Faktaboks

Halldor O. Opedal
Halldor Olson Opedal
Fødd
26. mai 1895, Ullensvang, Hordaland
Død
17. januar 1986, Ullensvang
Verke
Lærar og tradisjonssamlar
Familie
Foreldre: Skipper og gardbrukar Ola Kristenson Opedal (1853–1929) og Marta Olsdotter Opedal (1863–1959). Ugift.

Halldor O. Opedal gjorde folkeminne i Hardangerbygdene til sitt livsverk og var ein av dei fremste samlarar av tradisjonsstoff i Noreg i nyare tid, med ein samla produksjon på 7500 boksider.

Opedal voks opp i ei tid då mangt var i ombrøyte i bygdelivet, men der det gamle bondesamfunnet med sin tunskipnad og sine driftsmåtar enno var i friskt minne hjå eldre folk. Faren var bonde, men dreiv også i mange år som skipper i nordlandsfart. Halldor fekk såleis innsyn i mangt praktisk arbeid som kom han til nytte i samlararbeidet. Han var elev i fyrste kullet på den atterreiste Hardanger folkehøgskule 1912–13. På Stord lærarskule 1913–16 fekk lærarane Torleiv Hannaas, Arne Bergsgård og Torgeir Bjørnaraa mykje å seia for elevens medvit om norsk historie og språk. Dei fyrste lærarpostane hadde han på Espe, i Dale i Bruvik, Brandval i Solør og Fusa. Etter eit år på Noregs Lærarhøgskule 1922–23 slo han seg ned i Tyssedal i Odda og var lærar der i 37 år til han slutta 1960.

Dette var yrket hans. Men det er alt arbeidet han gjorde på fritid gjennom eit langt liv, innsamling av folkeminne, han er vorten kjend for. Ved sida av lærargjerninga og i heile pensjonisttida, til han døydde over 90 år gamal, var Opedal oppteken med å skriva ut og leggja til rette det overveldande rike stoffet han hadde samla. Bokrekkjene Makter og menneske og Folk or gamal tid står mellom det fremste i norsk tradisjonssamling.

Heimemiljøet var rikt på munnleg forteljetradisjon, og Opedal var i slekt med Blind-Anne, ho som Jørgen Moe skreiv så vakkert om etter at ho hadde fortalt eventyr og sunge for han 1846. Alt i gutedagane hadde Opedal øyro opne for soge og tradisjon. 1923 tok han til å samla systematisk. Deretter bruka læraren alle sine feriar til å streifa på sykkel rundt i hardangerbygdene frå Røldal til Varaldsøy, der han oppsøkte kvinner og menn med godt minne og med evne til å fortelja. Opedal såg det slik at den skrivne og trykte rikssoga berre gjev ein del av vår fortid: “Vil ein læra å kjenna og skjøna det daglege livet i arbeid og fest i bygd og by, so må ein byggja på breiare grunnlag, ein må få tak i den munnlege tradisjonen som har levt på folketunga fram gjennom ættene – folkeminni.” Og skriftene hans er borne fram av sikker målkjensle og eit uvanleg rikt ordtilfang.

I Hardanger har det i lang tid vist seg klår interesse for ættegransking og historiske minne. “Men det er Halldor O. Opedal som framom nokon andre har skjøna kva verd det har å grava til botnen for å finne skattar. Han har ikkje berre teki opp arven etter dei gamle, han har søkt vidare enn dei, sett klårare, arbeidd meir målmedviti og nådd lenger,” skreiv folkloristen Olav Bø.

Opedal vart heidra med Kongens fortenestemedalje i gull 1961. Han fekk Norsk kulturråds ærespris for lokalhistorie 1975 og var heidersmedlem i fleire organisasjonar. 1975 skipa han eit fond med grunnkapital på 600 000 kroner, Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og målodling, og ved eit ervebrev skipa han Halldor O. Opedal sitt fond for ålmennyttige føremål, med grunnfond på 2,8 millionar kroner, til beste for kulturføremål i Hardanger.

Verker

  • Bibliografi i Gard og grend 1985 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), s. 215–218

    Eit utval

  • Ein harding på vidotta i 60-åri, Bergen 1929
  • Makter og menneske. Folkeminne ifrå Hardanger, 17 bd. (bd. 1–11 utg. i serien Norsk Folkeminnelags skrifter), 1930–88
  • Hardanger-målet. Ord og vendingar og stil, 2 bd., Skrifter frå Norsk målførearkiv 15 og 35, 1960/1980
  • Hardingar på sjøen. Ferdsle i fjordane og langs kysten, Norheimsund 1968 (2. utg. Bergen 1995)
  • Folk or gamal tid. Folkeminne ifrå Hardanger, 8 bd. (bd. 5–8 utg. posthumt), 1972–98
  • Kjeåsfolket i Hardanger. Soga om eit utkantfolk, 1980
  • Turistferdsla i Hardanger før bilen kom. Mest om skyssing med hest, Bergen 1980
  • I skuggen av Hardangerjøkulen. Simadalen og Sysendalen. Gardar og folkeminne, Bergen 1981
  • Gamle handverk i Hardanger. Smedar, snikkarar, skomakarar, skreddarar, folkeminne, Bergen 1982

Kilder og litteratur

  • O. Bø: “I vitskapens og kunstens tenest”, i Hardanger Historielag (utg.): Hardangerminne: Festskrift til Halldor O. Opedal på 70 årsdagen den 26. mai 1965, Øystese 1965 (først prenta i SogS 1959)
  • O. Kolltveit: “Halldor O. Opedal. Mennesket og meisteren”, ibid.
  • Gard og grend. Heidersskrift til Halldor O. Opedal 26. mai 1985, Utne 1985
  • O. Hus (utg.): Halldor O. Opedal. Folkeminnesamlaren og forteljarane hans, Kinsarvik 2002

Portretter m.m.

  • Byste (bronse) av Oddmund Raudberget, 1995; Opedal, Ullensvang