Faktaboks

Dagfinn Zwilgmeyer
Fødd
24. desember 1900, Sauherad, Telemark
Død
3. april 1979, Arendal, Aust-Agder
Verke
Prest og salmediktar
Familie
Foreldre: Sokneprest Ludvig Daae Zwilgmeyer (1855–1910) og Annie Salvesen (1862–1936). Gift 28.6.1929 i Heddal med Valdis Clemetsen (20.12.1903–29.7.1986), dotter til skipsførar Peder Clemetsen (1872–1961) og Lilla Margit Claussen (1876–1962). Brorson til Dikken Zwilgmeyer (1853–1913); morbror til Olaf Hillestad (1923–74).

Dagfinn Zwilgmeyer virka som prest i mellomkrigstida, men er i første rekkje kjend som salmediktar og hymnolog. Under den andre verdskrigen let han seg bruke av NS-regimet og vart difor ståande utanfor det sentrale kyrkjelege og hymnologiske arbeidet i Noreg i etterkrigstida.

Zwilgmeyer kom frå ei gåverik slekt. Faren var prest og stortingsmann, ein eldre bror var òg prest og diktar. Etter examen artium 1921 studerte han teologi ved universitetet i Kristiania/Oslo og vart cand.theol. 1929. Same året tok han den praktisk-teologiske prøva. Eit studieopphald ved universiteta i Strasbourg og Montpellier i Frankrike i slutten av 1920-åra kom til å bli avgjerande for den livslange interessa hans for salmedikting.

1933 gav Zwilgmeyer ut si første samling salmar, Regnbuen. Boka fekk rosande omtale av Ronald Fangen, som konstaterte at ein ny salmediktar var født. Det er Zwilgmeyers store forteneste, skreiv Fangen, at han har “opnorsket” salmespråket og samstundes gjeve det ein tydeleg individuell aksent. Den språklege fornyinga kom til å kjenneteikne dei mange salmane og omsetjingane hans. Før krigen kom tre samlingar til – Solsangen, Norrøne og nye salmer og Fager er lien.

I tida som hjelpeprest i Hadsel i Vesterålen 1931–39 vart Zwilgmeyer inspirert av nordnorsk natur og folkelynne. 1938 gav han ut ei samling med dikt om og frå Vesterålen, seinare utvida med stoff frå Lofoten. 1960 vart samlinga gjeven ut på nytt med tittelen De høye luers land, med teikningar av lofotkunstnaren og avisteiknaren Dagfinn Bakke.

Samstundes med at han sjølv dikta og omsette salmar, dreiv Zwilgmeyer med hymnologiske studiar. 1942 kom avhandlinga Den norske salme, som viser stor fagleg innsikt på området. Same året vart han engasjert for å arbeide ut ei ny norsk salmebok som var meint å avløyse Landstads reviderte salmebok og Nynorsk salmebok. Oppdragsgjevaren var det NS-styrte Kyrkjedepartementet.

Zwilgmeyer vart 1939 konstituert som sokneprest i Fana ved Bergen. Då krigen kom til Noreg 1940, stilte han seg til disposisjon for NS-regimet. Han var medlem i Nasjonal Samling, og etter nyordninga vart han ordførar i Fana. Saman med 26 andre prestar skreiv han under det såkalla bolsjevikoppropet 1941.

Då biskopane la ned embeta sine i februar 1942, tok regimelojale prestar over biskop- og domprostfunksjonane. Zwilgmeyer vart fungerande biskop i Bjørgvin, men bytta etter kort tid til Hamar som tenestestad. I Hamar førte han i byrjinga ei hard line mot dei prestane som hadde lagt ned embeta sine, men endra etter kvart innstilling. Han gjekk med på at prestar som hadde brote med statskyrkja, skulle få arbeide fritt i kyrkjelydane i bispedømmet – også der det var NS-prestar. Dessutan vart han klar over at NS-regimet sin kyrkjepolitikk med å avsetje og forvise prestar førte til at kyrkjelivet vart sterkt skadelidande. Han var ein av dei få NS-prestane som reagerte på aksjonen mot jødane hausten 1942, og han melde seg ut av Nasjonal Samling i protest våren 1943.

