Hjalmar Falk

Språkforskar og filolog. Foreldre: Kjøpmann Gustav Falk (f. 1827) og Dorothea Margarethe Sejersted (1827–67). Gift 12.5.1903 med Laura Caroline Staff f. Aall (2.8.1872–6.1.1964; enke etter artillerikaptein Peder Staff, 1864–99), dotter til fabrikkeigar Jørgen Engelhardt Aall (1846–1923) og Anne Marie Schneider (1850–1941).

Hjalmar Falk var professor i germansk filologi ved universitetet i Kristiania i 30 år. Interessene hans femna over mange emne, især frå språk- og kulturhistoria, og saman med Alf Torp gav han ut ei stor norsk-dansk etymologisk ordbok. Han var rådgjevar for styresmaktene om stadnamn og leiar for komiteen som førebudde rettskrivingsreforma 1917.

Etter examen artium på reallinja 1876 studerte Falk først ingeniørvitskap ved den polytekniske høgskulen i Dresden 1876–77 og matematikk i Kristiania 1877. Året etter braut han av dei matematiske og teknologiske studia sine for å gå over til filologi, og vart cand.philol. i Kristiania 1882. Han fekk Kronprinsens gullmedalje 1885 for prisoppgåva Om orddannelse ved sammensætning i oldnorsk, og 1888 disputerte han for den filosofiske doktorgraden på avhandlinga Die nomina agentis der altnordischen Sprache.

1890–95 var Falk universitetsstipendiat i germansk filologi, og i desse åra underviste han også på Kristiania Handelsgymnasium, Krigsskolen og ein privat lærarinneskule i Kristiania. 1895 vart han utnemnd til dosent ved universitetet og 1897 til professor i germansk filologi, med plikt til å undervise i tysk og – i nokon grad, fram til 1916 – i nordisk. Han meistra altså både tysk og nordisk språkvitskap. På den tida var nordistikken helst å sjå på som ei undergruppe av germanistikken.

Hjalmar Falk var både lingvist og filolog. Det er – og var – ein ikkje uvanleg kombinasjon. Frå 1880-talet var språkvitskapen sterkt prega av den såkalla junggrammatiske (av jung, 'ung') skulen, som hadde til føremål først og fremst å kartleggje og beskrive lovene for lydutviklinga. Utgangspunktet var eit postulat om at desse lovene var unntakslause, og ein såg såleis for seg at dei kunne beskrivast i samsvar med naturvitskapleg metode. Med dette som utgangspunkt fekk etymologien (læra om ords opphav og tyding) ein sentral plass. Falk kom med i det junggrammatiske studiet av nordiske språk alt som ung kandidat, under påverknad av Sophus Bugge og Johan Storm her heime, men først og fremst av tyskarane Hermann Paul, Wilhelm Wundt og også Eduard Sievers, som han studerte under i Tübingen 1886–87. I åra 1885–89 publiserte han ei rekkje avhandlingar om nordisk lydhistorie, dei fleste i Arkiv for nordisk filologi. Doktoravhandlinga hans skal framhevast spesielt i denne samanhengen.

Men Falk var som nemnt også filolog. Og det var først og fremst som filolog han hadde kontakt med Sophus Bugge. Folkeminnegranskaren Moltke Moe kom også til å bety mykje for han; Moe og Falk var for øvrig venner frå ungdommen av. Falks interesse på dette området spente vidt ut over den reine filologien. Han var oppteken av nordisk segnhistorie, mytologi og folkeminne. Som filolog arbeidde han mykje med skaldedikting og med norrøn mytologi, det siste sterkt inspirert av Sophus Bugge. Interessa hans for nordisk mellomalder resulterte i to større avhandlingar om dei norrøne tekstane Sviþdagsmál og Sólarljoð. Mest kjend er likevel avhandlinga Om Friðþjófs saga.

Falk var også ein stor popularisator. Småbøkene Vanskabninger i det norske sprog, Sprogets visne blomster og Kulturminder i ord, som kom i åra 1894–1900, er døme på det. Dette er bøker som drøftar ords etymologiske tyding og elles andre sider ved språket med ein viss underhaldningsverdi. Såleis kan vi slå fast at Falk var ein av dei første norske språkforskarane som såg det som ein del av oppgåva si å drive populærvitskapleg formidling.

Det verket Hjalmar Falk er mest kjend for i ettertida, gav han ut i lag med den næraste vennen sin, Alf Torp. Det er Etymologisk ordbog over det norske og danske sprog, som kom i to bind 1903–06. Verket er framleis å rekne som eit etymologisk hovudverk i nordisk språkvitskap, og fekk etter at det 1910 vart omsett til tysk og utvida monaleg, også ei viktig rolle å spele i europeisk etymologisk forsking. Verket har heilt fram til vår tid hatt mykje å seie innanfor indoeuropeisk språkvitskap.

