Geirr Tveitt

Komponist, pianist og musikkteoretikar. Foreldre: Folkehøgskulestyrar Lars Håkonson Tveit (1878–1951) og Johanna Nilsdotter Heradstveit (1882–1966). Gift 1) 15.8.1936 med pianist Ingebjørg Marie Gresvik (22.1.1908–6.5.2000), dotter til bankkasserar Olaf Jørgen Gresvik-Olsen (1874–1958) og Kari Mathea Wernersen (1882–1963), ekteskapet oppløyst 1941; 2) 29.7.1944 med Karen Margrethe (“Tullemor”) Berg-Olsen (29.1.1918–3.1.1997), dotter til skipsmeklar Eyolf Berg-Olsen (1892–1983) og Betty Hægland (1892–1967). Døypt Nils; godkjenning for å brigda namnet til Geirr 1935.

Geirr Tveitt var den mest fargerike musikkskaparen i Noreg i sin generasjon – og truleg den mest produktive. Han var ein uvanleg fascinerande personlegdom med sterke motsetnader. Sitt omskiftelege temperament hadde han vanskeleg for å temja. Mildskap og varme kunne brått svinga over i ofse og villskap. Han var sta som få. Ein grenselaus fantasi gav seg utslag i kåte kast i språk og gjerning, slik det òg speglar seg att i hans musikk.

I kunstnarens fyrste fire leveår budde huslyden i Bergen. Seinare var faren i 9 år styrar på Danvik kristelige ungdomsskole i Drammen. Der fekk sonen alle sine folkeskuleår, men alt frå barndomen var han sterkt knytt til si slekt i Hardanger og landskapet der. I Hardanger var dei i alle feriar. 1941 busette Geirr Tveitt seg fast på ættegarden i Norheimsund. Der bygde han komponistheimen Bjødnabrakane på eigen grunn i lia 230 m over havet og budde her i mange år til han reiste eit nytt bustadhus på garden. Sine siste 15 år var han busett i Oslo.

Tveitt voks opp i ein kyrkjekristen, kulturopen heim med rik tilgang på bøker, bilete og musikk. Heimskringla og Edda vart han fortruleg med i gutedagane, til liks med dei nynorske diktarane. Slike litterære kjelder bar han med seg inn i toneverkstaden, der ein frodig fantasi transformerte impulsane til musikalsk dikting.

Gymnastida på Voss (1924–28) og norskdomsmiljøet der gav sterke stimuli, ikkje minst nærkontakt med hardingfela. Tilråding frå Christian Sinding opna vegen til det tradisjonsrike konservatoriet i Leipzig etter examen artium 1928. Utan formell musikkopplæring i ryggen gav han seg i kast med eit fire års studium i klaverspel og komposisjon. Det var ein hard skule, men eleven viste trott og kunne tidleg prova sitt talent. Komponistdebuten i april 1931 med Klaverkonsert i F, framført av Leipzig symfoniorkester, hausta lovord i tysk presse, og verket vart framført også i Bergen og Oslo. 1930 gav Breitkopf & Härtel ut 12 tvo-røystes fyristudiar. Dei sto på programmet ved Tveitts fyrste konsert i Noreg 2. mars 1934. I mellomtida hadde han fullført studietida med eit opphald i Paris og eit år i Wien. Med ideen om ein heilkvelds ballett kom han heim og utvikla Baldurs draumar, bygt på Edda-dikting. Den norrøne idéverda, eit mytisk landskap av segn og soge, løyste ut eit stort tenkt verk i moderne tonespråk med primitiv tematikk, påverka av m.a. Stravinskijs Vårofferet. Tveitt framførde klaverversjonen i Leipzig, Berlin, Bergen og Oslo 1935. Han instrumenterte så verket for stort orkester og dirigerte uroppføringa i Oslo 1938, eit avgjerande gjennombrot for toneskalden. Som orkestersuite kom Baldurs draumar opp også i København og Paris. Herifrå sende han partituret til London for eventuell framføring på Covent Garden, men det vart ikkje funne att før i 2007. I mellomtida hadde Tveitt skrive ein ny orkestersuite Baldurs draumar. Denne brann opp i 1970, men er rekonstruert av Kaare Dyvik Husby på basis av lydbandopptak, kalla "Solgudsymfonien". Også ballettversjonen frå 1938 er rekonstruert.

