Faktaboks

Erling Gjone
Fødd
8. mai 1898, Ytterøy (nå Levanger), Nord-Trøndelag
Død
10. oktober 1990, Trondheim
Verke
Arkitekt
Familie
Foreldre: Agent David Edvard Gjone (1871–1951) og Kristiane Øwre (1877–1970). Ugift.

Erling Gjone var lærar for eit par generasjonar arkitektar og ein av våre fremste antikvariske arbeidarar.

Foreldra flytte til Trondheim då Erling Gjone var to år; han voks opp i byen. Interesser og anlegg peika i fleire leier. Etter examen artium 1916 var han uviss om kva veg han skulle velja. Det vart arkitekturlina på NTH. Der var det særleg professorane Andreas Bugge, Olaf Nordhagen og Johan Meyer han fekk impulsar frå.

Etter fullført studium var Gjone assistent hjå arkitekt Ole Landmark i Bergen 1920–24. Då bad Johan Meyer han koma til Trondheim som sin assistent. Meyer var m.a. oppteken med å gi ut verket Fortids kunst i Norges bygder. Det var nådd til Numedal. Til band 2 og til banda frå Østerdal og Sunndalen har Gjone levert ei rad oppmålingar av profane hus og innreiing, pålitande strekteikningar, normgjevande for ettertida, likeeins ei rad akvarellar (dette var før fargefoto var teke i bruk). Meyer gjekk for aldersgrensa 1930 og overlet meir av arbeidet til Gjone. Arbeidet stogga då krigen kom 1940. Stoffsamling frå Oppdal var då godt i gang.

Frå 1936 var Gjone dosent i eldre norsk byggekunst ved NTH. I røynda var emnekrinsen utvida til allmenn europeisk byggekunst. Det verka difor naturleg då han 1949 vart utnemnd til professor i Byggekunst V, byggekunstens historie. Han la mykje arbeid i førelesingane. Kompendium, rikt illustrerte med eigne skisser og teikningar, er framleis ei god kjelde. I ei tid der funksjonalismens idear vann rom og tida var mindre oppteken av å sjå attover, hadde studentane likevel age for Gjone og emnet hans.

Alt 1926 fekk Gjone oppgåver med antikvarisk arbeid. Slike emne var han meir og mindre oppteken av så å seie levetida ut. Første oppgåva var å restaurere kyrkjeruinen på Sakshaug. Mellom anna fekk skipet nytt tak, og defekte murparti vart reparerte. Der det var naudsynt med nye bygningsdelar, passa Gjone på at det skulle gå tydeleg fram kva som var opphavleg og kva som seinare var sett til. Restaureringa av Trondenes kyrkje fylgde 1945–50. Ein omfram vanske var at ei synfaring dei åra tok ei veke i reisetid. – Skaun kyrkje arbeidde han med 1947–52, Oppdal kyrkje 1951–56 og Værnes kyrkje 1959–63. Største arbeidet fekk han med Erkebispegården i Trondheim 1962–75. Bortkomne delar som det var eintydige spor etter, vart atterskapte. Nye krav til vestibyle med garderobe og ytre rom kravde særleg tilpassing til den gamle bygningen. Ein vanske var at arkeologiske granskingar gjekk for seg på same tid. Gjone vart dregen inn i fleire tilsvarande arbeid, som vøling av Munkeby klosterruin ved Levanger og borgruinen på Steinvikholm.

Då krigen kom 1940, vilde Gjone slutta seg til norske styrkar. Etter mykje strev kom han til Hegra festning og var med der så lenge kampen vara. Det vart eit stutt tysk fangenskap etterpå. Som formann i trønderavdelinga av Fortidsminneforeningen fekk han seinare mykje å gjera med tyske styresmakter når tysk verksemd truga foreiningas eigedomar eller andre norske kulturverdiar. Men denne milde, fredelege mannen hadde òg andre og meir militære oppgåver. Sist i krigen var han sjef for Milorg i Trøndelag.

Å koma attende til fredelege sysler var ikkje lett. Fleire i arkitektavdelinga på NTH hadde falle frå, studentkulla vart ekstra store på grunn av avbrot som krigen hadde påført studentane. Det var færre som delte børene med undervisning og administrasjon. Gjone fekk lite fred til å få ut vitskapleg arbeid. Mykje hadde han i gjenge, men etter måten lite kom ut. Då han omsider fekk romslegare tid og planlagde arbeid kunne fullførast, svikta synet, og han vart så skjelven på handa at arbeidet laut stogga. Det var vondt for han.

Erling Gjone vart riddar av St. Olavs Orden 1961 og kommandør 1973; han hadde òg Deltakermedalja med rosett, den britiske King's Medal for Courage og Urnesmedalja frå Fortidsminneforeningen. Han var medlem av Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab frå 1942.

Verker

  • Bibliografi i I Gjonelag med byggeskikken(sjå nedanfor), der er også attgjeve døme på hans oppmålingar, restaureringsarbeid og skisser frå feltarbeid
  • Skissebøker, notisbøker frå feltarbeid og studieferder i Arkivet på Norsk Folkemuseum

Kilder og litteratur

  • Stud. 1916, 1942, 1966
  • O. Devik: N.T.H. femti år. Norges tekniske høgskoles virksomhet 1910–1960,1960
  • A. Berg, R. Calmeyer og H. Christie (red.): I Gjonelag med byggeskikken. Festskrift til Erling Gjone på 80-årsdagen 8.mai 1978,1978
  • H. Berthelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv?1987
  • A. E. Holm: “Erling Gjone. Minnetale 14. okt. 1991”, i DKNVS Forh.,1991, s. 69–76
  • d.s.: “Erling Gjone 1898–1990”, i FMF Årbok1991, s. 11–12
  • A. Berg: “Erling Gjone – antikvarisk arbeid og fortidsminneforeninga”, i FMF Årbok1991, s. 13–26