Faktaboks

Gro Holm
Gro Prestegaard Holm
Fødd
5. oktober 1878, Odda
Død
25. august 1949, Odda
Verke
Forfattar
Familie

Foreldre: Bonde Ivar Håvardsson Prestegård (1835–1906) og Herborg Olsdotter Berjaflot (1847–1940).

Gift 1908 med ingeniør og biletkunstnar Olav Paulson Holm (8.6.1884–22.1.1971), son til direktør Ove Immanuel Holm (1851–1907) og Petrine Hagerup Paulson (1855–1898).

Gro Holm

Teikning frå Berlin 1909. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Gro Holm
Av /BONO, NTB Scanpix ※.

Gro Holm var ein norsk forfattar. Ho var den første norske kvinna av bondestand som skreiv romanar. Med hovudverket Løstølsfolket står ho som den store talskvinna for bondekonene i vår litteratur. Men Gro Holm var også ingeniørfrue, og i andre bøker skildrar ho med sakkunnskap den harde omformingsprosessen frå bondebygd til fabrikkstad.

Bakgrunn

Gro Prestegard Holm var fødd i Odda i Hardanger. Ho voks opp på ein gard som nest eldst av fire systrer og var odelsjente. Ho hadde inga formell utdanning etter folkeskulen, men las mykje og øvde seg på å skrive i den handskrivne avisa til Odda ungdomslag, der ho var redaktør.

1908 gifta hardangerjenta seg med bergensaren Olav Holm. Han var ingeniør og var med på å byggja ut mange fossar i distriktet. Ekteparet budde i periodar i Oslo, Sverige, Berlin og Paris. Frå 1920 dreiv ho morsgarden Bergjaflot i Odda.

Debut

Holm debuterte 54 år gammal med romanen Sut og skreiv i alt sju bøker. Sut blei skriven til ein stor nordisk romankonkurranse i 1931. Manuset fekk ikkje premie, men kom ut på Gyldendal året etter. Deretter kom romanane Odelsjord, 1933, og Kår, 1934, som følgde opp personar, handling og tematikk. Dei tre bøkene kom i 1951 ut samla med tittelen Løstølsfolket.

Avromantisering av bygda

Historia om Løstølsfoket har ein eg-forteljar, kårkona Brita Løstøl, som fortel om livet sitt på ein liten vestlandsgard på slutten av 1800-talet. Vi følgjer to generasjonar i småbrukarfamilien gjennom «det store hamskiftet» i norsk jordbruk, med oppstykking av bruk, sterk folkevekst og utvandring til Amerika.

Holm skildrar bygdemiljøet frå bondekona sitt perspektiv, viser fram slitet med gardsarbeidet og dei mange barnefødslane, og viser korleis mannssamfunnet rundt bondekona overser og nedvurderer henne. Løstølsfolket er krass og dokumentarisk realisme om kvinneundertrykking i eit mannsmiljø.

Bygdesamfunnet er nådelaust avkledd og avromantisert i desse bøkene. Den vesle hardangerbygda er framstilt som trong og grå og ein stad der folket slit seg ut i åndeleg og materiell fattigdom. Bøkene fekk motstand då dei kom, bygdefolket såg det som svartmåling, men om kritikken i dei er krass, er bøkene likevel solidariske med bygdesamfunnet og kvinnene.

Om kulturar i forandring

Litteratur om samfunn i endring

Gro Holm skreiv tidsaktuelt og innsiktsfullt. Samfunn og kultur i endring er tema både i trilogien om Løstølsfolket og i romanen De hvite kull, 1936. Her skildrar ho omformingsprosessen frå bondesamfunn til industristad. Det handlar om industrialiseringa av Odda og om den gamle bondekulturen som bryt saman.

Holm var kritisk til mykje av det som følgde med industrialismen og pengeøkonomien, men ho var ingen nostalgikar som ville tilbake til det gamle. Denne romanen er også eit stykke arbeidarlitteratur, eit tidsaktuelt uttrykk for alliansen mellom det framveksande sosialdemokratiet og den norske industribygda.

I romanen Hjelpelaus, 1946, er ei bondekone igjen hovudpersonen, og i Monsens hotell, 1948, skildrar ho ein familie i oppløysing.

