Eirik 2 Magnusson

Konge. Foreldre: Kong Magnus 6 Håkonsson Lagabøte (1238–80) og dronning Ingebjørg Eriksdotter (1244–87). Gift 1) i Bergen 1281 med Margrete Aleksandersdotter (1261–83); 2) 1293 med Isabella Bruce (1280–1358). Bror til Håkon 5 Magnusson (1270–1319); far til Margrete Eiriksdatter (“the Maid of Norway”, 1283–90) og Ingebjørg (1297–1356/57; gift med den svenske hertugen Valdemar Magnusson, død 1318).

Eirik 2 Magnussons regime førte ein aktiv og tidvis aggressiv kyrkje- og utanrikspolitikk, forma og realisert av myndige rådgivarar (“kongens råd”). Sjølv var Eirik svak og lite synleg i regjeringsarbeidet, noko som har prega hans historiske ettermæle.

På eit stort riksmøte i Bergen sommaren 1273 gav kong Magnus Lagabøte høvdingnamn til dei to sønene sine, kongsnamn til Eirik og hertugnamn til Håkon. Etter at faren døydde i mai 1280 vart kong Eirik krona 2. juli same år i Kristkyrkja i Bergen, med erkebiskop Jon Raude som koronator. Igjen var eit talrikt riksmøte ramme kring seremonien. Det var no oppnemnt eit formyndarstyre av baronar og hirdembetsmenn kring barnekongen; truleg deltok også enkedronninga i dette kollegiet, som for første gong i vår historie blir eksplisitt omtala som eit kongeleg råd. Også etter at kongen vart myndig hausten 1282, låg det politiske tyngdepunktet i denne rådskrinsen.

Det var særleg to saksområde som kom til å prege Eirik 2 Magnussons regjeringstid: kyrkjepolitikken og utanrikspolitikken. Spenningsforholdet til bispekyrkja kom til uttrykk alt ved kroningsforhandlingane sommaren 1280. Striden dreidde seg om kyrkjas økonomiske rettar, domsmyndighet og rett til lovgiving i kristenrettssaker, i samsvar med avtalar som var oppnådde under Magnus Lagabøte. Motsetninga førte dei næraste par åra til kvasse konfrontasjonar, og seinsommaren 1282 rømde erkebiskop Jon til Sverige, der han døydde same året. Eit førebels forlik 1283 var diktert av rådsherrane, og først kring 1290 kom det til meir varig semje. Den hardsette striden, som i ettertid nokså urettvist gav kong Eirik tilnamnet “prestehatar”, var likevel ikkje til hinder for eit visst politisk samarbeid mellom partane også i 1280-åra. Såleis var det erkebiskopen som tidleg på hausten 1281 vigde kong Eirik og hans første dronning Margrete; ved dette høvet vart dronninga også krona.

Formyndarstyret representerte eit linjeskifte også i utanrikspolitikken. Magnus Lagabøtes freds- og meklingspolitikk vart forlatt, til fordel for dei offensive strategiane som hadde prega handlingsmønsteret dei siste tjue åra av Håkon Håkonssons regjeringstid. Forsøket på å begrense den tyske lokalhandelen i bergensområdet førte til åpen konflikt, der den danske kongen slutta seg til ein storstilt matvareblokade mot Noreg. Einaste måten formyndarstyret kunne sprenge denne alliansen på, var å godta dei tyske krava i samsvar med ein valdgiftsdom 1285. Dermed var det skapt handlingsrom for å ta oppatt den antidanske politikken frå Håkon Håkonssons dagar, og kong Eirik gjennomførte i åra mellom 1289 og 1295 i alt fire store leidangstog mot dansk område. Hovudmålet var å vinne militært fotfeste i Øresund og langs kysten av Halland, i nært samarbeid med innanlandske stormannsgrupperingar som stod i opposisjon til den danske kongemakta. Eit førebels forlik 1295, fornya 1298, skapte stort sett ro i det dansk-norske forholdet hundreåret ut.

