Dorthea Dahl

Norskamerikansk forfattar. Foreldre: Bonde Peder P. Løssetosdalen (1846–1925) og Lene Ulvevadet (1839–1918). Ugift.

Dorthea Dahl skreiv bøker og forteljingar frå det etablerte norskamerikanske innvandrarmiljøet i Midtvesten. Bøkene fekk god mottaking og vitnar om talent og tilpassingsevne.

Dorthea Dahl utvandra til USA to år gamal saman med foreldra og seks eldre sysken. Familien budde ei kort tid i New York og Minnesota før dei busette seg i Lily, Day County, South Dakota, der Dorthea voks opp i eit skandinavisk nybyggarmiljø. Det karrige pionertilværet endra seg fort og fekk preg av moderne småbyliv i 1890-åra; materiell framgang stimulerte til oppbygging av organisasjons- og kyrkjeliv som familien tok aktivt del i. Faren fekk amerikansk borgarskap 1890 og deltok i debattar om kyrkjeliv, politikk og fråhaldssak. Dorthea vart styremedlem i “Syd Dakotas Afholdsselskab” 1900 og viste fort sine talent som skribent og opplesar.

1900 begynte Dorthea på The State Normal School i Madison, Wisconsin, men teikn på tuberkulose hindra ei framtid som lærar; denne sjukdommen sette også stopp for studia ved St. Olaf College 1902. Familien flytte 1903 til Moscow, Idaho, og Dorthea Dahl budde der til ho i sine siste 7 år kombinerte sekretær- og pensjonisttilvære ved eit eldresenter i Coeur d'Alene, Idaho. Gjennom heile hennar vaksne liv var yrkeskarrieren knytt til sekretærarbeid og bokhalderi i ulike handelsfirma og forsikringsselskap.

Familien Dahls første kyrkjetilknytning var Den norske Synode, men frå 1890 gjekk dei inn i den nyoppretta United Lutheran Church. Både i brev og litteratur viste Dahl ei pragmatisk haldning til dei mange opprivande spørsmåla i norskamerikansk kyrkjeliv, og ho tok tidleg til orde for bruk av engelsk som kyrkjespråk. Få skandinavar budde i Idaho, og det norske særpreget tydde gradvis mindre enn det lutherske vedkjenningsgrunnlaget.

Influert av familien på morsida voks Dorthea Dahl opp med tanken på framtidig misjonsteneste. Systera Nellie reiste til Madagaskar 1905, og Dorthea skreiv mange artiklar og foredrag inspirert av korrespondansen med Nellie, som varde fram til 1942.

Eit opphald på Det Lutherske Diakonisse-sjukehuset i Chicago 1914–15 tende for alvor diktargnisten i Dorthea Dahl. Der betalte ho for behandling mot hudkreft med å gjere kontorarbeid og ta del i underhaldning for pasientane. Saman med diakonissene møtte ho òg nauda i storbyslummen og skreiv noveller til sjukehusbladet om dette. Oppmuntrande brevveksling med forfattarane O. E. Rølvåg og Waldemar Ager begynte også i Chicago-åra, og kontakten med forlaget Augsburg Publishing House, som starta 1901, vart styrkt.

Dorthea Dahls første forteljing, ei enkel skisse om ei misjonærenke sitt framtidsval etter mannens død, kom i bladet Ungdommens Ven 1901. Forlaget gav henne fleire skriveoppdrag frå 1912, og kontakten varde heilt til den siste novella vart trykt i ungdomsbladet The Friend 1942. Mange av dei finaste forteljingane hennar kom i juleheftet Jul i Vesterheimen mellom 1917 og 1935.

I den mest avgjerande bolken for hennar kunstnarlege utfalding hadde Dahl også økonomisk og praktisk ansvar for foreldra, og skrivinga blei derfor utført nattestid. Samstundes med at skriveaktiviteten auka, opplevde ho at forfattarrolla forløyste den skapande uroa i henne som i ungdomsåra hadde trykt ned sinnet. Både dette og positiv respons frå lesarane nørte i mange år draumen om å bli fulltidsforfattar.

Dorthea Dahl skreiv både på norsk og engelsk; nokre fortelijngar finst på begge språk. Novellesamlinga Fra Hverdagslivet fekk god mottaking i det norskamerikanske miljøet, og Det Norske Selskap æra henne med litteraturprisen for 1917. Tema frå innvandrarlivet om kvardagsslit, lengting, leiting etter identitet og generasjonsmotsetnader fengde lesarane. Dessutan skapte humoren gjenkjenning, spesielt i personskildringa.

Etter eit lengre oppdrag med novelleseriar til Lutheraneren 1917–18, fekk Dahl utgjeve si einaste engelskspråklege bok: novellesamlinga Returning Home (1920). Her skildrar Dahl migrantar som har brote opp frå etablerte skandinaviske miljø i Midtvesten for å bygge eit nytt liv lenger vest. Dei fleste litterære personane hennar er amerikanarar oppvaksne i norsk innvandrarmiljø, og ein opplever heile tida brytinga mellom norsk og amerikansk kultur.

Dorthea Dahl oppnådde aldri å skrive på full tid. Heile livet delte ho tid og krefter mellom yrke, familie, forfattarskap og ulike politiske, kyrkjelege og kulturelle gjeremål. Likevel nådde ho si høgste ære ved å representere Idaho-kvinnene ved det norskamerikanske jubileet i Minneapolis i juni 1925, der ho fekk festbordplass ved O. E. Rølvaags side. Men då romanen Byen paa Berget kom same året, fall den i skuggen av verka til Rølvaag og Bojer.

Innvevd i Dahls immigranttema står alltid konflikten mellom usjølvisk teneste og jaget etter personleg suksess. Livssoga hennar fortel også om indre kamp og avgjerande skiljevegar; men til tross for mange brotne draumar er Dorthea Dahl eit godt døme på ein talentfull norskamerikanar med stor tilpassingsevne og rik innsats i det nye heimlandet.

Verker

  • Bibliografi i H. P. Brungots hovedoppgave 1977 (sjå under Kjelder)
  • Fra Hverdagslivet, noveller, Minneapolis 1915
  • Returning Home, noveller, Minneapolis 1920
  • Byen paa Berget, roman, Minneapolis 1925

Kilder og litteratur

  • O. M. Norlie: History of the Norwegian People in America,Minneapolis 1925
  • O. Nilsen: Osen Bygdebok,1950
  • I. Semmingsen: Veien mot vest. Utvandringen fra Norge 1865–1915,bd. 2, 1950
  • D. B. Skårdal: The Divided Heart,1974
  • H. P. Brungot: Dorthea Dahl. Norwegian-American Author of Everyday Experience,h.oppg. UiO, 1977
  • O. Øverland: The Western Home. A Literary History og Norwegian America,Northfield 1996

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.