Faktaboks

Eldrid Lunden
Fødd
5. oktober 1940, Naustdal, Sogn og Fjordane
Verke
Lyrikar og lærar
Familie
Foreldre: Småbrukar og anleggsarbeidar Ludvik Kristoffersen Lunden (1897–1989) og Hilda Simonsdatter Indrekvam (1901–98). Gift 31.12.1994 med forfattar og litteraturforskar Reidar Ekner (25.7.1929–), son til handelsreisande Eric Ekner (1899–1978) og husmor Hjördis Ingemann-Pehrson (1899–1981). Syster til Kåre Lunden (1930–).

Eldrid Lunden har som lyrikar gått sin eigen veg og vore fri i forhold til tidvise dominerande forfattarmiljø. I tekstane er ho assosierande med stor biletrikdom, men i dei siste bøkene er metaforikken noko mindre synleg. Ho har ei viktig rolle i den norske litterære institusjonen som leiar for forfattarutdanninga ved Høgskolen i Telemark–Bø.

Lunden flytte heimanfrå som 14-åring for å begynne vidare skulegang, og etter fleire års veksling mellom skule og ulike jobbar tok ho examen artium ved Voss landsgymnas 1961. Deretter begynte ho å studere ved UiO, parallelt med at ho arbeidde som meteorologassistent ved Det norske meteorologiske institutt. Ho blei cand.philol. 1973 med hovudfag i nordisk og med hovudoppgåva Kvar gjekk Nora? Individualisme og kvinnesyn i tre norske drama.

Ho vart tilsett som lektor ved Ulsrud gymnas i Oslo 1973, deretter som høgskolelektor ved Volda lærarhøgskole 1976. Frå 1981 var ho amanuensis ved forfattarstudiet, Telemark distriktshøgskole, der ho 1996 vart professor i skjønnlitterær skrivekunst.

1967–68 var Lunden einaste kvinnelege redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Profil, der redaksjonen var kjernen i den såkalla Profilgruppa, som hadde sterk marxistisk orientering. Deltaking i denne gruppa var eit høve til å “bli sett”, men ho kjende seg annleis enn dei andre og distanserte seg etter kvart frå deira politiske aktivitet. I 1970-åra fridde ho seg frå dette litterære miljøet. Ho var meir inspirert av møte med filosofane Hans Skjervheim og Gunnar Skirbekk og med sosiologen Dag Østerberg. Etter det kunne ho stake ut sin eigen kurs. Seinare har ho vore medredaktør for det nordiske tidsskriftet Café Existens, konsulent på Det Norske Samlaget i ti år og ei tid medlem av Den norske Forfatterforenings litterære råd.

Lunden gjorde ein oppsiktsvekkande debut 1968 med f.eks. juli, der ho prøvar ut språkets moglegheiter og nærmar seg det aforistiske. Debutboka er blitt omtalt som ujamn, men Lunden fekk godord fordi ho skreiv “kvinnelyrikk” på ein ny måte. Sjølv har ho kalla debutboka “ei arbeidsulukke”, og ho ser på trilogien frå 1970-åra som ein ny debut. Inneringa (1975), hard, mjuk (1976) og Mammy, blue (1977) har tekstar som heng saman anten tematisk eller narrativt, gjerne som syklusar eller “suitar”, men utan titlar. Her nærmar ho seg punktromanen, sidan vi kan følgje same kvinnefiguren gjennom fleire av tekstane. Tematisk spelar naturen ei stor rolle, og ho prøvar ut dikotomiar av mange slag, t.d. hard–mjuk, mann–kvinne, men i motsetnad til mange feministar lagar ho ikkje noko klart skilje mellom det mannlege og det kvinnelege. Lunden ville ikkje knyte seg til den aktive kvinnerørsla i 1970-åra, men ho skreiv likevel ut frå ein medviten kvinneleg posisjon.

Gjenkjennelsen (1982) er ei vidareføring av trilogien, men utprøvinga av språket blir tydelegare, og Lunden blir resonnerande i somme av tekstane, nærmast essayistisk, når ho drøftar det positivt kvinnelege som kan føre til fundamentalt fellesskap med mannen. Dei to neste diktsamlingane, Det omvendt avhengige og Noen må ha vore her før, er meir eksistensialistiske, men òg med rom for vandringar i litterære landskap som t.d. Kristiania-bohemen.

