Faktaboks

Hallfrid Christiansen
Fødd
20. februar 1886, Gimsøy (nå Vågan), Nordland
Død
29. september 1964, Oslo
Verke
Språkforskar
Familie
Foreldre: Lærar og klokkar Peder Adolf Andreassen (1858–1942) og Fredrikke Georgine Benjaminsen (1859–1942). Gift 1) september 1907 med skulestyrar Rasmus Christian Angell (1875–1908), son til gardbrukar og bokbindar Johan Angell og Dorthea Nielsdatter; 2) med journalist Olav Lüchen Kopstad (død 1915); 3) 1924 med arkitekt Julius Christiansen (1880–1967).
Hallfrid Christiansen
Hallfrid Christiansen
Av .

Ved eit mistak kom Aftenposten til å prente minneord om språkforskaren Hallfrid Christiansen seks dagar før ho døydde, og ho fekk stykket opplese for seg same dagen. Det opna med at “et eiendommelig livsløp” no var slutt. Med det tenkte forfattaren truleg ikkje på at ho vart enke to gonger før ho var fylt 30 år, men på den uvanlege faglege livsvegen hennar.

I ungdommen gjekk ho på folkehøgskule og mellomskule, men ho tok examen artium fyrst 1924–25, som 39 år gammal husmor. Deretter studerte ho filologi, og etter norsk og tysk bifag budde ho seg til å ta magistergrad eller hovudfag. 1931 hadde ho den vitskapelege avhandlinga ferdig i manuskript. Ho vart prenta og etterpå godkjend til forsvar for doktorgraden. Disputasen stod 1935.

I avhandlinga Gimsøy-målet skildra Hallfrid Christiansen morsmålet sitt, dialekten ho hadde vakse opp med. Den teoretiske bakgrunnen bygde ho på eige studium av lingvistisk litteratur og elles mykje på førelesingar av Alf Sommerfelt, professor i allmenn språkvitskap. Han var vitskapeleg utdana ute i Europa og formidla nye språkvitskaplege tankar særleg frå Frankrike. Det galdt fonetikk, studiet av den språklege substansen, men mest fonologi, studiet av språket som eit funksjonelt system. Med eit amerikansk stipend studerte ho sjølv i Frankrike. Ein annan ho stod fagleg nær, var Carl Marstrander, professor i keltisk og dessutan runolog.

Eit kjerneomgrep i avhandlinga om Gimsøymålet er fonemet; det er den minste språkeininga som skil mellom ordtydingar. Fonema i eit språk finn ein ved substitusjonsprøva, der ein set ulike lydar i like omgjevnader og ser etter om byte av lydar gjev ny tyding. Eit kontrasterande par som mat og mot fortel at vokalane a og o er ulike fonem, og eit par som bil : pil syner det same for konsonantane p og b. I eit par som skjære : kjære står bokstavrekkjene skj og kj for kvart sitt fonem, fonetisk [ʃ] og [ç]. Men Hallfrid Christiansen fann ikkje berre fonemsystemet i gimsøymålet, ho skreiv opp eit stort ordtilfang og synte korleis fonema vart brukte i ulike posisjonar, og at dei var lekker av ein heilskap som utgjorde ein funksjonell språkleg struktur.

Eit slikt studium av ein norsk dialekt hadde ingen gjort før. Ein stor føregangar, Amund B. Larsen, hadde nok tenkt sjølvstendige tankar i same lei som ny språkvitskap gjekk, men han hadde ikkje forma dei ut i ein lærebygnad som var lett å bruke for andre. I norsk målføregransking rådde elles den historiske metoden, der lydar og former vart sette i høve til gammalnorsk. Det studiet var samstundes uttrykk for ein ideologi: det å byggje nasjonen ved å skapa ein språkleg samanheng frå gammalnorsk gjennom dansketida til dialektane i samtida. Også Hallfrid Christiansen jamførte med gammalnorsk, men det var mønsteret i samtidsmålet ho var interessert i; ho var målskvinne for strukturalismen i språkvitskapen.

Hallfrid Christiansen fekk inga vitskapeleg stilling, mest fordi det fanst få stillingar den gongen. Ho var noko hjelpelærar og vikar eller heldt frie førelesingar ved Universitetet i Oslo, og frå 1950 fekk ho stønad av det nye forskingsrådet NAVF. Trass i at ho hadde dårlege arbeidsvilkår, gjorde ho ein stor vitskapeleg innsats, fyrst og fremst ved å samle inn og granske nordnorsk mål, men òg på fleire felt. Ho skreiv artiklar om ymse særtilhøve ved norske dialektar. Ei innføringsbok i dialektkunnskap frå 1946–48, som gjev både språkhistorisk bakgrunn og lingvistisk teori, held på plassen sin eit halvt hundreår etter. Ho drøfta nordnorske husdyrnamn, forklarte innhaldet i norrøne ord med hjelp av nordnorske dialektord, tok opp spørsmål i gammalgermansk språklære og prøvde å forklare eit lydleg samsvar mellom Sørlandet og Nord-Noreg som ei følgje av folkeflytting sørfrå. I det siste arbeidet underbygde ho det språklege med arkeologisk tilfang.

Verker

  • Gimsøy-målet. Fonologi og orddannelse, dr.avh., 1933
  • Norske dialekter, 1946–48 og nyare utgåver

    Etterlatne papir

  • Dialektoppskrifter ved Seksjon for leksikografi og målføregransking, Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, UiO

Kilder og litteratur

  • A. Sommerfelt: “Dr. Hallfrid Christiansen er død”, i Aftenp. 23.9.1964
  • d.s.: “Minnetale over dr.philos. Hallfrid Christiansen”, i DNVA Årbok 1965
  • K. Venås: “Hallfrid Christiansen – ein faghistorisk presentasjon”, i d.s.: Målvitskap og målrøkt, 1997
  • K. E. Karlsen: “Hallfrid Christiansen”, upubl. h.oppg. UiTø, 1997

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Maleri (halvfigur) av Julius Christiansen, 1935; p.e

    Fotografiske portrett

  • Portrett av ukjend fotograf, u.å.; trykt i DNVA Årbok 1965