Elling Holst

Matematikar og forfattar. Foreldre: Bokhandlar, seinare fattigforstandar Adolph Theodor Holst (1814–94) og Amalie Fredrikke Bergh (1818–81). Gift 1) 13.8.1875 med Inger Skavlan (30.3.1852–8.3.1899), dotter til prost Aage Schavland (1806–76) og Gerhardine Pauline Bergh (1817–84); 2) 29.12.1900 med Marie Michelet (20.9.1872–21.12.1960), datter av overtollbetjent Joseph Frantz Oscar Michelet (1832–1913) og Caroline Julie Laache (1833–1915). Brorsons son til Poul Holst (1789–1840; sjå NBL1, bd. 6); svoger til Olaf Skavlan (1838–91), Sigvald Skavlan (1839–1912), Aage Gerhard Skavlan (1849–1920; sjå NBL1, bd. 13), Harald Skavlan (1854–1908; sjå sst.) og Simon Themstrup Michelet (1863–1942).

Elling Holst var ein inspirerande lærar i matematikk ved universitetet i Kristiania og ved fleire skular i byen i nærare 40 år. I dag blir han likvel mest hugsa for arbeidet sitt med Norsk billedbog for børn og andre barnebøker.

Holst voks opp i Drammen og blei student frå Drammens lærde Skole 1868 med beste karakter (praeceteris). Ved sida av las han matematikk privat, og etter examen artium begynte han å studere realfag ved universitetet i Christiania, der han frå 1870 fekk Sophus Lie som lærar m.a. i moderne geometri. Holst tok matematisk-naturvitskapeleg lærareksamen (cand.real.) 1874. Same året blei han tilsett som assistent ved Meteorologisk Institutt, men på seinhausten drog han til Tyskland for å studere vidare, m.a. med Felix Klein i München. Etter eit knapt år i Tyskland kom han heim og blei lærar i matematikk ved Aars og Voss' skole og frå 1876 dessutan universitetsstipendiat i rein matematikk. Båe desse stillingane hadde han til han 1891 blei tilsett som overlærar i matematikk ved Christiania tekniske Skole.

Holst hadde fleire studieopphald i København, Paris og Storbritannia i slutten av 1870-åra. 1878 vann han Kronprinsens gullmedalje for sitt svar på prisoppgåva Om Poncelets betydning for Geometrien, og 1883 disputerte han for den filosofiske doktorgrad på avhandlinga Et par syntetiske Methoder, især til Brug ved Studiet af metriske Egenskaber.

Frå 1894 var Holst dosent i matematikk ved universitetet i Kristiania, med særleg plikt til å undervise “den almindelige skolemathematik videnskabelig behandlet”, og han arbeidde for at universitetsstudiet skulle leggjast opp på ein måte som kom den praktiske skuleundervisninga til gode så godt som råd var. Han blei høgt verdsett som førelesar, og fleire seinare kjende matematikarar (Axel Thue, Kristian Birkeland, Carl Størmer, Richard Birkeland m.fl.) som begynte å studere faget i denne tida, nemner han som ei viktig inspirasjonskjelde. 1886 starta Holst eit Matematisk Seminar, som arrangerte foredrag og diskusjonar om emne og teoriar som det ikkje regelmessig blei førelese i. Seminaret blei ein forløpar for Den norske matematiske Forening (stifta 1918). Då Filologernes og Realisternes Landsforening (seinare kalla Norsk Lektorlag og Norsk Undervisningsforbund, no Lærerforbundet) blei stifta 1892, var Holst ein viktig aktør.

Holsts matematiske produksjon omfattar elles mest lærebøker og biografiske arbeid om norske matematikarar – Niels Henrik Abel, Carl Anton Bjerknes, Sophus Lie m.fl. Han skreiv i Illustreret norsk Litteraturhistorie om norsk matematikk frå Hauk Erlendsson på 1300-talet til Sophus Lie og hans elevar. 1910 blei Holst fritatt for undervisning for å skrive om matematikkfaget i Universitetets festskrift til 100-årsjubileet 1911. Året etter fekk han av helsegrunnar avskil frå stillingane ved universitetet og den tekniske skolen.

I 1880-åra begynte Holst å samle norske barnerim, reglar og songleikar. Resultatet av innsamlingsarbeidet utgav han i tre samlingar med tittelen Norsk billedbog for børn (1888, 1890, 1903), dels med eigne melodiar. Bøkene fekk stor betydning for norsk barnepoesi og kjem i stadig nye opplag. Det er i desse bøkene vi for første gong finn nedskrivne kjende rim og reglar som “Ride, ride ranke!”, “Sko Blakken, sko Blakken”, “Bake kake søte”, “Ro, ro til fiskeskjær”, “Kjerringa med staven”, “Hoppe! sa gåsa”, “Du og jeg og vi to seila i en tresko” m.fl. Då den første samlinga kom 1888, var det ei storhending: ei norsk biletbok trykt i fargar og rikt illustrert av Eivind Nielsen.

