Håkon 3 Sverresson

Konge. Foreldre: Kong Sverre Sigurdsson (ca. 1150–1202), mora ukjend. Frille Inga frå Varteig. Far til Håkon 4 Håkonsson (1204–63); bror til Sigurd Sverresson Lavard (død 1200), farbror til Guttorm Sigurdsson (død 1204).

Håkon 3 Sverresson regjerte i snaue to år. Hans viktigaste embetshandling var heimkallinga av dei landflyktige biskopane sommaren 1202 og det påfølgjande forliket mellom kyrkja og kongedømet.

Mora til Håkon er ikkje kjend. P. A. Munch argumenterte for at det var Astrid Roesdotter, dotter til biskop Roe på Færøyane, og at Sverre jamvel kan ha vore gift med henne. Seinare historieskriving har ikkje følgt Munch i det.

Første gong vi høyrer om Håkon Sverresson er 1197, da han deltok som befalingsmann i det store slaget mot baglarane i Oslo. Også dei følgjande åra skildrar Sverres saga han med sentrale militære oppgåver i viktige kampar for Sverre Sigurdssons kongedøme. Etter meldinga om farens død mars 1202 vart Håkon straks tatt til konge, først over sin eigen birkebeinarflokk og deretter over heile landet ved konungstekja på Øyratinget. Heile kong Sverres hird gjorde eid til den nye kongen.

På dødsleiet hadde kong Sverre skrive brev til sonen om riksstyringa; truleg fekk han her råd om å søkje forlik med kyrkja. Alt sommaren 1202 vart dei landflyktige biskopane kalla heim til Noreg, og i eit kongebrev kunngjorde Håkon at han for sin del gav opp striden med biskopane. Hans grunn for dette var å få slutt på lov- og sedløysa i landet, ein tilstand skapt nettopp av kyrkjestriden. Kyrkja fekk i brevet full fridom i samsvar med kanonisk rett og tidlegare avtalar, men slik at dette skjedde utan skade for kongedømet og den rett og sømd kyrkja plikta å syne kongen. Erkebiskop Eirik løyste landet frå interdikt, og vart i eit seinare brev refsa av paven for at dette skjedde utan apostolisk fullmakt. For øvrig uttrykte paven stor glede over regimeskiftet i Noreg, og det forliket som var inngått.

Det har vore ein del strid blant historikarar om rettsleg status for og realpolitisk innhald i Håkon Sverressons forliksbrev. Vanleg oppfatning i dag er at brevet først og fremst har karakter av ei allmenn fredssemje med rom for ein viss tolkingspluralisme i spesifikke stridsspørsmål. Samtidig gjer forliket det klart at kong Sverres kamp mot kyrkja ikkje hadde ført fram, og brevet speglar eit samfunnsmessig fredsbehov som riksmaktene måtte ta omsyn til. Håkon fekk no allmenn oppslutning som norsk konge, også på det baglarkontrollerte Austlandet. Baglarflokken vart oppløyst, og det var fred i landet, fortel Bǫglunga sǫgur, som er vår hovudkjelde om Håkon Sverressons kongstid.

Soga legg elles stor vekt på å skildre det spente forholdet mellom Håkon og stemora Margrete Eriksdotter, og legg all skulda for dette på enkedronninga. Da Håkon vart sjuk jula 1203, kom straks mistanken opp om at han var blitt forgifta av Margrete. Jernbyrden som skulle fri dronninga og mennene hennar frå mistanken, var mislykka, og det var med naud og neppe ho kom seg uskadd tilbake frå Bergen til residensen ho hadde i Sverige.

Håkon Sverresson døydde 1. nyårsdag 1204, og vart gravlagd på nordsida i Kristkyrkja, beint imot grava til kong Sverre. Han blir skildra som ein vakker og velbygd mann, mild og myndig, stillvoren og ordhag på same tid. På Island fekk han tilnamnet harmdaude (“sørgjeleg død”). Soga legg til at han i yngre dagar hadde vore ein meir uroleg natur.

Kilder og litteratur

  • RN, bd. 1
  • Isl.Ann.
  • Biskupa sögur, bd. 1, 1858
  • Sturlunga saga, utg. av K. Kålund, bd. 1, 1906
  • Sverris saga, utg. av G. Indrebø, 1920
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bd. 4, 1979
  • Soga om birkebeinar og baglar, utg. av H. Magerøy, bd. 1–2, 1988
  • R. Keyser: Den norske Kirkes Historie under Katholicismen, bd. 1, 1856
  • NFH, del 3, 1857
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • A. O. Johnsen: “Fra den eldste tid til 1252”, i Nidaros erkebispestol og bispesete 1153–1953, 1955
  • G. A. Blom: Kongemakt og privilegier i Norge inntil 1387, 1967, jf. HT, bd. 49, 1970, s. 203–208
  • K. Helle: Under kirke og kongemakt 1130–1350,bd. 3 i ANH,1995

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.