Denne avspenninga vart utnytta vestover, langs den andre hovudaksen for riksstyrets utanrikspolitikk. Etter at Magnus Lagabøte 1266 hadde avstått Sudrøyane og Man til den skotske kongen mot økonomisk kompensasjon, skapte manglande skotsk betalingsvilje etter kvart eit spent forhold mellom Noreg og Skottland. Ekteskapet mellom kong Eirik og den skotske prinsesse Margrete 1281 var opplagt planlagt – frå begge sider – for å betre relasjonane over Nordsjøen. Dessutan brakte Margrete ei betydeleg medgift inn i ekteskapet. Enda viktigare vart ein paragraf i ekteskapskontrakten som bestemte at Margrete og hennar barn med kong Eirik skulle ha full arverett til den skotske trona dersom faren, kong Aleksander 3, døydde utan legitime arvingar.

Og det var nettopp det som skjedde 1286. Kong Eiriks og den avlidne dronningas einaste barn, jomfru Margrete, var med eitt blitt arving til den skotske kongestolen; den endelege godkjenninga frå det skotske regentskapet kom i november 1289. Men den engelske kongen Edvard 1 hadde større planar. Han arbeidde aktivt for eit ekteskap mellom jomfrua og sin eigen son, tronfølgjaren prins Edvard, eit ekteskap som kunne sikre engelsk dominans i Skottland. Utsiktene til eit anglo-norsk nordsjøvelde var heller ikkje utan realisme. I juli 1290 vart traktaten om ekteskap mellom Margrete og prins Edvard besegla, og utpå hausten vart den 7 år gamle jomfrua – no med titulatur som Skottlands dronning – sendt vestover til sitt nye arverike. Ho kom aldri fram i live, og den store imperietanken fall dermed i grus. Det einaste som levde vidare, og som enno lever, er minnet om “the Maid of Norway” i skotsk folketradisjon.

Etter at den unge Margrete var gått bort, prøvde kong Eirik, gjennom skarpskodde juristar og diplomatar, å vinne Skottlands trone for seg sjølv. Det er ingen tvil om at han rettsleg vurdert hadde ei god sak. Men han nådde ikkje fram; trona vart i november 1292 tildømd John Balliol. Einedommar var den engelske kongen Edvard 1, og då han i tida som følgde heller ikkje la press på John Balliol for at denne skulle innfri rettmessige norske krav i Skottland, vart forholdet mellom Noreg og England gradvis forverra. Like sidan den norsk-engelske fredstraktaten 1269 hadde sjølve berebjelken i norsk utanrikspolitikk og utanriksøkonomi vore eit vennskapleg og alliert forhold til England. Derfor var det eit dramatisk brot då riksstyret hausten 1295 gjekk inn i ein vidløftig antiengelsk allianse med Englands erkefiende Frankrike. Ei vesentleg fransk motyting til Noreg var nettopp å presse den nye skotske kongen til å betale uteståande norske restansar. Den realpolitiske utviklinga i Europa sist i 1290-åra gjorde likevel at dette kursskiftet ikkje fekk avgjerande innverknad på det bilaterale forholdet mellom Noreg og England.

Dei relativt mange brev og statsdokument som er utferda i kong Eiriks namn, er for ein vesentleg del skrivne i Bergen. Sterkare enn nokon annan norsk mellomalderkonge var han knytt til denne byen; her sat han i lange periodar og så godt som alltid om vintrane. Mange av kongebreva omhandlar også interne byforhold i Bergen.

