Håkon 2 Sigurdsson Herdebrei

Konge. Foreldre: Kong Sigurd 2 Haraldsson (1133–55) og tenestejenta Tora (nemnd 1146–61). Ugift. Brorson til kong Øystein 2 Haraldsson (ca. 1125–1157).

Håkon, med tilnavnet Herdebrei (skulderbrei), opptrådte som arvtakar etter faren Sigurd Munn og onkelen Øystein i kampen mot kong Inge Krokrygg i åra 1157–62.

Sagaene fortel at Håkon var resultat av eit besøk av den 15 år gamle kong Sigurd hos Tora, ei av tenestejentene til den mektige Viken-bonden Simon Torbergsson. Etter sagakronologien var Håkon fødd 1147, og han voks opp som fosterson til Simon, saman med sønene hans Ånund og Andres.

Då kong Øystein vart felt i eit slag mot kong Inge 1157, tok restane av flokken hans den 10 år gamle Håkon til konge. Sentrale personar bak dette tiltaket var Sigurd Håvardsson frå Røyr i Hedmark og Håkons fosterbrør.

Etter å ha opphalde seg i Götaland den fyrste tida kom Håkon og følgjet hans til Konghelle 1158. Der var også Gregorius Dagsson, kong Inges fremste hærførar. I slaget som følgde, var Gregorius overlegen, trass i at Håkon hadde ein mykje større hærstyrke. Kring påsketider 1159 kom Håkon til Trondheim, der han vart tilkjent sin tredjepart av farsarven og gjeve kongsnamn.

Om våren reiste Håkon og mennene hans sørover igjen, og dei møtte Inge saman med Gregorius og Erling Skakke ved Göta älv. Mellom Håkons menn finn vi no også Eindride Jonsson, som Heimskringla skildrar som “den gjevaste og vennesælaste mannen i Trøndelag, og der var mange andre lendmenn og høvdingar”. I dette slaget miste mange av Håkons menn livet, medan resten av hæren kom seg unna.

Rett over nyttår 1161 vart Håkon oppsøkt i Konghelle av Gregorius, etter at Håkons menn hadde felt svogeren hans og teke systersonen til fange. Det kom til trefning på elva Bäveån, og Gregorius fall der. Knapt ein månad seinare fall Inge også, etter at delar av styrken hans gjekk over til Håkon eller flykta.

Håkon vart no hylla som einekonge på Øyrating, og Sigurd av Røyr fekk tittelen jarl. Gleda vart kortvarig, for vel eitt år seinare, i juli 1162, kom Erling Skakke frå Danmark og felte Håkon i eit slag ved øya Sekken i Romsdalsfjorden. Håkon var 15 år gamal då han døydde, og han hadde vore konge for følgjet sitt i fem år.

Det har blitt hevda (m.a. av historikaren Andreas Holmsen) at grupperinga kring Håkon representerer ei antiaristokratisk motstand frå lågare stilte sosiale grupper i Trøndelag og Marker mot kong Inges kyrkje- og lendmannsparti. Men, som historikaren Knut Arstad har peika på, gjev så vel personane sagaene nemner blant Håkons menn, som skildringane av sjølve grupperinga, inntrykk av at Håkon, liksom Inge, i hovudsak fekk tilslutnad frå dei øvre sosiale laga.

Kva tilhøve Håkon hadde til kyrkja, er derimot uvisst. Håkon godtok keisarens pavekandidat Alexander 3 og ikkje motpaven Victor 4 (slik Inge og seinare Magnus Erlingsson gjorde), men vi vantar kjeldebelegg for at Håkon representerte ei antigregoriansk linje i striden.

Kilder og litteratur

  • Morkinskinna, utg. av Finnur Jónsson, København 1902–03
  • Heimskringla, utg. av Finnur Jónsson, 1911
  • Fagrskinna, utg. av Finnur Jónsson, København 1932
  • RN, bd. 1 nr. 102, 106 og 110
  • A. Bugge: “Kirkepolitik og politiske partier i Norge”, i HT, bd. 24, 1916, s. 169–187
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 5, 1931
  • K. Helle: Norge blir en stat, 1974
  • E. Gunnes: Rikssamling og kristning 800–1177, bd. 2 i CNH, 1976
  • K. Arstad: Kongsemner og maktkonstellasjoner i innbyrdesstridens Norge 1157–1227, utr. h.oppg. UiO, 1997

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.