Elias Blix

Salmediktar, teolog, filolog og politikar. Foreldre: Småbrukar og fiskar Peder Christophersen (1804–39) og Margrethe Christophersdatter (1808–57). Gift 1871 med Emma Alvilde Marie Hansen (20.04.1849–16.07.1927), dotter av snekkarmeister Hans Mathias Hansen og Marie Saxen. Far til Ragnvald Blix (1882–1958).

Elias Blix er først og fremst kjend som salmediktar, men han har også spelt ei sentral rolle som bibelomsetjar.

Elias Blix var fødd på garden Våg i Gildeskål. Faren omkom på havet mens Elias enno var liten gut, og som så mange gåverike bygdeungdommar frå små kår gjekk han vegen om seminaret før han fekk høgare akademisk utdanning. I åra mellom 1853 og 1855 var Elias Blix såleis seminarist i Tromsø. Der møtte han målsaka gjennom Ivar Aasens Det Norske Folkesprogs Grammatik frå 1848. Han var så lærar i nokre år før han drog til Christiania 1859. Der blei han student 1860 og cand.theol. 1866. 1871–72 hadde han stipendopphald i Leipzig for å studere semittiske språk og gammaltestamentleg teologi. 1873 blei han universitetsstipendiat, 1876 dr.philos. og 1879 utnemnd til ekstraordinær professor i hebraisk. Han var kyrkjeminister i Johan Sverdrups Venstre-ministerium 1884–88. Etter det gjekk han attende til professorembetet sitt.

Som professor hadde han ingen stor vitskapleg produksjon, men han var kjend for å ha store kunnskapar i semittiske språk og gammaltestamentleg eksegese. Doktoravhandlinga hans har tittelen De vigtigste Udtryk for Begreberne Herre og Fyrste i de semitiske Sprog. Et Bidrag til semitisk Etymologi, og er såleis ei språkvitskapleg avhandling.

Blix' politiske betydning er knytt til tida hans som statsråd. Som kyrkjeminister var han den som formelt stod ansvarleg for det såkalla jamstellingsvedtaket frå 1885, altså det vedtaket som sidestelte landsmålet med “det almindelige Skrift- og Bogsprog” som offisielt språk i landet. Hundre år etter, den 12. mai 1985, overleverte representantar for styret i Noregs Mållag eit målarstykke av Elias Blix til Stortingets presidentskap for å minnast han som opphavsmann til jamstellingsvedtaket.

Blix var også engasjert i omsetjinga av Bibelen til landsmål, og hadde omsett store delar av den utgåva av det Nye Testamentet som kom 1890. Han rakk også å omsette om lag 50 av Davids-salmane før han døydde.

Men først og sist er det salmediktaren Elias Blix ettertida minnest. Den første salmesamlinga kom 1869, i første omgang anonymt. Da blei Nokre Salmar, gamle og nye gjevne ut på Det Norske Samlaget, som var skipa 1868, med Blix i det første styret. Det vesle heftet inneheldt 13 salmar, fire originale og sju omsette. Alt året etter kom andre heftet, som inneheldt 27 salmar, av dei 10 originale. Tredje heftet kom 1875 med 17 salmar, 14 originale. I dette tredje heftet finn vi fleire av dei mest kjende Blix-salmane, t.d. Med Jesus vil eg fara, No koma Guds englar og No livnar det i lundar. 1883 kom dei tre hefta samla ut på Samlaget med tittelen Nokre Salmar. Andre rettade og aukade Utgaava. 1891 kom Nokre Salmar. 4de aukade Utgaava, og no gav forfattaren seg offentleg til kjenne med “Dr. Elias Blix” på tittelbladet. Denne utgåva inneheldt i alt 150 salmar, 86 originale og 64 omsette. Tilfanget er her så stort og allsidig at det gjev salmar til heile kyrkjeåret.

Og det var nett dette som hadde vore målet for Blix: å fylle kyrkjeåret med salmar på landsmål. I ein tale han heldt på ein fest som blei arrangert for han på 65-årsdagen 1901, seier han: “Mi meining med aa gjeva salmarne ut paa landsmaal var det, at eg vilde prøva leggja salmarne og Guds ord i det heile rett nær inn til hjarta paa dei mange av vaart folk som talar eit maalføre som er langt meire nærskyldt med landsmaalet enn med bokmaalet; eg vilde at ogso me skulde prøva lovsyngja Krist paa vaar tunga.”

Med salmane sine ville altså Blix “kristne” landsmålet og få det i bruk i kyrkja. Alt 4. mars 1892 blei Nokre Salmar autorisert til bruk i Den norske kyrkja ved sida av Landstads Salmebok. Denne autorisasjonen er eit særsyn i norsk salmehistorie. Det er første og einaste gongen ei samling salmar, dikta og omsette av ein einskild person, er blitt autorisert til bruk i Den norske kyrkja.