Midt i 1930-åra og i krigsåra samla Tveitt folketonar frå munnlege kjelder i Hardanger-bygdene. Frå eit tilfang på over tusen tonar arrangerte han femti for klaver. I samlinga Hundrad hardingtonar for orkester finst fire suitar med i alt 60 nummer, ein del av dei komponistens eigne “folketonar”. Friskt melodistoff, meisterleg instrumental karakterisering og rik stemningsfylde plasserer Tveitts hardingtonarmellom dei fremste norske musikkverk, det gjeld både klaverutgåva opus 150 og orkesterversjonen opus 151.

Som utøvar var Geirr Tveitt ein virtuos i tradisjonen etter komponist-pianistar som Rakhmaninov og Prokofjev. Røynsle med praktisk-pianistiske problem eggja fantasien, og han tøygde grensene for kva klangfargar ein kan lokka ut or eit klaver, slik den visjonære sonate nr. 29 Sonata etere, etyden Eolsharpa og Solgudens dans er døme på.

I 2. halvdel av 1930-åra høyrde Geirr Tveitt til krinsen rundt det nasjonalsosialistiske tidsskriftet Ragnarok, men var aldri medlem av NS. Hausten 1940 gjekk han inn i ei uløna stilling som Statens musikkonsulent til 1942, etter eige utsegn for å berga mest mogeleg av norsk musikkliv unna tysk styring. Dette skapte alvorlege vanskar for han i 1945, då Norsk Komponistforening og TONO ekskluderte han som medlem. Eit departementalt oppnemnt juridisk utval med lagdomar Erik Solem som formann granska saka og kom til at Tveitt i eigenskap av Statens musikkonsulent så langt råd hadde motarbeidd nazifiseringstiltak og vore til hjelp for den nasjonale front. Han vart likevel klandra for at han under okkupasjonen hadde teke mot komponistgasje og eit statsstipend til innsamling av folketonar. Deretter vart eksklusjonsvedtaket oppheva i august 1946. Likevel fekk han problem med konsertverksemd i heimlandet. Han søkte då til Paris, der han 1947 vann stor suksess m.a. med folketonar frå Hardanger og klaverkonserten Nordljos. Fram til 1954, då han uroppførde sin 5. klaverkonsert i Paris, gjennomførde han årlege turnear i Sør-Europa og Nord-Afrika, alltid med eigne verk på programmet, i tillegg til Grieg, Chopin og Liszt.

I 1950-åra og fyrste halvdel av 1960-åra skreiv han solokonsertar for klaver, for hardingfele og for harpe, ein symfoni og opera. Tidleg i 1960-åra kom han på lønningslista til NRK, der han laga ein serie sereigne diktarportrett med nyskapt musikk. Mellom eit par hundre songar til tekst av norske lyrikarar finst slike perler som Vi skal ikkje sova bort sumarnatta (Aslaug Låstad Lygre) og So rodde dei fjordan (Aslaug Vaa). Med desse ytte Geirr Tveitt viktige tilskot til den norske vise- og songskatten. Eit sterkt humoristisk drag i hans karakteriserande evner har gitt seg utslag i mange hardingtonar og ikkje minst i Jakob Sande-viser som Hestehandlarar og Drama.

Stortinget gav Geirr Tveitt Statens kunstnarløn 1958.

Ein botnlaus tragedie råka kunstnaren då bustadhuset i Norheimsund, der dei fleste originalnotane hans låg samla, brann ned til grunnen 1970. Jamvel om lauselden sterkt desimerte opuslista, står det likevel att ein lang verkkatalog frå ein markant og original kunstnarskap. Etter 1981 har vener av Geirr Tveitts musikk og familien med støtte frå offentlege og private kjelder gjort eit omfattande arbeid med å setja i stand brannskadde og på anna vis skamfarne verk, til dels rekonstruert i partitur etter gamle lydbandopptak. Aukande framføringsfrekvens og mange globalt distribuerte plateinnspelingar har gjort Tveitt til eit kjent namn i internasjonalt musikkmiljø.

