Eivind Reiten

Næringslivsleiar og politikar. Foreldre: Bonde og fiskar Kristofer Reiten (1921–) og Kjellaug Opstad (1926–). Sambuar frå 1976 og gift 9.5.1997 med samfunnsøkonom Frøydis Odden (1.1.1954–), dotter til rektor Peder Simon Odden (1921–) og adjunkt Liv Maria Papas (1922–).

Eivind Reiten er rekna som ein dyktig og kunnskapsrik politikar og næringslivsleiar. Han var statssekretær og to gonger statsråd før han blei generaldirektør i Noregs største industrikonsern, Norsk Hydro. Reiten blir særleg knytt til energilova, som gav Noreg ein særs liberalisert straummarknad, og dei storstilte omstillingane i dei statlege verksemdene Posten og Telenor, der Reiten var styreleiar.

Reiten voks opp i ein småbrukar- og fiskarheim på Otrøya i Midsund som nest eldst i ein syskenflokk på seks. Han tok examen artium ved Molde gymnas 1972. Etter fyrstegongsteneste i Kystartilleriet tok han fatt på studiar 1973, og 1978 tok han cand.oecon.-eksamen ved Universitetet i Oslo. Han var formann i Senterungdommen 1979–81, politisk rådgjevar i Senterpartiets stortingsgruppe 1982–83 og statssekretær i Finansdepartementet 1983–85 (Willoch II-regjeringa). Hausten 1985 blei Reiten fiskeriminister og sat til regjeringa gjekk av mai 1986. Han var vararepresentant til Stortinget frå Møre og Romsdal 1985–89.

1986 blei Reiten informasjonssjef i Hydro Agri, assisterande direktør sst. 1988 og divisjonsdirektør i Hydro Energi same år. 1989–90 var han olje- og energiminister i Syse-regjeringa. På nyåret 1991 gjekk han tilbake til Hydro. Han var divisjonsdirektør for raffinering og marknadsføring 1992–96, divisjonsdirektør aluminium og metall 1996–98 og konserndirektør for lettmetall 1999–2001. Frå 2001 har han vore generaldirektør.

Reiten har òg hatt mange offentlege verv, m.a. medlem av Noregs Banks hovudstyre 1991–94, av Forum for verdiskaping frå 1993, av “Grøn skattekommisjon” 1994–96, nestleiar og leiar i styret for Postverket 1995–96, leiar i styret for Posten Norge BA 1996–99 og styreleiar i Telenor 2000–01.

Reiten har fortalt at han valde Senterpartiet som reaksjon på m-l-rørsla han møtte på universitetet. Likevel er det truleg at han også var familiært påverka, sidan faren var Sp-ordførar i heimkommunen. I senterungdomstida markerte Reiten seg som motstandar av vidare vasskraftutbygging, var kritisk til oljeboring nord for 62. breiddegrad, sa nei til atomvåpenopprusting og ytra seg kritisk til “vekstalliansen” av Bjartmar Gjerde, Kåre Willoch og storindustrien. Dessutan var han mot regjeringssamarbeid der Høgre var med. Dette synspunktet revurderte han og grunngav standpunktet sitt til Aftenposten få år seinare: “Etterhvert som jeg har arbeidet i det politiske miljø har jeg sett at evnen til å inngå kompromisser er nøkkelen til faktisk innflytelse. Jeg er pragmatisk. Det er mer fruktbart enn å ri kjepphester.”

Reiten blei sett på som eit stort politisk talent og omtalt som Senterpartiets “wonderboy” i 1980-åra. Mange rekna han som kronprins til leiarvervet etter Johan J. Jakobsen, men m.a. Anne Enger Lahnsteins politiske vekst gjorde dette uaktuelt. Reiten seier sjølv at han trivst best med å sjå tydeleg framdrift i det han gjer. Derfor ville ikkje partileiarvervet ha vore det rette for han.

I statssekretærtida var Reiten med på konstruksjonen av SDØE (statens direkte økonomiske engasjement). Gjennom SDØE overtok staten ein vesentleg del av Statoils olje- og gassinntekter. Som olje- og energistatsråd dreiv Reiten igjennom energilova våren 1990 nesten utan politisk motstand. Hans autoritet var naudsynt for å få Senterpartiet med på lova og dermed få ho vedteken i Stortinget. Det er grunn til å tru at liknande politiske motiv kan ha spela ei rolle da Ap-statsrådane Kjell Opseth og Terje Moe Gustavsen henta inn Reiten som styreleiar til Posten og Telenor. Postverket hadde 1996 blitt omgjort til særlovselskapet Posten BA, ei aksjeselskapsliknande bedrift som skal konkurrere på ein marknad. Sp var sterkt imot omdanninga til særlovselskap. I åra som fylgde blei m.a. eit stort tal postkontor lagde ned til fordel for serviceskrankar i daglegvarebutikkane. Telenor blei delprivatisert og splitta opp i mange ulike forretningsområde. Endringane var politisk kontroversielle, men kunne ha blitt vanskelegare å gjennomføre med andre pådrivarar enn styreleiar og Sp-mann Reiten.

Ved kjøpet av tyske VAW (Vereinigte Aluminium-Werke Aktiengesellschaft) 2002 gjorde Reiten Hydro til ein av dei tre største aluminiumsprodusentane i verda. Som generaldirektør har han også sett døra på gløtt for moglege strukturendringar i høve til dei tre hovudområda landbruk, lettmetall og olje og gass.

Reiten blir karakterisert som ein kompromissmakar med stor evne til å finne løysingar. Likeså har han sjeldne pedagogiske evner ved å framstille kompliserte emne – eller “dårlege” politiske saker – slik at tilhøyrarane blir samde. Men det blir også sagt at han kan vere ein kynikar og eit “råskinn” når det gjeld. Alt dette er eigenskapar som nok kjem vel med for ein handlingssterk mann som har fått utfalde seg som både statsråd og næringslivsleiar. Seg sjølv karakteriserer han som rasjonell, strukturert og forutseieleg inntil det keisame.

Eivind Reitens sterke marknadsøkonomiske profil medverka til at han i 1990-åra blei ståande politisk isolert i høve til utviklinga i Senterpartiet. I desse åra uttrykte Sp sterk skepsis og motstand til privatisering og marknadstilpassing av offentlege verksemder, og likeså i høve til globalisering av økonomien. Samtidig sa Sp bastant nei til EU og nei til EØS. Reiten har ikkje uttrykt ja til EU-standpunkt, men er EØS-tilhengjar. Trass i dette held han på partimedlemskapen, sjølv om han ikkje har vore aktiv sidan 1990.

Kilder og litteratur

  • “Formannen har ordet”-spalta, på Ungt Sentrum-sidene i Sentrum 1979–80
  • intervju, artiklar og kommentarar i Aftenp. 1986, Adr.av. 1996, Arb.bl. 1997, Nationen 1999 og Dagsavisen 1999
  • L. Thue: Strøm og styring. Norsk kraftliberalisme i historisk perspektiv, 1996
  • E. Erichsen: Glimt fra et langt liv i Finansdepartementet, 1999
  • J. J. Jakobsen: Mot strømmen, 2000
  • R. Madsen: Motstraums. Senterpartiets historie, bd. 2, 2001
  • opplysningar frå Eivind Reiten, 2003

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.