Erling Kristvik

Pedagog. Foreldre: Kyrkjesongar og lærar Martin Elias Ellingson Kristvik (1854–1929) og Beret Anna Løvensdotter Vebenstad (1853–1917). Gift 1) 1.8.1914 med Olga Hundal (23.8.1883–29.8.1915), dotter til snikkar Johan Daniel Hundal (1853–1910) og Anna Jakobsen (f. 1854); 2) 13.8.1918 med Ågot Hirsch (27.4.1887–7.3.1967), dotter til sokneprest, seinare prost Lars Robert Hirsch (1845–1927) og Stine Colban Aas (f. 1855).

Erling Kristvik var ein original og kreativ samfunnstenkar med særs vid orientering og pedagogisk engasjement, som også gjennom velformulert og skarp samfunns- og skulekritikk skapte pedagogisk uro i si samtid. Han bidrog på fleire vis avgjerande til utviklinga av norsk lærarutdanning.

Kristvik voks opp i ein barnerik lærarheim i ei tid då folkeskulelærarane jamt over var plaga av næringssorger. Første åra budde familien i Litle Rånes i ei gamal røykstove, men flytta etter få år til Eide krins med lærarbustad, der klasserommet måtte tene som soverom for borna. Om kveldane kunne det vere politiske eller religiøse møte i rommet, og natta blei då kort for borna, som måtte vere oppe før skuleungane kom neste dag. For Erling var dette miljøet stimulerande. Han las mykje, særleg i sokneboksamlinga.

Då han var 13 år gamal, flytte familien attende til Litle Rånes, der faren fekk ein lærar- og klokkarpost med eit lite gardsbruk. Kristvik arbeidde heime med jordbruk og fiske til han var 19 år gamal. Han sa at desse åra lærte han mykje om bondeyrket, anna arbeidsvil og livsalvoret på sjø og land. Han brukte boksamlinga i Kornstad sokn flittig frå konfirmasjonsalderen, særleg var han fanga inn av historisk litteratur og av tidsskriftet til Tambs Lyche, Kringsjå, som gav han nye tankar og utsyn.

Kristvik gjekk ut av Volda private mellomskule 1903, tok examen artium ved Kristiansund gymnas 1905 og tilleggsprøva for studentar ved Volda private lærarskule 1906. 1911–12 tok han dei førebuande prøvene i filosofi og latin ved universitetet i Kristiania og las psykologi og historie ved sida av. Med det avslutta han dei formelle akademiske studiene, og det seiest at han grunngav det med at “dersom det skal så lite til for å få beste karakter, kan universitetet ha takk for meg”. Hausten 1921 gjennomførte han ei studiereise til Tyskland, med stipend frå Kyrkjedepartementet. Han heldt seg mest i Leipzig, studerte moderne skulestell og las psykologi og sosiologi.

Kristvik arbeidde som lærar i Volda 1906–13 (to år i den høgre skulen og fem år i lærarskulen) og ved Møre folkehøgskule 1913–15. Deretter var han overlærar i 7 år ved Tromsø off. lærarskule, eitt år ved lærarhøgskulekurset på Bondi i Asker og to år ved Hamar off. lærarskule. Han var skuledirektør i Nordland og Troms 1925–30 og rektor ved Volda off. lærarskule 1930–46. Skulen blei nedlagd av nazistyret jula 1941. Kristvik var forvist frå Møre og Romsdal frå september 1942 til oktober 1943, og rett før slutten av krigen blei han send til Falstad leir. 1946–52 var han professor i pedagogikk ved Noregs lærarhøgskule.