Også etter autorisasjonen kom det nye Blix-salmar. 1900 gav han ut ei samling Salmar og Songar, med 50 nye salmar. Av desse er 44 originale og 6 omsette. Dessutan er her med ti songar om heimstad og fedreland. Like etter at Blix døydde, kom det posthumt ut nokre nye salmar. Heile salmeproduksjonen hans er prenta i ei minneutgåve frå 1936, 130 originale og 76 omsette salmar, og dessutan songar og kvede.

Blix hadde eit klart bruksmål med salmediktinga si. Det ser vi òg av utvalet salmar han valde å omsetje. Det var først og fremst gamle kjende kjernesalmar, altså slike som frå før var mykje nytta og omtykte av kyrkjelydane.

Elias Blix var ein av dei tidlege målmennene, og ein av dei som fekk mest gjort for å spreie landsmålet. Han blei ein nær venn både av Aasen og Vinje, og var all sin dag lojal mot Aasen-normalen.

Det var som nemnt i Tromsø han møtte landsmålet. Også om det har han sjølv fortalt i den talen han heldt i høve 65-årsfeiringa: “Det var i 50-aari eg vart maalmann, etter at eg hadde fenge fat i Aasens grammatik og derav klaart sét at dette maal var det same som mitt eiget morsmaal, berre set i vitskaplegt ljos og samanheng. Fraa den tid var eg altso maalmann med fullt medvitande – fyrr hadde eg paa ein maate vore det utan aa vita det –, og so tok eg saa smaatt til aa skriva maalet – ogso vers; eg hadde vel alt fyrre prøvt med dansk-norske vers; men det vilde ikkje gaa. Men paa maalet gjekk det snart som av seg sjølv.”

I hovudsak blei Blix-salmane godt mottekne, jamvel om han sjølv fortalde at han var blitt møtt med spott og lått for å dikte salmar på landsmål. Spott og lått er det likevel vanskeleg å etterspore i dei prenta meldingane av salmesamlingane hans. Dei var positive, jamvel om det meir er målforma enn form og innhald i salmane som blir diskutert.

For Blix var det altså ei hjartesak å lovsyngje Gud på landsmål. Som alt nemnt hadde han som mål å dikte så mange landsmålssalmar som mogeleg til alle sun- og helgedagar i kyrkjeåret. Han hadde ein kvote å fylle: Kvar kyrkjesundag skulle ha minst ein salme, helst fleire. Ein god del av salmeproduksjonen hans ber såleis preg av å vere skriven med eit slikt formål for augo. Fleire av salmane er for fromme evangelierim å rekne. Men i rekkja av salmar er det somme som lyser; det er salmar som framleis er i bruk, som framleis finst i salmebøkene for Den norske kyrkja og for andre kyrkjesamfunn. Det er salmar som No livnar det i lundar, Gud signe vårt dyre fedreland og Med Jesus vil eg fara, og det er songar som Å eg veit meg eit land.

Blix-salmane har ingen personleg eller individuell tone. Dei forkynner allmenne religiøse sanningar, med vekt på fellesskap framfor individualisme, på vanleg kvardag framfor høg helg. Dei fleste salmane har ein utprega bibelsk farge, og allusjonar til Bibelen finst i mest kvar salme. Dei representerer ein vanleg folkeleg kristendomstype med røter attende til Pontoppidan og pietismen. Også det er med og forklarer kvifor Elias Blix er blitt ståande som ein av dei fremste og mest velkjende norske salmediktarane, og kanskje den mest sungne.

Verker

  • Nokre Salmar, gamle og nye, 1869
  • Nokre Salmar, 1870
  • Nokre Salmar, 1875
  • dei tre ovannemnde samla i Nokre Salmar. Andre rettade og aukade Utgaava, 1883
  • Nokre Salmar. 4de aukade Utgaava, 1891
  • Salmar og Songar, 1900
  • Salmar, Songar og Kvad, 1936
  • innlegg i diverse aviser opp gjennom åra, m.a. i Christiania-posten 1861, Dagbl. 1869, 1901, Den 17de Mai 1901

Kilder og litteratur

  • K. Liestøl: biografi i NBL 1, bd. 2, 1925
  • T. Bull: Dei første nynorske salmane. Ein idéanalyse av originalsalmane til Elias Blix, uprent h.oppg., UiT, Trondheim 1972
  • C. Ellingsen: “Professor, dr.philos. Elias Blix og hans avstamning m.v.”, i NST, bd. 23, 1972, s. 200–211

Portretter m.m.

    Kunstnarlege portrett

  • Målarstykke (brystbilete) av Ole Nesvik, 1985; Stortinget, Oslo

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.