Havtore Jonsson

Riddar, syslemann, kongeleg rådgjevar og stor godseigar. Foreldre: Baron Jon Ivarsson Raud (ca. 1245–ca. 1312); moras namn er ikkje kjent. Gift truleg 1307 el. 1308 (trulova 1302) med Agnes Håkonsdotter (nemnd 1302–12). Far til Jon Havtoresson (ca. 1312–ca. 1390) og Sigurd Havtoresson (ca. 1315–ca. 1392); svoger av Torvald Toresson (ca. 1250–etter 1330) og Ingebjørg Håkonsdatter (f. 1301– død trolig 1361).

Havtore Jonsson høyrde til krinsen av nære rådgjevarar til Håkon 5, og som kongens svigerson hadde han ein framskoten posisjon. Han var av den kjende Sudrheim-(Sørum-)ætta og hadde truleg kongeblod i årene. I tillegg var han kongetru, ein kombinasjon som kan forklåre at kong Håkon gav han si utanomekteskapelege dotter til ekte.

Slektsbakgrunnen til Havtore Jonsson er omdiskutert. Faren, Jon Ivarsson Raud, er siste gong omtala juni 1312 og døydde truleg like etter. Med tilvising til Gustav Storm har både Halvdan Koht (i NBL1) og andre historikarar ført inn Jon på Sørum, nemnd i sagaen som Håkon Håkonssons frende, som Jon Ivarssons farfar, men Henning Sollied avviser det. Han har sannsynleggjort at far til Jon Ivarsson var Ivar av Skedjuhov (Skea på Romerike), og han finn det “meget nær å slutte” at Ivar var son til stormannen Olav Mok, som vart drept av ribbungane 1224. Kongsfrenden Jon plasserer Sollied på Sørum i Luster (Sogn), men det har også vorte gissa på (Geirr Leistad) at han høyrde til Sudrheim-ætta og var nærfrende til Ivar av Skedjuhov.

Jon Ivarsson Raud hadde fem born; i tillegg til Havtore, som truleg var eldst, var det sønene Ivar (død 1309) og Tore (med tilnamnet Tinghatt, død 1310) og døtrene Ragnhild og Ragndid (den første gift med baronen Sæbjørn Helgesson, den andre med riddaren Torvald Toresson av Papøy på Hjaltland). Både Ivar og Tore Tinghatt hadde riddarstatus, og begge fall i slag.

Trulovinga mellom Havtore og jomfru Agnes skjedde 1302. Vi veit ikkje sikkert når bryllupet stod, men dersom vi går ut frå at Havtore fekk riddarslaget samstundes med at han vart kongens svigerson, kan det ha vore ca. 1307. Første gong Havtore er omtala med herretittel, er rett nok 1312. Saman med faren og andre framståande menn ferda han dette året ut brev om makeskifte mellom Mariakyrkja i Oslo og Hovudøy kloster, og etter plasseringa i brevet må han ha lengre ansiennitet enn ein annan av utferdarane, Bjarne Audunsson, som er omtala med herretittel 1308.

I heimanfølgje fekk jomfru Agnes 15 gardpartar på Romerike, med samla skyld noko over 5 markebol. 1312 drog kongen gardpartane inn att under kongedømet “til æveleg eigedom”, og i staden la han ut Sorknes i Solør med ei skyld på 6 markebol. Det kan vere naturleg å tolke dette slik at kongen la ut eigedomar av sitt patrimonium eller private jordegods då dottera gifte seg. Då han gjorde om gåva – truleg etter bøn frå svigersonen – tok han ein gard av det eigenlege krongodset (bona corona), og i staden overførde han til krona det han tidlegare hadde lagt ut av privatgodset. Ein slik praksis, som var vanleg i Vest-Europa, har vi også andre døme på i Noreg, men sidan Noreg var eit arverike, var skiljet mellom patrimoniet og bona corona ikkje så absolutt her. Berre fire dagar seinare fekk herr Havtore ei ny storstilt gåve, nemleg kongens tomt og gard i Sarpsborg med jordstykke og fossefall. Dette var det seinare Borregård, som vart verande i etterslekta til Havtore Jonsson til fram på 1600-talet.

Bortfestinga av jomfru Agnes var ei klår politisk handling. Samstundes med at han sikra seg stønad frå den mektige Sudrheim-ætta, feste Håkon den eittårige dottera si, Ingebjørg, til den svenske hertug Erik, og gjekk i gang med å utarbeide nye reglar for den kongelege arvefølgja, riksstyret og eit framtidig formyndarstyre. I dette mønsteret høver det også å setje giftarmålet mellom Agnes og Havtore til 1307/1308, då kongen stod midt oppe i konflikten med hertug Erik og var i arbeid med rettarbota frå 1308. Kongen takka herr Havtore med å gjere om bryllupsgåva og gje han eigedomen sin i Sarpsborg “for dei store tenestene som Vi jamnleg har fått av mågen Vår”.

Skea i Sørum, der Havtores farfar hadde tilhald, var også seinare ein av hovudgardane i Sudrheim-godset. Det er først med Havtore at Sørum blir omtala som hovudgard, og då i samband med den sysla han hadde på Romerike. Sørum kan tidlegare ha vore krongods, og det kan ha vore som syslemann og kongsfrende Havtore overtok garden. Ein hovuddel av Sudrheim-godset låg i Borgarsysla, m.a. storgarden Huseby i Onsøy, og med Borregård fekk eigedomen her ein kraftig tilvekst. I arveoppgjeret fekk eldstesonen Jon Borregård-/Huseby-delen, Sigurd fekk Sørum-delen med Giske, som vart hovudgarden til Sigurd.

Havtore Jonsson var ein mann i sin beste alder då han døydde, truleg midt i 40-åra. Siste gong vi høyrer om han, var 20. april 1319, då han saman med sju andre stormenn stod ved senga til den døyande kong Håkon og under eid lova å halde alle kongens forordningar om arvetal og riksstyre. Havtore var nok sjølv sjuk på den tid. Då forhandlingane mellom Noreg og Sverige om kongefellesskap vart sluttførde i juni 1319, var han anten død eller så sjuk at han ikkje kunne møte. Dei to sønene han hadde i ekteskapet med Agnes, Jon og Sigurd, var born på den tid, men dei skulle kome til å bli leiande innan stormannsgruppa i tida som følgde.

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • NgL, rk. 1, bd. 3, 1849
  • DN, bd. 1 nr. 132, 156 og 213, bd. 3 nr. 97, bd. 4 nr. 95 og 370
  • RN, bd. 3 nr. 651, bd. 4 nr. 67
  • G. Munthe: “Heraldisk-historiske Optegnelser”, i SNFSH, bd. 4, 1836, s. 124f.
  • NFH, del 4, bd. 2, 1859
  • NHfNF, bd. 2:2, 1916
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • H. Sollied: “Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. III. Sudrheims-ætten”, i NST, bd. 8, 1942, s. 112–132, 259–280 og 384–402
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, 1972
  • G. Leistad: “Nesøya og Nesøygodsets eiere i middelalderen og tidlig nytid”, i Asker og Bærum Historielag. Skrift nr. 37, 1997, s. 311–346

Portretter m.m.

    Segl

  • Avtrykk av Havtore Jonssons segl finst på eit brev frå 1314, i RA, Oslo

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.