Trass i eit nokså omfattande kjeldemateriale er det likevel berre sjelden vi finn indikasjonar på ein personleg monarkisk handlingsvilje hos kong Eirik. Han var enno ikkje fylt 12 år då han vart regjerande konge. To år etter vart han far, og enkemann då han var 15. Same året (1283) fall han av hesteryggen, vart delvis vanfør, og sjukleg i ein grad som synest å ha halde han borte frå politisk arbeid gjennom lengre periodar. I det heile hadde Eirik ein oppvekst som nærast disponerte for avhengighet av andre, og han hadde nok heller ikkje intellektuelle dimensjonar til å setje sitt preg på riksstyringa. Det verkar nesten patetisk når Chronicle of Lanercost skildrar korleis dronning Margrete prøvde å “kultivere” den sju år yngre ektemannen, med sine leksjonar i engelsk og fransk. Og medan forgjengaren Magnus Lagabøte og etterfølgjaren Håkon 5 Magnusson, begge høgt profilerte og handlingsdyktige, sjølv gav innhald og retning til rikspolitikken, var det stormenn som Audun Hugleiksson og Bjarne Erlingsson som regisserte scenen under kong Eirik. Desse tre regima, vurderte i samanheng, er dermed blitt sjølve kroneksempelet på at kongens personlege utrustning – innanfor allmenne samfunnsmessige rammevilkår – var avgjerande for utforming og gjennomføring av riksstyrets politiske handlingsprogram.

Ein plass i norsk folketradisjon fekk kong Eirik gjennom den romantiske folkevisa Kong Eirik og Hugaljod. Den har 38 strofer, og dei fleste er truleg blitt til på 1300-talet. Visa synest å ha samanheng med Eiriks og Margretes giftarmål, og forskninga reknar i dag med at det har eksistert ei særskilt vise om dei to.

Kilder og litteratur

  • Isl.Ann.
  • RN,bd. 2
  • Magnus Lagabøtes saga,i Noregs kongesoger,bd. 4, 1979
  • Biskupa sögur,bd. 3, i Íslenzk Fornrit,bd. 17, utg. av G. Á. Grimsdottir, Reykjavík 1998
  • Chronicle of Lanercost1272–1346, utg. av H. Maxwell, Glasgow 1913
  • NFH,del 4, bd. 1–2, 1858–59
  • G. Storm: “De ældre norske Kongers Kroningsstad”, i HT,rk. 3, bd. 4, 1898
  • E. Bull: biografi i NBL1,bd. 3, 1926
  • A. Steinnes: “Datering etter styringsår under Eirik og Håkon Magnussøner”, i HT,bd. 31, 1937–40
  • A. O. Johnsen: “Kong Eirik Magnussons krav på Skottland 1292”, i HT,bd. 37, 1954–56
  • C. Joys: “Tidsrommet 1280–1450”, i Nidaros erkebispestol og bispesete 1153–1953,1955
  • K. Helle: Konge og gode menn i norsk riksstyring ca. 1150–1319,1972
  • d.s.: “Norge blir en stat”, i Handbok i Norges historie,bd. 3, 1974
  • d.s.: “Kongssete og kjøpstad”, i Bergen bys historie,bd. 1, Bergen 1982
  • G. W. S.Barrow & al.: “Studies Commemorative of the Anniversary of the Death of the Maid of Norway”, i Scottish Historical Review,bd. 69 (temanummer), 1990
  • N. Bjørgo: “Makt – og avmakt”, i Norsk utenrikspolitikks historie,bd. 1, 1995
  • K. Helle: “Under kirke og kongemakt 1130–1350”, i ANH,bd. 3, 1995
  • K. Skaare: Norges mynthistorie,bd. 1–2, 1995

Portretter m.m.

  • Avtrykk av Eirik 2 Magnussons majestetssegl (dobbeltsegl) bl.a. på brev frå mars 1296; RN,bd. 2, nr. 817, i Archives Nationales, Paris, kopi i RA, avbilda i Helle 1982, s. 554 og 555. Reversen har skjold med riksvåpen, og det er i kong Eiriks regjeringstid det norske riksvåpenet får den form det seinare har hatt, første gong på ein sølvmynt frå ca. 1285 (katalognr. 234 hos Kolbjørn Skaare)
  • Myntkabinettet ved UiO har ein del myntar frå kong Eiriks tid; katalognr. 227–239 hos Skaare. Fleire av myntane har på adversen eit krona brystbilde en face
  • Stavanger domkyrkje har i koret eit kongehovud med krone, hogge i kleberstein. I stilisert form forestiller det truleg kong Eirik; avbilda i Helle 1995, s. 200

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.