Filippus Simonsson

Baglarkonge. Foreldre: Lendmann Simon Kåresson (død 1189) og Margrete (el. Ingjerd) Arnesdotter. Gift 1209 med Kristin Sverresdotter (død 1213), dotter til kong Sverre Sigurdsson (ca. 1150–1202) og dronning Margrete Eriksdotter (ca. 1155–1209). Dotterson til dronning Ingerid Ragnvaldsdotter (ca. 1100–ca. 1170); systerson til biskop Nikolaus Arnesson (ca. 1145–1225).

Filippus Simonsson var den siste av baglarkongane på Austlandet, og regjerte frå 1207 til han døydde 1217. Etter eit forlik 1208 rådde han over Opplanda og det meste av Vika, med full kongeleg styringsmakt både i innan- og utanrikssaker.

Filippus hadde nære slektsband til både det norske og det svenske kongehuset og til fleire av dei mektige stormannsslektene på Vestlandet. Mora, som vi ikkje sikkert veit namnet på (i Heimskringla er ho kalla Margrete, men i Morkinskinna heiter ho Ingjerd), var dotter til lendmannen Arne Kongsmåg på Stårheim (død ca. 1170) og den svenske kongsdottera Ingerid, som var dotter til kong Ragnvald Ingesson (død ca. 1130). Ho hadde tidlegare vore gift med kong Harald 4 Sigurdsson Gille og var i det ekteskapet mor til kong Inge Haraldsson Krokrygg, som dermed var halvonkelen til Filippus. Bror til Filippus, Andres på Stårheim, var far til Gregorius Andresson, som seinare vart gift med Cecilia, dotter til kong Håkon 4 Håkonsson.

Etter at kong Håkon 3 Sverresson døydde først på nyåret 1204, organiserte baglarflokken seg på ny i Danmark, støtta av den danske kongen Valdemar 2 Sejr. Da Valdemar kom til Noreg med ein stor flåte same sommaren, var Filippus Simonsson med i følgjet. Danskekongen hadde lova oslobiskopen Nikolaus Arnesson at systersonen Filippus skulle bli ny baglarkonge dersom baglarane sjølve ønskte det. Men valet deira fall på Erling Steinvegg. Filippus vart jarlen hans, og ifølgje dei danske annalane svor begge lenseid til kong Valdemar. Det danske overherredømet i Vika var dermed gjenoppretta.

I åra som følgde deltok Filippus jarl som militær befalingsmann i fleire trefningar mellom baglar og birkebeinar, i lojalt samarbeid med Erling Steinvegg. Da Erling døydde ved nyårstid 1207, tok Filippus straks styringa over baglarflokken. Same våren vart han vald til konge på Borgartinget, støtta av biskop Nikolaus og bøndene mot hærfolkets ønske om å velje ein av dei mindreårige sønene til Erling Steinvegg. Utfallet er interessant, fordi det synest å avspegle latente fredsønske i det samfunnet baglarane kontrollerte. Tilsvarande konstellasjonar – biskop og bønder mot det profesjonelle hærfolket – kom til uttrykk også på birkebeinarsida, og leier fram til forliket i Kvitsøy hausten 1208.

Drivkrefter bak fredsinitiativet 1208 var biskop Nikolaus og erkebiskop Tore. Makta i landet vart delt, slik at Opplanda og Vika frå Svinesund til Rygjarbit skulle tilhøyre Filippus. Som del av forliket vart Filippus trulova og året etter gift med Kristin Sverresdotter. Ifølgje Bǫglunga sǫgur (Soga om birkebeinar og baglar) sette ho som vilkår at Filippus framleis skulle ha titulatur som konge, noko biskop Nikolaus synest å ha lova henne. Dette gjekk birkebeinarkongen Inge Bårdsson ikkje med på, og avtalen bestemte at Filippus skulle gi opp kongsnamnet og kongsseglet, og stå i truskapsforhold til Inge Bårdsson. Fordi birkebeinarane møtte til forliksdrøftingane med større mannskap enn avtalt, måtte Filippus og baglarane godta dette. Av seinare pavebrev ser vi at saka vart anka inn for pavestolen, utan at det synest å ha kome ei endeleg avgjerd derifrå. Men Filippus vart kalla konge også etter Kvitsøyforliket, og majestetsseglet vart ikkje utlevert. Dei islandske annalane omtalar han regelmessig som vikverjekonge.