August 1943 søkte Zwilgmeyer avskil som fungerande biskop i Hamar, men var framleis innstilt på å arbeide med den nye salmeboka. September same året vart han innvilga avskil og flytta til Arendal, der han var sysselsett med salmebokarbeidet på heiltid. 1944 låg eit utkast til Norsk salmebok føre, men det vart ikkje prenta.

Etter krigen miste Zwilgmeyer retten til å vere prest. Han arbeidde som lærar og lektor i Arendal, var lektor ved Sverresborg skule i Trondheim frå 1958 og ved Sarpsborg gymnas 1960–70. Etter ei tid fekk han presterettane attende, men utan å gå inn i prestestilling. Han gav ut fleire samlingar med eigne salmar og omsetjingar. Den første samlinga etter krigen kom 1950 med tittelen Vår under sneen. Nye Salmer. 1967 gav han ut det som må reknast som hovudverket hans – Norsk salmebok. Et utkast – meint som alternativ til framlegget frå komiteen som arbeidde med ny salmebok for Den norske kyrkja. Utkastet inneheld mange av Zwilgmeyers eigne og omsette salmar. 1973 kom Gullharpen, ei gjendikting av salmane i Det gamle testamentet.

Dagfinn Zwilgmeyer er representert i Norsk salmebok (1985) med den kanskje mest kjende omsetjinga hans, den allegoriske salmen Tårnhøye bølger går, som Egil Hovland har sett melodi til.

Verker

  • Påskelilje. Dikte, Bergen 1923
  • Regnbuen. Salmer, 1933
  • Solsangen. Salmer, 1935
  • Norrøne og nye salmer, 1936
  • Luther som salmedikter, i Ki&K 1936, s. 162–183
  • Systematisk fortegnelse over samtlige Luthers salmer, i NTT 1938, s. 136–148
  • Petterdikt. Første ring: Vesterålen, Stokmarknes 1938 (2. utvida utg. Nordlandssanger. I herr Petters fotefar, 1941, 3. utg. De høye luers land, Trondheim 1960)
  • Fager er lien. Salmer fra det skjulte Norge, Bergen 1939
  • Den norske salme. Et forsøk på en bestemmelse ut fra Landstads reviderte salmebok, 1942
  • Til landets prester. Noen ord til alvorlig ettertanke, 1942 (nynorsk utg. s.å.)
  • Vår under sneen. Nye salmer, Arendal 1950
  • Under korset vil jeg stanse. Et utvalg salmer, 1958
  • Vår Gud han er så fast en borg. Utkast til nye oversettelser og gjendiktninger av gamle kjernesalmer, 1962
  • Og så var det evigheten. Dikt, 1963
  • Her er min ild, 1964
  • Underveis, 1965
  • Norsk salmebok. Et utkast, 1967
  • Gullharpen. Ny gjendiktning av Salmenes bok, 1973
  • Dikt og salmer, (posthumt) 1980

Kilder og litteratur

  • A. Eriksen (red.): Norges kirke og presteskap ved 900-årsjubileet, 1930
  • H. C. Christie: Den norske kirke i kamp, 1945
  • E. Elseth: “Dagfinn Zwilgmeyers salmebokutkast”, i Ki&K 1968, s. 306–318
  • Stud. 1921, 1971
  • Prester i Den norske kirke, 1974
  • E. Elseth: Til paradis med sang. Glimt av salmesangens historie og et besøk i salmedikterens verksted, 1985
  • R. Normann: Quislingkyrkan. Nasjonal Samlings kyrkopolitik 1940–1945, Skellefteå 1998
  • opplysningar frå Dagfinn Zwilgmeyer jr. og Tone Valgjerd Zwilgmeyer