Faktaboks

Bård Guttormsson
Bård Guttormssøn, Bård på Rein, Bård Guttormsson på Rein
Død
1194, Bergen
Gravlagd stad
koret i Kristkyrkja i Bergen
Levetidskommentar
fødselsåret er ukjent; truleg fødd på Rein i Rissa, Trøndelag; død våren eller sommaren 1194
Verke
Birkebeinhøvding og lendmann
Familie

Foreldre: Lendmann Guttorm Åsolvsson og Sigrid Torkjellsdotter.

Gift 1) med Ulvhild Pålsdotter, dotter til biskop Pål i Bergen; 2) ca. 1184 med Cecilia Sigurdsdotter (ca. 1150/55–etter 1185); 3) Ragnfrid (el. Ragndid) Erlingsdotter frå Kvie i Valdres.

Far til kong Inge 2 Bårdsson (død 1217) og hertug Skule Bårdsson (død 1240); farfar til Margareta Skulesdotter (ca. 1210–1270).

Fotografi av ruinen av klosteret. Ein tjukk steinvegg med døråpning, men ingen dør eller tak.

Bård budde på slektsgården Rein i Rissa i Trøndelag. Sonen Skule Bårdsson arva gården og oppretta rundt 1230 eit nonnekloster på gården. Bårds dotter Sigrid vart klosterets første abbedisse.

Av /Riksantikvaren.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Bård Guttormsson var ein norsk birkebeinarhøvding. Han var lendmann hos kong Sverre Sigurdsson, og deltok i fleire store slag saman med kongen fram til han vart såra og døydde i 1194. Bårds etterkomarar førte vidare hans nære kontakt med birkebeinane og Sverreætta.

Bård var far til blant andre Inge Bårdsson og Skule Bårdsson.

Slekt og allianser

Bård tilhørte ei rik lendmannsætt kalt Reinsætta etter garden Rein i Rissa. Han var tredje generasjon etter ættefaren Skule Kongsfostre (son av Toste jarl av Northumbria). Faren til Bård, