Faktaboks

Henrik Rytter
Fødd
18. januar 1877, Bjørnør (no Roan), Sør-Trøndelag
Død
18. september 1950, Ustedalen i Hol, Buskerud
Verke
Forfattar, omsetjar og skulemann
Familie
Foreldre: Lærar Anders Henriksen Grytnæs (1842–1916) og Hanna Margrethe Jensen (1853–1926). Gift 1) i Ørsta 30.3.1902 med Maren Ovidia Olsen (3.11.1877–1972), dotter til skomakarmeister Ole Kristian Olsen og Ingeborg Laurine Karlsdotter Dybvig, ekteskapet oppløyst 1930; 2) 1932 med Ellen Margrethe Hornsrud f. Smith-Andersen (f. 16.11.1897), dotter til dr. Anders Smith-Andersen (1861–1925) og Magdalene Rahbek-Smith (f. 1866). Far til Olav Rytter (1903–92).

Henrik Rytter skreiv sjølv dikt og skodespel, men vart kanskje mest kjend for å ha omsatt verkene til fleire av dei store diktarane i verdslitteraturen – m.a. Shakespeare og Dante – til nynorsk.

Rytter-ætta heldt til i Trøndelag og på Nordmøre, men nordmørsgreina miste etter kvart ættegarden, og Henrik Rytters bestefar var husmann på Grytnes i Øksendalen. Far til Henrik var lærar og ein kjend emissær i Indremisjonen, men hevda liberale synspunkt og kom på kant med indremisjonsleiinga.

Rytter vaks opp på Haram, og motiv frå storhavet og øylivet vart eit varig tema i diktinga hans. Etter mellomskulen i Volda 1892, Trondhjems Tekniske Læreanstalt 1897 og Volda Lærarskule 1899 var han lærar på Lista, Sunnmøre og Nordmøre til han 1907 vart tilsett ved Møre Folkehøgskule i Ørsta. 1913 starta han Nordmøre Folkehøgskule på Gimnes. Men tre år etter vart garden teke tilbake på odel, og Rytter flytte til Asker og vart buande i Oslo-området til han om lag 1940 slo seg ned i Ustedalen i Hallingdal. Folkehøgskulen vart likevel ei livslang interesse, og han var mykje nytta som forelesar og talar.

Frå 1920 var Rytter aktiv som poet, skodespelforfattar, omsetjar, teaterkonsulent og samfunnsdebattant. Det første diktverket var “lagnadsspelet” Dømde frå 1907, og i dette som i dei neste skodespela er det sine eigne eksistensielle problem han tek opp til drøfting. Det siste, Prestegarden og øya frå 1939, vart spelt også under krigen og vart godt motteke.

Rytter var konsulent for Det Norske Teatret i mest to tiår og dertil omsetjar av 22 skodespel. Hans største bragd var omsetjinga av alle Shakespeares skodespel. Han er blitt kritisert for å bruke alderdomlege ord og vendingar og ord han sjølv fann på, men seinare omsetjingar til nynorsk byggjer i stor grad på hans tekst.

På oppmoding frå Hans Jacob Nielsen, som ville avromantisere Ibsens skodespel Peer Gynt, omsette Rytter det til nynorsk. Rytters tekst er folkeleg og realistisk, og med Harald Sæveruds musikk vart Peer Gynt ei viktig teaterhending også internasjonalt. Rytter sette også om Den guddomlege komedien, der han gjenskapte Dantes eige versemål, med kjønnsbøyingar. Den omsetjinga vart seinare fullført og forenkla av Sigmund Skard.

Rytter omsette eit utal dikt frå mange språk. I nokre år hadde han ein fast programpost i NRK der han las sine eigne omsetjingar. Han gjorde også fleire omsetjingar til bokmål, dei fleste anonymt. Den mest kjende er Decameronen, som vert rekna som eit språkleg meisterverk og er blitt utgitt fleire gonger.

