Inge 1 Haraldsson Krokrygg

Konge. Foreldre: Kong Harald 4 Gille (ca. 1102–1136) og dronning Ingerid Ragnvaldsdotter (ca. 1105–ca. 1170). Ugift. Halvbror til kongane Øystein 2 Haraldsson (ca. 1125–1157) og Sigurd 2 Haraldsson Munn (1133–55) og til Brigida Haraldsdotter (død etter 1202).

Inge Krokrygg hadde fysiske handikap frå han var liten og hadde nok lite personleg makt, men partiet hans vann i første omgang striden med tilhengarane av dei to halvbrørne han skulle dele riket med. Sjølv vart Inge drepen i kamp med flokken til Håkon Herdebrei, sonen til Sigurd Munn.

Kongssonen Inge var i Viken hos fosterfaren Åmunde Gyrdsson då far hans, kong Harald Gille, vart drepen 1136. Inge var då på det andre året. Hans to år eldre halvbror Sigurd var til fostring i Trøndelag hos Såda-Gyrd Bårdsson. Dronning Ingerid og lendmennene til den avdøydde kongen sendte straks beskjed til Trøndelag om å gje Sigurd kongsnamn der, medan dronninga sjølv reiste til Viken og fekk Inge teken til konge på Borgarting.

Dei to barnekongane hadde felles hird den første tida, og det ser ut til at krinsen av stormenn kring dei to kongssønene har vore innstilt på samarbeid. Sentralt i formyndarstyret stod, forutan fosterfedrene til dei unge kongane, Ogmund Deng frå Støle i Sunnhordland. Ogmunds far hadde fostra Magnus, ein annan son av Harald Gille, som døydde i ung alder. I tillegg finn vi trøndaren Ottar Birting i ein sentral posisjon. Han vart Inges stefar gjennom ekteskap med dronning Ingerid etter Haralds død.

Sagaforfattarane skildrar Inge som vakker, vennleg og veikhelsa. Tilnamnet Krokrygg (også Kropp el. Kryppill) fekk han av di ryggen hans var krum og den eine foten kortare enn den andre; ifølgje tradisjonen vart han slik etter at han vart boren i fosterfaren si kappe under eit slag.

1142 kom Øystein, ein fjerde son av Harald, frå Skottland og vart tilkjent sin tredjedel av farsarven. Han heldt si eiga hird, og etter kvart som Inge og Sigurd vart vaksne, skilde også dei hirdane sine. Dei gamle rådgjevarane var gått bort, medan dei nye menn som no gjorde seg gjeldande, ser ut til å ha ført ein meir offensiv politikk. Dei fremste leiarane blant Inge sine menn i denne tida var Gregorius Dagsson frå Bratsberg og Erling Skakke, bror til den omtala Ogmund Deng frå Støle.

Samarbeidet blir etter kvart avløyst av væpna strid mellom brørne i andre halvdel av 1150-åra. Sagaskrivarane legg skulda for striden på Øystein og Sigurd, som 1155 planla å avsetje Inge, av di dei meinte han ikkje hadde helse til å vere konge. Men mellom linjene kan vi lese at Gregorius' uforsonlege haldning i konflikten må ta ein del av skulda. Etter egging frå Gregorius la Inge til slag mot Sigurd midtsommars 1155, der Sigurd fall. Øystein heldt stand ei stund til, sjølv om mange av mennene hans gjekk over til Inge og Gregorius. 1157 vart også Øystein felt, men restane av flokken hans utropte snart den 10-årige sonen til Sigurd, Håkon Herdebrei, til konge. I ein kamp mot Håkons menn ved Konghelle januar 1161 vart Gregorius drepen, og berre ein månad etter fall Inge sjølv i kamp mellom hans menn og Håkon Herdebreis flokk på isen utanfor Oslo.

Mot slutten av kong Inges styringstid ser det ut til at skilja mellom dei stridande partane har vorte klarare. Hovudvekta av lendmennene i Vika og på Vestlandet har følgt Inge, medan Sigurd, Øystein og seinare Håkon har fått størst oppslutnad frå Trøndelag og dei indre delane av Austlandet. Fleire, vesentleg eldre historieskrivarar, har tolka den sterke lendmannsgrupperinga kring Inge og hans påståtte venskap med kardinalen Nicolaus Brekespear som eit uttrykk for ei aristokratisk og universalkyrkjeleg samling mot antiaristokratiske og nasjonalkyrkjelege krefter. Mot dette kan det innvendast at Inges motstandarar, blant dei også Håkon Herdebrei, henta si støtte frå dei øvre sosiale laga, og at det er lite i kjeldene som tyder på motstand mot universalkyrkjelege krefter i dette tidsrommet.

Kilder og litteratur

  • Fagrskinna, utg. av Finnur Jónsson, København 1932
  • Heimskringla, utg. av Finnur Jónsson, 1911
  • Morkinskinna, utg. av Finnur Jónsson, København 1902–03
  • Ágrip, utg. og oms. av G. Indrebø, 1936
  • A. Bugge: “Kirkepolitik og politiske partier i Norge 1152–1164”, i HT, bd. 24, 1916, s. 169–187
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • K. Helle: Norge blir en stat 1130–1319, bd. 3 i Handbok i Norges historie, 1974
  • E. Gunnes: Rikssamling og kristning 800–1177, bd. 2 i CNH, 1976

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.