Kristviks yrkesliv er uløyseleg knytt til lærarutdanninga for folkeskulen og til innhaldet og arbeidsformene denne burde ha. Folkeskulen si oppgåve, meinte han, måtte vere å bidra aktivt til å utvikle eit godt samfunn ved å gi elevane forståing av samfunnsmekanismer, øving i samhandling og tileigning av samfunnsbevarande normer og verdiar. Han såg skulen som det sentrale instrumentet for å gjere nasjonen til ein “Folkedaningsheim”. Skulle skulen bli eit brukbart instrument for ei slik oppgåve, måtte lærarutdanninga, særleg pedagogikkstudiet, styrkast. Til det bidrog han gjennom medverknad i utforming av lærarskulelovene av 1930 og 1938, innføringa av den pedagogiske skriftlege heildagsprøva, oppretting av ein statleg øvingsskule i Volda og ikkje minst ved omfattande artiklar i fagpressa om sentrale emne som lærarutdanninga burde arbeide med, og særleg dei tre mest brukte og leste lærebøkene i utdanninga gjennom 40 år: Læraryrket. Indføring i pædagogik, Sjelelære. Pedagogisk psykologi og Elevkunne. Øvingsskulen blei ein reformskule, der hans pedagogiske teori var lagt til grunn for praktisk skulearbeid.

Kristviks pedagogiske filosofi var forankra i sosiologisk tenking, framstelt i bøkene Folkelagnad. Tankar om samfund og kultur (1920) og Livsopplysning. Ideologisk nyorientering (1954). Han tok avstand frå å sjå på samfunnet som eit tilfeldig hopehav mellom menneske. For han var det “eit varande samliv som i sine fundamentale former skaper fyresetnader for menneskeleg livsutfalding i lekamleg og åndeleg lei”. Han argumenterte for heimen som kjernecella i samfunnet, gjorde parentalisme til eit slagord og peikte på at den mest sentrale oppgåva var omsorg for barna og ansvaret for neste generasjon gjennom opplæring og oppseding. Å gjere mennesket til eit betre menneske måtte vere målet for både heim, grannelag og skule. I hans tenking var såleis heile samfunnet eit pedagogisk rom.

Kristvik var sterkt kritisk til samtidas utdanningsideal. Han tok avstand frå encyklopedisme, formalisme og pragmatisme. Skulen skulle derimot “setje eleven sine evner i verksemd […] gjennom strev med sentrale, grunnviktige livsoppgåver”. Det viktige var å vinne oversyn, røyndomssamanheng og livsorientering. I slik læring understreka han spenninga og interaksjonen mellom universelle og totalistiske prinsipp. Dei første galdt materielle, biologiske, økonomiske, sosiale, psykologiske og kulturelle relasjonar; dei andre personlege relasjonar. I skulen i 1920-åra såg han “blindskap og slump, vingling, tankelause tilsprang”. Han etterlyste “bærande tankar”, ein byggeplan og didaktiske prinsipp som kunne gjennomførast. Alt dette bidrog han sjølv med, dels i lærebøkene og i artiklar om formidling av allmenndanning i skulen, faget heimstadlære og utforming av læreplanar, og ikkje minst reint praktisk i den tredelte reformskulen sin, “Samlivsskulen”.

Erling Kristvik fekk Kongens fortenestemedalje i gull og blei æresmedlem av Lærarskulelaget 1963.

Verker

    Bøker

  • Ein norsk lærarhøgskule. Historisk utsyn og program (sm.m. T. Høverstad), 1919
  • Folkelagnad. Tankar om samfund og kultur, 1920
  • Læraryrket. Innføring i pedagogikk, 1925 (ny omarbeidd utg. 1941)
  • Sjelelære, 1937 (og seinare utg.)
  • Elevkunne, 1939 (og seinare utg.)
  • Forplantningslære. Foreldrekunnskap, 1951
  • Livsopplysning. Ideologisk nyorientering, 1954

    Artiklar

  • Ei nokså komplett liste er sett opp ved Høgskolen i Volda 1995

Kilder og litteratur

  • Stud. 1905,1930
  • K. Bakke (red.): Norske Skulefolk,1952
  • P. Myklebust (red.): Festskrift til Erling Kristvik,1952
  • Allkunneboka,bd. 7, 1956
  • HEH 1968
  • M. Strømnes: Kristvikskolen,1981
  • R. Slagstad: De nasjonale strateger,1998
  • E. L. Dale: De strategiske pedagoger,1999

Portretter m.m.

  • Maleri av Hermod Riise, 1938; Høgskolen i Volda

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.