Hagbard Emanuel Berner

Politikar og embetsmann. Foreldre: Sokneprest Ole Christian Berner (1807–65) og Laura Nicoline Collin (1806–74). Gift 27.7.1871 med Selma Augusta Hovind (3.8.1846–14.10.1919), dotter til overtollbetjent Ole Larsen Hovind (1811–83) og Berthe Kathrine Sørensdatter (1817–62). Svoger til Hans Mustad (1837–1918) og Hans Gerhard Stub (1849–1931).

H. E. Berner var ein nybrotsmann i det kulturelle og politiske organisasjonslivet. Han var formann for Det Norske Samlaget i ni år, og den første redaktøren i Dagbladet.

Hagbard Emanuel Berner var fødd i Sunndalen og levde sine barneår ymse stader på Vestlandet der faren var prest. 1850 flytte familien til Ås i Akershus. 1858 tok Hagbard studenteksamen og 1863 juridisk embetseksamen. To år seinare vann han Kronprinsens gullmedalje for ei juridisk avhandling om utanlandske kjelder til den norske grunnlova. Men yrkeskarrieren hans som jurist vart heller kort i første omgang: eit halvår som byfut i Kristiansund 1867 og ei kortvarig kopiststilling i Justisdepartementet. Interessene hans gjekk i andre leier.

I Christiania var H. E. Berner knytt til eit verksamt intellektuelt miljø, “Døleringen”, som var særleg oppteke av nasjonale og demokratiske verdiar i politikk og åndsliv. Sentrale personar i miljøet var m.a. historikaren Ernst Sars og Aasmund Olavsson Vinje. Berner merkte seg ut i denne krinsen med ein kvilelaus trong til å omsetja idear i handling, og den trongen kom til å prega heile livslaupet hans. Sakene han brann for var talrike, sameleis initiativa til å fremja dei.

Ikkje minst vart han ein føregangsmann i framveksten av det norske organisasjonssamfunnet. H. E. Berner personifiserte den “assosiasjonsånda” som greip om seg i samfunnet ut etter 1800-talet: trua på samanslutninga som reiskap til å fremja felles føremål. Ei rekkje nye og leveføre organisasjonar kom til på hans initiativ eller ved hans medverknad. Også på eit anna område var han nyskapande, som ein av pionerane for den moderne politiske pressa.

Målsaka var den første saka som fekk nyta godt av Berners engasjement og organisasjonstalent. 1868 – 29 år gammal – gjorde han opptaket til Det Norske Samlaget i Christiania, som var både medlemsorganisasjon for målfolk og forlag for dei som skreiv på landsmålet. Han stod som formann for samlaget i ni år. Dristigare var eit anna tiltak i 1868: Saman med Anthon Bang grunnla han Dagbladet, som kom ut året etter med Berner som redaktør, ei stilling han hadde til 1879. Bladet følgde ein nasjonal og liberal politisk kurs i opposisjon mot det rådande embetsmannsregimet, og hadde eit nært forhold til den politiske venstrerørsla som var i emning.

Blant dei sakene Berner tok opp i denne tida, var kravet om eit reint norsk flagg. Saka vekte stort politisk røre før stortingsvalet 1879, då Berner vart stilt som kandidat i Akershus amt saman med Johan Sverdrup. Han vart vald og attvald både 1882 og 1885.

1880/81 var Berner ein av initiativtakarane til folkevæpningssamlaga, ein skyttarorganisasjon nær knytt til den opposisjonelle venstrerørsla. 1883/84 spela han ei aktiv rolle i førearbeidet til skipinga av Norges Venstreforening, der han vart varamann til det første landsstyret. Same året (1884) organiserte han enda ei hjartesak; saman med Gina Krog stod han for opptaket til Norsk Kvindesagsforening, og vart den første leiaren for organisasjonen. 1889 var han ein av grunnleggjarane til Norsk Ligbrændingsforening, der han var formann i 20 år.

Men trass i all sin sans for organisert samarbeid var H. E. Berner først og fremst ein individualist i sitt offentlege liv. På Stortinget hadde han ein framskoten plass innan Venstre den første tida, m.a. som formann i budsjettkomiteen og medlem i den aksjonskomiteen som førebudde riksrettssaka mot ministeriet Selmer i 1883/84. Men han hadde vanskeleg for å innordna seg under andres leiing eller finna seg til rette i faste grupperingar. “Jeg handler og vil handle som en selvstændig Mand”, skreiv han til ein ven (Nicolai Sørensen) i 1887. Han var då fallen i unåde hos partiopposisjonen mot Johan Sverdrup og kjende seg utstøytt frå det “reine” Venstre.

Han vart verande “lauskar” i politikken også etter at han forlet Stortinget 1888, og deltok aktivt i det offentlege ordskiftet med tidsskriftartiklar og småskrifter om politiske og økonomiske emne. På ei rekkje område lanserte han framlegg om radikale reformer, m.a. om forholdstalsval til Stortinget (1889), om grunnlovfesta folkerøysting (1898) og mot slutten av sin offentlege karriere om verdistigningsskatt på jord og grunn (1907).

Frå 1871 til 1898 var Berner statsrevisor og 1884–99 direktør i Hypotekbanken, der han fekk utløp for engasjementet sitt i jordbruksspørsmål, men møtte òg mykje motstand mot dei mange ideane og initiativa sine. 1898 vart han utnemnd til borgarmeister i Kristiania, ei stilling han hadde til han avslutta yrkeslivet sitt 1912.

Med sin allsidige kunnskap vart Berner mykje nytta som medlem av offentlege utgreiingskommisjonar, m.a. banklovkommisjonen (1884), brennevinsmonopol-komiteen (1889), den parlamentariske arbeidarkommisjonen (1896) og kommisjonen som utgreidde matrikkel- og verdistigningsskatt (1910).

Verker

  • Folket i Vaaben, 1890
  • Den almindelige Stemmeret, 1891
  • Norsk eller fælles Udenrigsminister?, 1891
  • Kvindestemmeretten, 1898

    Etterlatne skrifter

  • H. E. Berners arkiv er oppbevart i RA (privatarkiv nr. 271)

Kilder og litteratur

  • H. E. Berner: “Fraa ungdomsaari”, i SogS, 1917
  • d.s.: “Minningar fraa stortingstidi mi”, i SogS, 1917–19
  • H. Koht: “H. E. Berner”, i SogS, 1919
  • d.s.: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • A. Kaartvedt og L. C. Hartsang: Kongeriket Norges Hypotekbank 1852–1952, 1952
  • B. Birkeland m.fl.: Det Norske Samlaget 1868–1968, 1968
  • Ø. Sørensen: “Det moderne gjennombrudds menn: Berner og Holst”, i H. F. Dahl m.fl. (red.): Utskjelt og utsolgt. Dagbladet gjennom 125 år, 1982
  • Berner. En norsk slekt i 300 år, utg. av Slektsforeningen Berner, 1984
  • L. Mjeldheim: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905, 1984
  • A. Moksnes: Likestilling eller særstilling? Norsk Kvinnesaksforening 1884–1913, 1984

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri av Henrik Lund, u.å.; Dagbladet, Oslo

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.