Einar Hildrum

Hagebruksmann. Foreldre: Gardbrukar Jakob Peterssøn Hildrum (1860–1948) og Anna Margrethe Skei (1863–1948). Gift 28.8.1933 med Dagny Berre (8.10.1904–9.10.1995), dotter av lensmann Ivar Berre (1863–1959) og Elise Spillum (1864–1962).

Einar Hildrum var dagleg leiar for Det norske hageselskap 1934–52 og direktør 1953–70. I åra 1935–60 var han også redaktør av selskapet sitt tidsskrift, Norsk Hagetidend.

Hildrum voks opp på garden Bjørum i Nord-Trøndelag. Etter å ha skaffa seg allsidig hagebrukspraksis gjekk han Statens hagebruksskole Saup 1923–24. 1924 arbeidde han i Aksel Olsens planteskole i Kolding i Danmark. Etter eitt års forkurs på Hamar studerte han ved Norges landbrukshøgskole frå 1926 til han var utdanna hagearkitekt våren 1929. Deretter var han formann i staudeavdelinga i J. Olsens Enke A/S og frå februar 1933 hagearkitekt ved Strøm & Hindhamar A/S, Oslo.

1934 overtok Einar Hildrum sekretærstillinga i Selskapet Havedyrkningens Venner etter Olav Skard. Skard var deretter med i styringa av selskapet, 1938–54 som formann. Skard hadde i sin periode som dagleg leiar lagt stor vekt på yrkesdyrkinga av frukt og bær. Denne retninga vart halden oppe så lenge Skard var formann. Einar Hildrum sin viktigaste innsats på dette feltet var at han som redaktør fekk gitt ut mange viktige publikasjonar for næringa. Det gjeld særleg bokverka Norsk pomologi, Skadedyr og sykdommer i frukt- og bærhagen og Skadedyr og sykdommer på grønnsakvekstene. 1923–39 gav selskapet ut eit kvartalsvis medlemsskrift med stoff for fagfolk. I åra 1935–39 vart det redigert av Einar Hildrum. Frå 1948 gav hageselskapet også ut årsskriftet Frukt og Bær med Hildrum som redaktør.

Selskapet Havedyrkingens Venner hadde tradisjonar for å stå bak utstillingar innan hagebruket. Også dette var Hildrum med på. 1938 var han såleis sekretær for ein landsutstilling for hagebruk og gartneri i Oslo. 1950 vart Norsk fruktdyrkarlag oppretta, og sjølv om dette laget i ein del år hadde sekretariat i Det norske hageselskap, markerte dette slutten på innsatsen i produksjonsfaga for hageselskapet. Satsinga på småhagebruket kom fram alt 1939 ved at selskapet skifta namn til Det norske hageselskap.

Ein viktig del av arbeidet til Einar Hildrum var å vere redaktør for tidsskriftet Norsk Hagetidend. Bladet vart modernisert og utvida og fekk i hans tid eit svært godt omdøme. Han var åleine om redaksjonsarbeidet fram til 1945, då det vart tilsett redaksjonssekretær. To andre viktige publikasjonar frå selskapet må også nemnast: Minneliste for hagedyrkere kom kvart år, og Sortsliste for hagedyrkere vart revidert kvart femte år, båe med Einar Hildrum som redaktør fram til 1955.

Det norske hageselskap hadde knoppskytingar som Einar Hildrum aktivt støtta opp om. Det galdt Norsk skolehagelag, stifta 1927, og Norsk kolonihageforbund, stifta 1949. Båe var innmelde i selskapet, og skulehagelaget hadde sekretariat der. Hageselskapet arbeidde òg for å få fagfolk knytt til kyrkjegardsstell. Selskapet oppretta eit utval som var i arbeid fram til 1956. Då hadde Kyrkjedepartementet oppretta eiga stilling på området.

Einar Hildrum var heile tida med i ei rekkje komitear og utval, og han var representant for Det norske hageselskap i fleire styre. Han var med i Norsk Hagearkitektlag frå det vart starta 1929, og han var formann 1938 og 1939. Han representerte hageselskapet godt i festlege samver, og han var ein svært god talar.

Organisasjonen voks og trengde ei viss omorganisering. Denne vart gjennomført 1953, og Hildrum vart direktør. Han viste stor dugleik i å leia den aukande administrasjonen og dei fagfolka som vart knytta til Det norske hageselskap.

1974 vart Einar Hildrum tildelt Kongens fortenestmedalje i gull. Han var æresmedlem i Norske landskapsarkitekters forening og Det norske hageselskap.

Verker

  • Prydhagen, bd. 3 i Hagebok for heim og skule, 1936
  • Vekstkrav, jord og gjødsling, 1943

Kilder og litteratur

  • O. Skard: Det norske hageselskap 1884–1959, 1959
  • O. Aspesæter: Det norske hageselskaps historie 1884–1984, 1984

Forfatter av denne artikkelen

Det er gjort 0 revisjoner og har kommet 0 forbedringsforslag.