Lunden gav ut ei essaysamling 1982, og i dei siste bøkene er tekstane mindre sentrallyriske og meir kommenterande enn tidlegare. Særleg dveler ho ved kulturhistoriske fenomen og opplevingar på utanlandsreiser. Slik Sett blei nominert til Nordisk Råds litteraturpris 1996. I Til stades har ho teke enda eit steg lenger vekk frå det sentrallyriske; boka har undertittelen (tekstar om erindring og gløymsle). Samlinga inneheld fleire dikt, men dei fleste tekstane er kortprosatekstar med utgangspunkt i refleksjonar på reiser. Språkets ulike sider har vore eit av fleire gjennomgangstema hos Lunden. På vegen frå det lett modernistiske i 1960-åra har hennar eige språk blitt enklare, reinare og meir gjennomlyst.

Eldrid Lunden har deltatt ved ei lang rekkje europeiske lyrikkfestivalar og er omsett til mange språk. Ho var festspeldiktar ved Festspillene i Bergen 1994 og har fått fleire heidersprisar, m.a. Noregs mållags litteraturpris (for Gjenkjennelsen), Doblougprisen 1989, Aschehougprisen 1992, Samlagsprisen 1997, Amalie Skram-prisen 2000 og Brageprisens ærespris 2000.

Verker

    Bøker

  • f. eks. juli, 1968
  • Inneringa, 1975
  • hard, mjuk, 1976
  • Mammy, blue, 1977
  • Essays, 1982
  • Gjenkjennelsen, 1982
  • Dikt i utval, 1987
  • Det omvendt avhengige, 1989
  • Noen må ha vore her før, 1990
  • Dikt i samling: 1968–1990, 1992 (2. utg. 1994)
  • Gjenkjennelsen/Wiedererkennen (parallell norsk og tysk tekst), 1992
  • Slik Sett, 1996
  • Til stades (tekstar om erindring og gløymsle), 2000
  • Dikt i samling, 2001
  • Kvifor måtte Nora gå?, essays, 2004
  • Kvar gjekk Nora? Individualisme og kvinnesyn i tre norske drama, h.oppg. UiO, 1973

Kilder og litteratur

  • L. P. Wærp: “Eldrid Lunden Jacques Lacan”, i Kritikkjournalen nr. 3–4/1990, s. 24–29
  • d.s.: “The Dance of Meaning: Betydningsspill i Eldrid Lundens diktsamling hard, mjuk”, i NLÅ 1991, s. 124–138
  • A. Weidar: “Inledning till Det omvändt avhängiga”, Stockholm 1992
  • I. Stegane: “Ei heilt særmerkt lyrikar”, i B. Fidjestøl, I. Stegane m.fl.: Norsk Litteratur i tusen år,1994, s. 639– 641
  • G. Hjorthol: “Refleksjon, dialog, narrativitet. Om Eldrid Lundens Gjenkjennelsen”, i O. Karlsen (red.): “Store oskeflak av sol”. Om Paal-Helge Haugens og Eldrid Lundens forfatterskap, 1995, s. 217–229
  • K. G. Sweeney: “Det konsises ordtransport”, i Morgenbladets magasin17.1.1997
  • Ø. Rottem: “'eit sakleg drøymt liv'. Inn i medietidsalderen”, i NLH/Beyer,bd. 7, 1997, s. 267–277
  • K. Moe: “Eldrid Lunden på Lillehammer”, i SogSnr. 4/1997, s. 365–372
  • A. Fosvold: “De spinkle toner – sider ved Eldrid Lundens forfatterskap”, i A.-M. Mai m.fl. (red.): Historier om nyere nordisk litteratur og kunst,København 1999, s. 138–158
  • U. Langås: “Eldrid Lundens blå bøker”, i S. B. Grønstøl og U. Langås: Tanke til begjær. Nylesingar i nordisk lyrikk, 2001, s. 222–251

Portretter m.m.

    Fotografiske portrett

  • Tre bilete av Odd E. Nerbø, 1990; eit er attgjeve på billegutg. av Dikt i samling,1992; eit er brukt på folderen frå Festspillene i Bergen 1994
  • Portrett av Cato Lein, 1996; trykt på Dikt i samling, 2001
  • Fleire bilete i arkivet til Det Norske Samlaget