Arbeidarlitteratur om avmektige hushjelper

Takk så var det ikke mer, 1939, er ein sosial tendensroman om verjelause og rettslause hushjelper, som i mellomkrigstida sleit med dårleg løn og lite fritid. Holm skriv lett og underhaldande om forholda i velståande og borgarlege heimar der husmora hadde all makt over tenestejenta. Dette var igjen eit tidsaktuelt tema. Kravet om ei lov som skulle regulere arbeidsvilkåra for hushjelpene, gjekk tilbake til slutten av 1800-talet og blei på nytt aktuelt då Arbeidarpartiet danna regjering i 1935. Boka er eit apropos eller eit innlegg i denne lange debatten.

Forteljekunst

Gro Holm var ein svært god forteljar. Ho samla historier og formuleringar frå kvardagen rundt seg, gode poeng og slåande og underfundige replikkar, og kunne presentere dette med humor og ironi i lag og forsamlingar. Denne folkelege og munnlege stilen med presist og godt skildra folkeliv er mønsteret også i romanane.

Ho skreiv på både nynorsk og bokmål. Romanane De hvite kull og Takk så var det ikke mer (1927) er på bokmål, medan trilogien om Løstølsfolket og dei to andre romanane, Hjelpelaus og Monsens hotell, er skrivne på nynorsk.

Bøkene til Gro Holm vart lagt godt merke til då dei kom, men så vart det stille om forfattarskapet. Gro Holm var av dei som vart gjenoppdaga i kjølvatnet av kvinnerørsla i 1970-åra. Bøkene vart lesne med nye augo, og lesarane likte det dei las. «Et grepa kvinnfolk og en nådeløs realist» er overskrifta på kapitlet om Gro Holm i Norsk kvinnelitteraturhistorie (1989). Sterke ord om ein forfattar som nettopp ikkje brukte dei sterke orda, men «fortalde» med nøkterne ord og let hendingane og replikkane tala for seg sjølv.

Portretter

Kunstnarlege portrett

  • Teikning av Olav Holm, Berlin 1909; Norsk Portrettarkiv, Riksantikvaren
  • Byste utført av dottera Herborg Holm Kiberg, avduka 1951; minnestøtte i parken i Odda

Fotografiske portrett

  • Foto i Bildesamlingen, NBO

Utgivingar

  • Sut, 1932
  • Odelsjord, 1933
  • Kår, 1934
  • Løstølsfolket (samla utg. av Sut, Odelsjord og Kår), ill. av Olav Holm, 1951
  • De hvite kull, 1936
  • Takk så var det ikke mer, 1937
  • Hjelpelaus, 1946
  • Monsens hotell, 1948

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • J. A. Dale: «Gro Holm», i SogS 1949, s. 19–28
  • O. Alsvik: «Gro Holms hovedverk», i Vinduet 1951, s. 615–621
  • A. Hageberg: Gro Holm. Folkelivsskildrar og tendensdiktar, h.oppg. UiO, 1963
  • M. Slommerud: En analyse av Sigrid Boo: ’Vi som går kjøkkenveien’, Gro Holm: ’Takk så var det ikke mer’, h.oppg. UiT, 1977
  • N. L. Dannemark: «Gro Holm – ei av dei glømte kvinnene i den nynorske litteraturen», i SogS 1978, s. 603–620
  • A. Hageberg: «Mannssamfunn og kvinnekår i Gro Holms Løstølsfolket», i Kvinner og bøker. Festskrift til Ellisiv Steen på hennes 70-årsdag 4. feb. 1978, 1978, s. 211–224
  • J. Øverland: «Kjerringråd og kjerringdåd». Eit etterord til Løstølsfolket, 1978
  • L. I. Norendal: Myter og medvit. Gro Holms Løstølsfolket sett frå kvinnelitterær og resepsjonshistorisk synsstad, h.oppg. UiB, 1982
  • M. Handegård: Tendens, verdi, ambivalens. Kvinneperspektiv i og på Gro Holms forfatterskap, h.oppg. UiTø, 1987
  • T. Steinfeld: «Et grepa kvinnfolk og en nådeløs realist. Gro Holm», i Norsk kvinnelitteraturhistorie, bd. 2, 1989, s. 198–205

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg