Ernst W Selmer

Språkforskar. Foreldre: Litterat Ludvig Marius Selmer (1860–1931) og Nina Maria Mathilda Westerlund (1868–1954). Gift 19.3.1919 i Kristiania med Ella Sejersted (25.8.1895–27.9.1968), dotter til oberst Nils Johannes Sejersted (1865–1921) og Anna Steffens (1871–1938). Far til Knut Sejersted Selmer (1924–); svigerfar til Elisabeth Schweigaard Selmer (1923–); brorson til Johan Selmer (1844–1910) og Jens Selmer (1845–1928; sjå NBL1, bd. 13); tremenning til Fredrik Selmer (1876–1968).

Ernst W. Selmer var den fremste norske fonetikaren i generasjonen etter Johan Storm, og han grunnla eksperimentell fonetikk som disiplin i Noreg. Han var universitetslærar i Oslo i 41 år, og alle filologistudentane mellom 1921 og 1960 fekk obligatorisk innføring i fonetikk av han.

Selmer blei fødd nær Uppsala og voks opp i Kristiania. Han tok examen artium ved Kristiania katedralskole 1908 og blei cand.philol. 1913 med tysk hovudfag, fransk og engelsk bifag. Han hadde deretter studieopphald m.a. i Oxford, Montpellier, Leipzig, Hamburg og Marburg.

1915–17 var han vitskapleg assistent ved kolonialinstituttet i Hamburg og studerte nedertysk og frisisk med professor Conrad Borchling og eksperimentell fonetikk med professor Giulio Panconcelli-Calzia. 1916 samla han tilfang frå ein lågtysk dialekt, som blei grunnlaget for ei doktoravhandling i Kristiania 1918. Han var stipendiat i tysk ved universitetet i Kristiania 1917–24, frå 1924 dosent i germansk filologi og allmenn fonetikk. Han gav ut ein omfattande tysk grammatikk saman med Hjalmar Falk 1934 og ei tysk lydlære 1936, men det var særleg om nedertysk og frisisk han kom til å gi forskingsbidrag innan germansk filologi.

1918 skipa Selmer universitetets fonetiske institutt, der han var styrar i 42 år, frå starten til 1960. Han var òg universitetslektor i tysk 1919–37, og i denne perioden underviste han òg ved fleire skolar i Oslo. 1937 oppretta Stortinget eit personleg professorat for han i germansk filologi og allmenn fonetikk. Han stod i denne stillinga til han fylte 70 år 1960.

1921 tok Selmer initiativet til eit obligatorisk kurs i fonetikk for alle filologistudentar. Fram til 1960 underviste og heldt han prøvene i dette kurset. Til saman var det om lag 10 000 studentar som såleis fekk innføring i fonetikk av Selmer. Saman med Olaf Broch gav han 1921 ut ei lærebok i fonetikk, som heile denne perioden blei nytta som kursbok.

Selmer utnytta alltid dialektbakgrunnen til studentane pedagogisk i undervisninga. I den siste førelesinga si bad han studentane verne om dei norske tonelaga. Han såg på dei som eit viktig særkjenne ved norsk, som få andre språk har. Tonelaga var da også eit av dei områda han arbeidde mest med som eksperimentalfonetikar. Han gjorde undersøkingar av mange norske by- og bygdedialektar og dessutan m.a. på Færøyane og på Öland. 1931 reiste han med D. A. Seip i Midtvesten i USA og studerte den norsk-amerikanske språkbruken der.

Som språkforskar/fonetikar stod Selmer for eit grunnleggjande konkret, ikkje-abstrakt syn på korleis språket skulle skildrast. Fonetikken var etter hans syn midt mellom natur- og åndsvitskap, og ein fonetikar hadde såleis tilgang til metodar frå båe desse hovudområda. Sjølv gjekk han klårt i retning naturvitskap. Han meinte fonetikken kom til å gå stadig meir i den retninga på grunn av den teknologiske utviklinga. Instrumenta hans sette han i stand til å måle, telje og samanlikne ulike avgrensa einingar i den språklege lydstraumen. Mange av Selmers publikasjonar er fylte med tal og tabellar, som er resultat av målingar og teljingar som eksperimenta gav høve til. Selmer meinte at denne kvantitative forskinga synte korleis språklydane og prosodien verkeleg var, nemleg ofte annleis enn det eit menneskeleg øyre kan oppfatte.

Det følgte av dette at han kunne ha mindre syn for meir abstraktteoretiske språkskildringsmodellar som t.d. strukturalismen. Strukturalistane på si side kunne av og til meine at Selmers registreringar og teljingar langt på veg var irrelevante for ei språkskildring, fordi han kunne operere med fysiske einingar som, slik dei såg det, ikkje alltid hadde nokon funksjonell plass i språkstrukturen. Det har likevel vist seg at Selmers undersøkingar av tonelaga i ulike norske dialektar har tent og framleis tener som fruktbart utgangspunkt for vidare forsking på dette feltet.

Selmer var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1922, han var òg medlem av Det kgl. Danske Videnskabernes Selskab, av De Fryske Akademy og av Språkvetenskapliga Sällskapet i Uppsala. Han døydde 1971.

Verker

  • Satzphonetische Untersuchungen, 1917
  • Sprachstudien im Lüneburger Wendland, dr. avh., 1918
  • Tonelag og Tonefald i Bergen Bymaal, 1921
  • Håndbok i elementær fonetikk (sm.m. O. Broch), 1921
  • Sylterfriesische Studien, 1921
  • De færøiske tonelag, 1924
  • Über den Gebrauch des bestimmten Artikels im Nordfriesischen, 1926
  • Den musikalske aksent i stavangermålet, 1927
  • Apokope und Zirkumflex. I. Eine theoretische Experimentalstudie auf Grund der öländischen Akzentverhältnisse, 1930
  • Experimentelle Beiträge zur Zulu Phonetik, 1933
  • Tysk grammatikk for studerende og lærere (sm.m. H. Falk), 1934
  • Georgische Experimentalstudien, 1935
  • Tysk lydlære for lærere og studerende, 1936
  • Sunnmørestudier, 1948
  • Likevekt og tiljevning i Tynsetmålet. En evolutiv-fonetisk studie, 1950
  • Norsk lydskrift. En historisk-kritisk oversikt, 1952
  • Fonometri og dialektgeografi, 1955

Kilder og litteratur

  • Stud. 1908, 1933 og 1958
  • E. Selmer: Selmer-slekten, Skien 1943
  • M. K. Jensen: biografi i NBL1, bd. 13, 1958
  • L. Amundsen: i Universitetet i Oslo 1911–1961, bd. 1, 1961, s. 456–458
  • HEH 1968
  • M. K. Jensen: “Minnetale over Professor dr. philos. Ernst W. Selmer”, i DNVA Årbok 1972, s. 91–98

Portretter m.m.

  • Teikning (skulderbilete) av Gösta Hammarlund, 1956; Dagbl. 8.12.1956
  • Teikning (halvfigur) av Øyvind Sørensen, 1959; Aftenp. 28.12.1959
  • Blyantteikning (brystbilete) av Leiv Amundsen, 1960; p.e.; trykt i Norske Portretter. Videnskapsmenn, 1965, s. 120

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 1 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.