1919–28 gav Rytter ut seks diktsamlingar, der naturskildringar, minne frå barndom og tankar om lange ætte-liner er hovudtema – alle knytt til eksistensielle problemstillingar. Rytters dikt viser hans særs vide internasjonale orientering og hans tilknyting til den store europeiske humanismetradisjon. Goethe, Shakespeare, Shelley og Byron var hans store ideal, ved sida av Wergeland, som han skreiv innsiktsfullt om ved fleire høve. Han sette òg stor pris på Robert Burns, og enkelte dikt, særleg i Vokune, kan minne om han.

Rytters dikt er ofte språkleg kompliserte og stemningsmessig høgstemte, men han skreiv også meir lettlesne kjærleiksdikt og naturskildringar i eit enklare språk og i viseform. I den siste diktsamlinga Likevel –! nyttar han eit friare versemål, inspirert av nye drag i norsk og internasjonal dikting.

Rytter skreiv fleire artiklar om litteratur-teoretiske spørsmål i Ung-Norig og i Syn og Segn, og han var aktiv som kritikar i aviser og tidsskrift. Han var også engasjert i politikk og samfunnsspørsmål, og med utgangspunkt i den gamle norske bondekulturen ville han reformere folkehøgskulen med fleire praktiske fag og med vekt på ei meir realistisk framstilling av norsk historie og orientering om den store europeiske humanisme-tradisjon.

Etter kvart vart Rytter meir oppteken av sosialistiske idear og tok del i debattane i Mot Dag og Studentersamfundet. Han inntok ofte kontroversielle og uventa synspunkt. I 1930- og 1940-åra skreiv han ei lang rekkje artiklar i bl.a. Dagbladet og Norsk Tidend, der han argumenterte for at bønder og arbeidarar måtte stå saman i kampen mot kapitalisme og undertrykking.

1937 kom Norden har ordet – Eit Stridsskrift, eit velskrive polemisk oppgjer med nazistanes raseteoriar og misbruk av nordisk mytologi og historie. Han gjer greie for samfunnsutviklinga i Norden og held fram den sjøleigande bonden som bærar av demokratiske tradisjonar. Boka formulerer hard kritikk av dei krefter som ikkje motarbeider nazismen: kyrkja, skulen, “storavisene”, kapitalistar og reaksjonære krefter i bonderørsla, og sjølvsagt Fædrelandslaget og Nasjonal Samling. Den vart sabotert av mange aviser og bokhandlar og var ei av dei første bøkene som vart beslaglagt 1940.

Frå 1945 engasjerte Henrik Rytter seg i debatten om NATO og bruk av atomvåpen. Han såg på den kalde krigen som eit nederlag for kampen for menneskerettar og internasjonal solidaritet. Då han brått døde, låg manuskriptet til det som vart hans siste diktsamling, i posten. Likevel –! er prega av Rytters engasjement i dagsaktuelle politiske saker – NATO, den kalde krigen og atomfaren – men også av optimisme og framtidsvon.

Verker

    Eit utval

  • Dømde, skodespel, 1907
  • Himmel og jord, forteljing, 1915
  • Bråhamaren, skodespel, 1917
  • Båra, dikt, 1919
  • Øya, dikt, 1920
  • Herman Ravn, skodespel, 1924
  • Jordsonen, dikt, 1925
  • Våren, skodespel, 1926
  • Skålene, dikt, 1926
  • Vokune, dikt, 1927
  • Eros, dikt, 1928
  • Manns Vilje, skodespel, 1932
  • Norden har ordet – Eit Stridsskrift, 1937
  • Prestegarden og øya, skodespel, 1939
  • Likevel –!, dikt, 1950

    Omsetjingar (eit utval)

  • William Shakespeare: Skodespel, 10 bd., 1932–33
  • Giovanni Boccaccio: Decameronen, 4 bd., 1934–35
  • Henrik Ibsen: Peer Gynt, 1948
  • Dante Alighieri: Den guddomlege komedien (fullførd av S. Skard), 1965

Kilder og litteratur

  • HEH, 1950
  • O. Midttun: biografi i NBL1, bd. 12, 1954