I åra etter møtet i Kvitsøy var det fred mellom det nordafjelske birkebeinarriket og det sønnafjelske baglarriket, og Filippus Simonsson rådde over sin riksdel med full kongeleg styringsmakt både i innan- og utanrikssaker. Bǫglunga sǫgur formidlar inntrykket av eit stabilt og velorganisert regime; det forvaltningsmessige sentrum, med skrivarar og rådgivarar kring kongen, låg i Oslo, og heile tida var det tett kontakt mellom Filippus og morbroren på Oslo bispestol. Filippus hadde diplomatisk samband med utanlandske makter, m.a. med den engelske kongen, i form av brevskifte, sendeferder og gåveutveksling. Fleire jordegåver vart i desse åra donerte frå kongen til klosterinstitusjonar i og ved Oslo. Det eldste norske kongebrevet som er bevart i original, er frå Filippus til mossedølane (udatert), der kongen stadfester lagmannens orskurd i ei tvistesak om jordleige. Brevet er rettshistorisk interessant, som trinn i ei utvikling mot faktisk domsfunksjon for kongelege lagmenn.

Med dronning Kristin hadde Filippus eitt barn, som berre levde nokre dagar. Kongen viste fram barnet i live, då dette hadde betydning for hans eventuelle arvekrav etter dronninga i Sverige. Etter at birkebeinarkongen Inge Bårdsson døydde våren 1217, og Håkon 4 Håkonsson vart teken til konge av gulatingsmennene i Bergen, sende Filippus brev til Skule Bårdsson jarl med krav om styringsmakt i halve Noreg. Håkons saga seier uttrykkeleg at kong Håkon ikkje var nemnd i brevet, og antydar ein konspirasjon kring tronskiftet mellom Skule og Filippus. Skule jarl, som alt hadde inngått ein førebels riksdelingsavtale med den nye kongen, svara tilbake at Filippus skulle sitje med sin riksdel i tolv månader, og at endeleg avgjerd skulle bli teken sommaren etter. Men før brevet nådde fram, var Filippus død, og sommaren 1218 gav baglarhøvdingane opp flokksnamnet og svor truskap til kong Håkon og Skule jarl.

Filippus Simonsson står heilt sentralt, og er skildra med stor respekt, både i den stutte og lengre versjonen av Bǫglunga sǫgur. Sogene framhevar hans reflekterte veremåte, lojal i forhold til det han forplikta seg på og med vilje til realistiske kompromiss i vanskelege stridsspørsmål. Den norske historiske skulen overtok dette bildet av baglarkongen, og jamvel i P. A. Munchs sterkt baglarkritiske historieskriving har Filippus Simonsson fått eit godt ettermæle.

Kilder og litteratur

  • RN, bd. 1
  • Ann.Dan.
  • Isl.Ann.
  • Håkon Håkonssons saga, i Noregs kongesoger, bd. 4, 1979
  • Soga om birkebeinar og baglar, utg. av H. Magerøy, 1988
  • NFH, del 3, 1857
  • NHfNF, del 2, bd. 2, 1916
  • E. Bull d.e.: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • K. Helle: Omkring Bǫglungasǫgur, 1958
  • d.s.: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319, l972
  • d.s.: Norge blir en stat, bd. 3 i Handbok i Norges historie, 1974
  • d.s.: Under kirke og kongemakt 1130–1350, bd. 3 i ANH, 1995

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.