Gregorius Dagsson

Lendmann. Foreldre: Lendmannen Dag Eilivsson (sjå NBL1, bd. 3) og Ragnhild Skoftesdotter.

Gregorius Dagsson var frå tidleg i 1150-åra den dominerande militære og politiske leiaren i krinsen kring kong Inge Krokrygg (Inge 1 Haraldsson). Ei landsomfattande aristokratisk samling kring kong Inge synes å ha vore hans overordna politiske mål.

Gregorius hadde nære slekts- og mågskapsband til kongeætta og til fleire av dei mektigaste stormannsslektene kringom i landet. Mora Ragnhild Skoftesdotter tilhøyrde Giskeætta, og morfaren Skofte Ogmundsson var syskenbarn til kong Olav Haraldsson Kyrre. Lendmannen Gyrd Åmundesson, svoger til Gregorius, var fosterbror til kong Inge Krokrygg. Gjennom giftarmåla til systrene Borghild Dagsdotter og Sigrid Dagsdotter stod Gregorius i svogerskap til lendmannsættene på Austrått i Sør-Trøndelag og Vetteland i Ranrike. Frendskaps- og vennskapsrelasjonar av dette slaget skapte grunnlaget for eit partiprega politisk interessefellesskap mellom mektige lendmannsætter i borgarkrigstida, med Gregorius Dagsson som den sentrale pådrivaren og leiaren i 1150-åra.

Heimskringla skildrar Gregorius som “formann for landsstyringa saman med kong Inge”, etter samanhengen seinast frå 1154. Først og fremst møter vi han som militær strateg og aktiv krigar, og han var hovudmann bak drapa på kong Inges samkongebrør Sigurd Haraldsson Munn (1155) og Øystein Haraldsson (1157). Ved denne planmessige likvideringa skulle det ryddast veg for Inge Krokrygg som einekonge, støtta av dei mektigaste lendmannsættene og av kyrkja. Særleg Heimskringla fortel detaljert korleis Gregorius planmessig lokka og overtala tidlegare motstandarar til å slutte opp om denne linja, etter kvart som dei konkurrerande samkongane fall ifrå. Hans nøkkelrolle blir også understreka ved det angrepet kong Øystein retta mot slektsgarden til Gregorius – Bratsberg i Gjerpen – om hausten same året som kong Sigurd vart drepen i Bergen.

Etter drapet på kong Øystein 1157 hadde Gregorius regelmessig tilhald i dei søraustlege grenseområda med sentrum i Konghelle. Grunnen er tydeleg: Blant “elvegrimane” i denne riksdelen var det mogleg for nye opposisjonsgrupper å vinne oppslutning mot kong Inge, noko Gregorius sitt militære nærvær skulle forhindre. Sogene skildrar fleire kampar i traktene kring Konghelle, og frå ein av stridane er det bevart eit par skaldestrofer av Einar Skulasons Elfarvisur (Elveviser), eit dikt der Gregorius var hovudperson.

Etter at Erling Skakke, leiaren for den mektige Støleætta i Etne i Sunnhordland, kom heimatt frå krossferd midt i 1150-åra, fekk Gregorius Dagsson ein konkurrent som leiarfigur i krinsen kring kong Inge. I karakteristiske opptrinn skildrar sagaene Erling og Gregorius som grunnleggjande ulike personlegdomar, som gjerne gav kongen ulike råd i militærtaktiske spørsmål. Frå 1159 bygde det seg gradvis opp eit svært spent tilhøve mellom dei to og huskarane deira, til stor bekymring for kong Inge. Truleg var det Gregorius Dagssons død på isen utanfor Konghelle januar 1161, i strid med flokkskongen Håkon Sigurdsson Herdebreid, som forhindra ein avgjerande konfrontasjon.

Heimskringla fortel at då kong Inge fekk melding om drapet på Gregorius, gret han som eit barn over tapet av sin “beste venn”, han som “mest har halde landet i mine hender”. Mennene til Gregorius slutta lojalt opp om Erling Skakkes leiarskap etter at deira eigen høvding var borte. Det er i seg sjølv eit sterkt vitnemål om organisatorisk kraft i det viksk-vestlandske lendmannspartiet.

Særleg Heimskringla skildrar 1150-åra frå Inge-partiets synsstad, noko som i seg sjølv måtte gi brei og positiv omtale av Gregorius Dagsson. Men det er ingen tvil om at han hadde betydelege dimensjonar som militær strateg. Sjølv stilte han med 90 huskarar og to langskip, og slike krigarfølgje utgjorde kjernen i tidas militærapparat. Det vert understreka at Gregorius behandla mennene sine betre enn andre lendmenn, og dei var alle utstyrte med hjelm.

Gregorius blir elles skildra som ein praktglad mann, som bar gullhjelm når han reid til tings. Av natur kunne han vere hissig og brå, men først og fremst utprega handlingsorientert, og med stor tru på førsteslagkraft som kampstrategi. Blant motstandarar har dette tydelegvis gitt han ry som ein omsynslaus krigshauk. Ei anna side ved hans karakter kjem til uttrykk i ein episode i Sturlunga saga, der han tek i sitt vern eit flyktande kjærleikspar frå Island.

Sagatradisjonen skildrar dessutan Gregorius som ein mann med stor rikdom. Kjernen i godssamlinga hans var ættegarden Bratsberg i Gjerpen (no Skien), Telemark. Etter drapet vart liket hans ført heim og gravlagt i Gimsøy kloster, som truleg var grunnlagt av far til Gregorius, og der systera hans, Baugeid Dagsdotter, var abbedisse.

Kilder og litteratur

  • Ágrip, utg. av Finnur Jónsson, 1929
  • Fagrskinna, utg. av Finnur Jónsson, 1902–03
  • Heimskringla, i Noregs kongesoger, bd. 2, 1979
  • Morkinskinna, utg. av Finnur Jónsson, 1932
  • Saxonis Gesta Danorum, utg. av J. Olrik og H. Ræder, bd. 2, 1957
  • Sturlunga saga, utg. av K. Kålund, bd. 1, 1906
  • NFH, del 2, 1855
  • G. Storm: “Om Lendermandsklassens Talrighed i 12. og 13. Aarhundrede”, i HT, rk. 2, bd. 4, 1884
  • H. Koht: “Kampen om magten i Norge i sagatiden”, i HT, rk. 5, bd. 4, 1920
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • G. Sandvik: Hovding og konge i Heimskringla, 1955
  • K. Helle: Norge blir en stat 1130–1319, bd. 3 i Handbok i Norges historie, 1974
  • d.s.: Under kirke og kongemakt 1130–1350, bd. 3 i ANH, 1995
  • B. Opheim: Med stønad frå frendar og vener. Slektskap og venskap som partidannande faktorar i den norske innbyrdesstriden 1130–1208, h.oppg. i historie, UiB, 1996

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.