Det låg eit nasjonalt program bak denne innsatsen: Holst ville berge den munnleg overleverte norske barnepoesien. (Ifølgje barnelitteraturforskaren Sonja Hagemann synest ikkje Holst å ha vore klar over at mykje av denne barnepoesien var felles germansk og at det i nabolanda alt var utgitt liknande bøker). Holst la i nedskrivinga vekt på daglegspråk og norsk uttale. 1893 utgav han saman med Anna Rogstad ei A.B.C. for Skole og Hjem, og året etter følgde han opp med Lette læsestykker for barn til brug efter A.b.c.en.

Holst var i alle år aktiv i kulturlivet, i Studentersamfundet, ved nordiske studentmøte og naturforskarmøte, i arbeiderakademi og kunstforeiningar. Han hadde òg ei stor bok- og kunstsamling og ei samling norske julekort; etter hans død blei kunstsamlinga selt på auksjon, og julekortsamlinga blei kjøpt av Universitetsbiblioteket. Holst var formann i styret for Nasjonalgalleriet 1897–1905 og medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det norske Videnskaps-Akademi) frå 1881. Han blei utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1902.

Elling Holst hadde mange venner mellom vitskapsmenn og kunstnarar, og dei skildrar han som ein livfull og engasjert person med eit vinnande vesen. Også som leilighetsdiktar blei han høgt skatta, og i 1870-åra var han med Karl Seip og laga dei første to utgåvene av det som seinare blei “Seips visebok”.

Verker

  • Bibliografi i Stud. 1868, 1919, s. 171–176

    Matematiske arbeid (eit utval)

  • Lösning af prisuppgiften för 1868, i Tidskrift för matematik och fysik. Bihang 1869, s. 1f.
  • Om Poncelets betydning for Geometrien, universitetsprogram, 1878
  • Über algebraische cycloidischen Curven, i Archiv for Mathematik og Naturvidenskab 1881–82, s. 125–152
  • Et par synthetiske Methoder, især til Brug ved Studiet af metriske Egenskaber, dr.avh., VSK Forh. 1882 nr. 11, 1882
  • Om Mathematik, foredrag ved Kristiania Arbeiderakademi, 1885 (først trykt i Folkevennen 1885, s. 171–186)
  • Plangeometrisk kursus for realgymnasiet, 1885
  • Om høiere arithmetiske rækker, 1886
  • Kortfattet kursus i projektionstegning for realgymnasiet (sm.m. O. Johannesen), 1887
  • Mathematik, i H. Jæger: Illustreret norsk Literaturhistorie, bd. 2, 1896, s. 68–101
  • Lærebog i infinitesimalregningens elementer, 1901
  • De første begyndelsesgrunde til feillæren og mindste kvadraters metode (sm.m. N. W. Smeby), 1902

    Barnebøker (eit utval)

  • Norsk billedbog for børn (sm.m. E. Nielsen), 1888
  • Norsk billedbog for børn. Ny samling (sm.m. E. Nielsen), Kristiania/København 1890
  • Julegodter for Børn, 3 deler, Kristiania/København 1892
  • A.B.C. for Skole og Hjem (sm.m. A. Rogstad), 1893 (ny utg. 1916)
  • Lette læsestykker for barn til brug efter A.b.c.en, 1894
  • Norsk billedbog for børn. 3die samling (sm.m. E. Nielsen), 1903

    Anna (eit utval)

  • En liden Visebog, nærmest bestemt for Mandagsforeningen (sm.m. K. Seip), 1872 (ny utg. En liden Visebog for Hjemmet, 1874)
  • Tale ved Universitetets Mindefest over Sophus Lie 20/4 1899, 1899 (trykt i Aftenp.)
  • Cato Maximilian Guldberg, i Nordisk Universitets Tidsskrift 1902, s. 1–22
  • Historisk Indledning, i Festskrift ved Hundredaarsjubilæet for Niels Henrik Abels Fødsel, 1902, s. 1–111
  • C. A. Bjerknes, i Nordisk Universitets Tidsskrift 1903, s. 184–201
  • Sophus Lie og Niels Henrik Abel i G. Gran (red.): Nordmænd i det nittende aarhundrede, 1914

Kilder og litteratur

  • Biografi i NFL, bd. 2, 1888
  • Stud. 1868, 1919
  • C. Størmer: biografi i NBL1, bd. 6, 1934
  • O. Alsvik: En uferdig barnebok. Av Elling Holsts etterlatte papirer, Drammen 1945 (først trykt i Drammens Museums Årbok 1938–43)
  • S. Hagemann: Elling Holst, prøveførelesing, 1969
  • B. Birkeland: Norske matematikere, 1993
  • A. Stubhaug: Det var mine tankers djervhet. Matematikeren Sophus Lie, 2000

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Måleri (knestykke) av August Eiebakke, 1889; UiO
  • Teikning (brystbilete) av Erik Werenskiold, ca. 1895–96; p.e

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.