller ikkje fram med arvekrava sine; han måtte strekkje våpen og røme landet. Som eit siste farvel då han segla ut Trondheimsfjorden for å dra i eksil, let Olav Engelbrektsson mennene sine plyndre Austrått.

1539 oppheldt fru Ingerd seg hjå Erik Ugerup og dottera Anna på Seim, administrasjonsgarden i Tønsberg len, og herifrå skreiv ho til borgarar og råd i Deventer i Nederland for å få tilbake verdisakene etter Niels Lykke, som erkebiskopen hadde konfiskert. Det ser ikkje ut til at ho lykkast med det. Ho hadde no sjølv vorte “gamle fru Ingerd” og var nok merka av dei familiære tragediene. Men turen som ho 1555 la ut på til Bergen, der ho hadde sin eigen gard, tyder på at ho tok del i styringa av godsa sine til det siste. Turen enda tragisk både for henne og dottera Lucie. Men dei vart funne etter forliset, og begge fekk si grav i hovudkyrkja på Ørlandet, nær ved Austrått.

Kilder og litteratur

  • DN, bd. 1 nr. 980, 1035, 1043 og 1075, bd. 2 nr. 1111, 1114, 1125 og 1131, bd. 3 nr. 1145, bd. 5 nr. 1062, 1090 og 1095–97, bd. 6 nr. 742 og 747, bd. 7 nr. 579 og 676, bd. 8 nr. 525, 663 og 707, bd. 9 nr. 566, 568, 612, 623, 626–627, 631, 636–637, 640, 651, 656, 692, 699 og 713–725, bd. 10 nr. 459, 514, 568, 630–632 og 738, bd. 11 nr. 606–607 og 610–628, bd. 12 nr. 428, 434, 533 og 585, bd. 13 nr. 413 og 522, bd. 14 nr. 551 og 622, bd. 15 nr. 530, bd. 16 nr. 540, bd. 18 nr. 341 og bd. 22 nr. 152, 155, 230, 351 og 388
  • NRR, bd. 1, 1861
  • L. Daae: “Fru Inger Ottesdatter og hennes Døtre”, i HT, bd. 3, 1874, s. 224–336
  • E. Bull d.e.: Vincens Lunge, 1917
  • NHfNF, bd. 3:2, 1917
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • H. Sollied: “Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. I. Rømer–Gyldenløve”, i NST, bd. 6, 1938, s. 245–279
  • H. Koht: Vincens Lunge contra Henrik Krummedike, 1950
  • d.s.: Olav Engelbrektsson og sjølvstende-tapet, 1951
  • P.-Ø. Sandberg: Jordeboka over Hans Sigurdssons norske godskompleks. Et forsøk på rekonstruksjon av Sudrheimsættens jordegods i Norge ca. 1500, h.oppg. UiO, 1970
  • L. Hamre: Norsk historie 1450–1513, 1971
  • G. Leistad: “Om ættene Rømer og Smør samt en seiglivet gjenganger i norsk middelaldergenealogi”, i NST, bd. 30, 1985, s. 124–130
  • d.s.: “Nesøya og nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig ny tid”, i Asker og Bærum Historielag. Skrifter 37, 1997, s. 311–346
  • Ø. Rian: Den nye begynnelsen 1520–1660, bd. 5 i ANH, 1995
  • L. Hamre: Norsk politisk historie 1513–1537, 1998
  • arkivet til Adelsprosjektet v/Tore H. Vigerust

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.