På same måten som Falk både er filolog og lingvist, kan vi seie at han sameiner den lingvistiske sansen for form og system med – og da med eit moderne ord – den sosiolingvistiske sansen for forholdet mellom språk og samfunn. På sett og vis er det nemleg rett å karakterisere han også som sosiolingvist, sjølv om nett den termen ikkje var i bruk i hans tid. Som lingvist kom Falk til å vie seg til syntaks, semantikk og grammatikk generelt. Saman med Torp gav han ut Dansk-norskens lydhistorie og Dansk-norskens syntax. Begge desse blei mykje brukte som handbøker. Dei to lærebøkene Betydningslære og Grammatikkens historiske grunnlinjer skreiv han for dei nye propedeutiske kursa for filologistudentar som blei innførde i 1920-åra.

Som filolog og sosiolingvist arbeidde Falk med kombinerte språk- og kulturhistoriske problemstillingar innanfor den tradisjonen som er blitt kjend som “Wörter und Sachen”. I det kjende tidsskriftet med same tittel publiserte han 1912 det første av dei store arbeida sine over nordisk realfilologi, Altnordisches Seewesen. Seinare kom Altnordische Waffenkunde og Altwestnordische Kleiderkunde. I desse arbeida kombinerer han detaljert ordkunnskap med djup kulturhistorisk innsikt.

Hjalmar Falk var ein av samtidas aller mest sentrale nordistar. Han tok direkte og indirekte aktivt del i det som var datidas sentrale prosjekt, nasjonsbygginga. Og han blei da også brukt i mange av dei samanhengane der nasjonsbygginga kravde språkleg kunnskap og innsikt. Han gav ut Buskerud-bindet av Oluf Ryghs storverk Norske Gaardnavne, og saman med Marius Hægstad var han den første norske stadnamnkonsulenten. Det er dei to som står bak framlegget om å erstatte “amt” med “fylke”, og dei kom med nye forslag til ei rekkje fylkes- og kommunenamn, namn som no er å sjå på som veletablerte og nærast sjølvsagte. Falk var dessutan formann for den rettskrivingskomiteen som førte til rettskrivingsreforma av 1917. I yngre år deltok han aktivt i det offentlege ordskiftet om praktisk-språklege og pedagogiske spørsmål og var også aktiv som foredragshaldar i folkeopplysningssamanheng.

Falk var formann i Det Norske Studentersamfund 1895. Han var òg med i styringa av universitetet som dekan ved det historisk-filosofiske fakultetet 1906–09. Han var medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi) og preses der ei tid. 1911 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Verker

    Eit utval

  • Om orddannelse ved sammensætning i oldnorsk, 1885
  • Die nomina agentis der altnordischen Sprache, i Beiträge zur Geschichte der deutschen Sprache und Literatur 14, Strasbourg 1887
  • Oldnorsk læsebog for latin- og realgymnasier, 1889
  • Om Friðþjófs saga, i Arkiv för nordisk filologi 6, Lund 1890, s. 60–102
  • Om en reformeret tegnsætning, Norsk retskrivningssamlags smaaskrifter 3, 1893
  • Om Sviþdagsmál, i Arkiv för nordisk filologi 9, 1893, s. 310–362
  • Vanskabninger i det norske sprog. Populære foredrag, 1894
  • Sprogets visne blomster, 1895
  • Dansk-norskens lydhistorie med særligt hensyn på orddannelse og bøining (sm.m. A. Torp), 1898
  • Dansk-norskens syntax i historisk fremstilling (sm.m. A. Torp), 1900
  • Kulturminder i ord, 1900
  • Etymologisk ordbog over det norske og danske sprog (sm.m. A. Torp), 2 bd., 1903–06 (faksimileutg. i 1 bd. 1991; ty. utg. Norwegisch-dänisches etymologisches Wörterbuch, 2 bd., Heidelberg 1910–11)
  • Buskeruds amt, bd. 5 i O. Rygh: Norske Gaardnavne, 1909 (faksimileutg. 1967)
  • Wortschatz der germanischen Spracheinheit (sm.m. A. Torp), bd. 3 i A. Fick (red.): Vergleichendes Wörterbuch der indogermanischen Sprachen, Göttingen 1909
  • Altnordisches Seewesen, i Wörter und Sachen 4, Heidelberg 1912 (sv. utg. Fornnordisk sjöfart, Skärhamn 1995)
  • Altnordische Waffenkunde, VSK Skr. II 1914 nr. 6, 1914
  • Sólarljoð, VSK Skr. II 1914 nr. 7, 1914
  • Utredning om landets inddelingsnavne, 1915
  • Utredning om norske bynavn (sm.m. M. Hægstad), 1918
  • Altwestnordische Kleiderkunde, VSK Skr. II 1918 nr. 3, 1919
  • Betydningslære. Semasiologi, 1920
  • Bidrag til norsk folkemedisin, del 1 (sm.m. N. Lid og I. Reichborn-Kjennerud), 1921, del 2 (sm.m. I. Reichborn-Kjennerud), 1923
  • Grammatikkens historiske grunnlinjer, 1923
  • Odensheite, VSK Skr. II 1924 nr. 10, 1924

Kilder og litteratur

  • HEH 1912
  • Stud. 1876, 1901, 1926
  • M. Olsen: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • H. Stammerjohann (red.): Lexicon Grammaticorum. Who's who in the History of the World Linguistics, Tübingen 1996

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Maleri (halvfigur) av Kristofer Sinding-Larsen, 1923; UiO

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.