Verker

    Teori

  • Tonalitätstheorie des parallelen Leittonsystems, Oslo 1938
  • Edvard Grieg og norsk folkemusikk, i Dansk musikktidsskrift 1943
  • forord til Femti folkatonar frao Hardanger, 1953
  • Assimilation, variation og deformation i folkloren av importera sakral og profan melodikk, manus UiB, 1955
  • ein omfattande analyse av Griegs samla verk er gått tapt

    Komposisjonar i utval (berre eksisterande verk er nemnde)

  • Opera: Dragaredokko, uroppf. konsertant 1940
  • Jeppe (fritt etter Holberg), uroppf. Festspillene i Bergen 1966, rev. Den Norske Opera 1968
  • Ballett: Baldurs draumar, 1938 (rekonstruert av A. Rybnikov og K. D. Husby 2002)
  • Birgingu, 1939
  • Husguden, 1956
  • Orkesterverk: Prillar, 1931/1991
  • Julekvelden, symfoni, 1958
  • Nykken, 1958
  • Hundrad hardingtonar. Suite nr. 1, 1950/54
  • Suite nr. 2 Fjellstev, 1955
  • Suite nr. 4 Brudlaupssuiten, 1958
  • Suite nr. 5 Trolltonar, 1963
  • Tre stykke frå Baldurs draumar, 1958 (rekonstruert av K. D. Husby under namnet Solgudsymfonien, 1998)
  • Solokonsertar: Concerto for klaver og orkester i F, uroppf. 1931
  • Nr. 3 Hommage à Brahms, 1933, uroppf. 1947
  • Nr. 4 Nordljos, 1949
  • Nr. 5 1956
  • Variasjonar yvir ei folkevisa frao Hardanger for to klaver og orkester, 1939
  • Konsert for hardingfela og orkester nr. 1, 1956
  • Nr. 2 Tri fjordar, 1965
  • Konsert for harpe og orkester nr. 2, 1957/1978
  • Klaver: 12 tvo-røystes fyristudiar, 1928/1930 (rev. utg. 12 tvo-røystes inventionar, 1951)
  • Meinvarnadur, 1938
  • Folkatonar frao Hardanger, privat faksimileutg. 1953, utg. 1991
  • Sonata etere nr. 29, opus 129, 1950
  • Eolsharpa. Solgudens dans, 1952
  • Kammermusikk: Frå ei reisedagbok, strykekvartett, uroppf. 1960
  • Vokalverk: Hyndluljod, 1939
  • Jonsoknatt, 1939
  • Håkonarmål for sopran, tenor, bass, kor og orkester, uroppf. 1949
  • Fire brev fra Edvard Grieg til Frants Beyer for tenor og orkester, uroppf. 1967
  • The Turtle (tekst John Steinbeck), uroppf. 1994
  • Natt og Dag, 1944, uroppf. 1981
  • Sju Sivlesongar, 1957
  • Anna: Telemarkin, kantate for songrøyst, resitasjon, hardingfele og orkester, 1974
  • Edvard Grieg: Ballade i g-moll, orkestrert av Geirr Tveitt, uroppf. 1991

Kilder og litteratur

  • S. H. Bull (hovedred.): Musikkens verden, ny utg. 1963
  • E. Olsen: Studier i 23 av Geirr Tveitts Hundrad folkatonar frao Hardanger, h.oppg. UiO, 1969
  • HEH 1973
  • E. Olsen: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • CML, bd. 6, 1980
  • N. Grinde: Norsk musikkhistorie, 3. rev. utg., 1981
  • T. Tveit: Geirr Tveitt, nordmann og europeer. Hans forhold til den nasjonale retning i 1930-årene, h.oppg. UiO, 1983
  • R. Storaas: Tonediktaren Geirr Tveitt, 1990
  • R. Storaas: Geirr Tveitt – den fargerike, i SogS nr. 4/1998
  • NMH, bd. 4, 2001
  • H. Aksnes: Perspectives of Musical Meaning. A study based on selected works by Geirr Tveitt, dr.avh. UiO, 2002
  • K. Hernes: Geirr Tveitts op. 150/151 – sett fra en pianistisk synsvinkel, h.oppg. UiO, 2002
  • B. Engeset: Naturalisme og naturmystikk i Geirr Tveitt si orkestrering av Hardingtonesnitane, Trollhaugens skriftserie, Bergen 2003
  • T. Emberland: Religion og rase. Nyhedenskap og nazisme i Norge 1933–45, 2003

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 1 endringer i denne artikkelens nettversjon.