Christian Sommerfelt

Amtmann og topografisk forfattar. Foreldre: Sorenskrivar og kanselliråd David Christian Sommerfelt (1717–73) og Benedicte (“Bente”) Christine Hoff (død 1774). Gift 1) 12.3.1784 i Land med Karen Magdalena Mandahl (12.3.1764–14.2.1791), dotter til sokneprest Frederik Grüner Mandahl (1728–1802) og Karen Magdalena Dorph (død før 1791); 2) 29.5.1793 i Christiania med Anna Sophia Hagerup (22.11.1775–12.10.1821), dotter til byfogd Søren Christian Hagerup (1732–1803) og Ingeborg Bolette Jacobsen (1737–1815). Far til Søren Christian Sommerfelt (1794–1838); farfar til Karl Linné Sommerfelt (1834–1908; sjå NBL1, bd. 14); bror til Ole Hannibal Sommerfelt (1753–1821); morbror til Lauritz Weidemann (1775–1856).

Christian Sommerfelt var amtmann i Christians amt (no Oppland fylke) og topografisk forfattar. Barndomsheimen Sukkestad i Østre Toten var prega av humanisme og gjestfridom og sette djupe spor i livet og verksemda til Sommerfelt.

Berre 13 år gamal tok han til på universitetet i København og disputerte 20 år gamal over eit teologisk emne. Men interessene gjekk i andre retningar, og han tok til med humanistiske studiar ved akademiet i Sorø, der han spesielt studerte geografi og historie under Gerhard Schøning. Han fekk seinare tilbod om eit professorat i desse faga etter Schøning, men Sommerfelt vart utover i 1770-åra meir og meir opptatt av praktiske landbruksproblem og nasjonal-økonomiske spørsmål og vann heile fem gonger Det kgl. danske Landhuusholdningsselskabs medalje for avhandlingar og skrifter om jordbruk.

1776 gav Sommerfelt ut sin store og vesle Geographie; den store vart i mange år brukt som lærebok i skolane i Noreg og Danmark. Men skribentverksemda gav ikkje noko sikkert levebrød, og 1776 søkte og fekk han fast stilling som sekretær for norske saker ved General-Landøkonomi- og Kommercekollegiet, men flytta like etter over til Rentekammeret som sjef for Sjællandske Renteskriverkontor. 1779 fekk han rangtittelen kammerråd.

Det gamle Oplandenes amt vart 1781 delt i Hedemarkens amt og Christians amt, og Sommerfelt vart berre 35 år gamal utnemnt som den første amtmannen i Christians amt, eit embete han hadde til han døydde. Som amtmann slo han seg ned på farsgarden Sukkestad. Han vart ein amtmann med stor virkelyst og mange planar for ei betre utvikling i jordbruk, skogbruk, fedrift og anna næringsliv i distriktet. Han la vekt på å samle faktiske opplysningar om alle moglege forhold i amtet. Dette materialet nytta han seinare som grunnlag for forslag og planar til beste for næringslivet i amtet.

Sommerfelt brukte det store materialet han samla som kjeldemateriale til det einaste større litterære arbeidet som han gav ut i si embetstid, Efterretninger angaaende Christians amt frå 1790. Dette var som mange andre liknande arbeid utslag av den store interessa i tida for topografi og landskapsomtalar, som resulterte i at Topographisk Selskab for Norge vart oppretta 1791 i Christiania. Selskapet gav også ut tidsskriftet Topographisk Journal for Norge, der Sommerfelts arbeid vart trykt. Det kom elles ut som eige skrift 1795 og vart trykt opp att i Bygd og bonde 1928.

I fyrste del gir Sommerfelt ei stutt, men grundig oversikt over Christians amt: geografi, korleis jordbotnen var, vassdrag, klima, dyreliv og planteliv. I andre del tek han for seg økonomiske forhold i amtet, praktiske spørsmål om jorddyrking og nyrydding, skogdrift, fedrift og andre næringsvegar, den sosiale strukturen, og han drøftar planar og forslag til betring av næringsliv og økonomi i amtet. Han interesserte seg lite for historiske opplysningar, men gir eit godt bilete av Christians amt slik det var på hans tid. Dette gjer arbeidet hans til eit framståande kjeldeskrift, som blir rekna som eit av dei beste av dei mange topografiske omtalane som kom i siste halvdelen av 1700-talet. Da Sommerfelt døydde 1811, hadde han eit godt ry både som amtmann og som topografisk og nasjonaløkonomisk forfattar.

Verker

    Eit utval

  • Forsøg om Rydnings-Verket i Norge, København 1768
  • Forsøg om de vigtigste Natur-Produkter af Plante- og Dyr-Riget i Norge, især i Aggershuus Stift, 1771, trykt i Det kgl. danske Landhuusholdnings-Selskabs Skr., bd. 1, 1776, s. 1–34
  • Underretning om Jordbrugets Forbedring i Norge ved Rødning, 1772, trykt sst., s. 39–96
  • Agerdyrknings-Katekismus eller Grundregler for et retskaffent Jordbrug i Norge, 1775, trykt 1779
  • Afhandling om nyttige Have-Vexters Dyrkning for Norge, 1775, trykt 1780
  • Geographie til Ungdommens Brug, København 1776 (6. opplag København 1804, tysk utg. Flensburg/Leipzig 1784)
  • Kort Udtog af Geographien til Begynderes Bedste, København 1776 (6. opplag København 1803)
  • Afhandling om Kornets Tørring i Straae, i Det kgl. danske Landhuusholdnings-Selskabs Skr., bd. 2, 1790, s. 625–676
  • Efterretninger angaaende Christians Amt, i Topographisk Journal for Norge, bd. 14, 1795, s. 1–136, og bd. 15, 1796, s. 1–74

Kilder og litteratur

  • O. Kolsrud: Innleiing til “Efterretninger angaaende Christians Amt”, i Bygd og Bonde, 1928
  • Ehrencron-Müller, bd. 7, København 1929
  • G. E. Christiansen: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • J. Gløersen: Dødsfall i Norge 1763–1825, 1964

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.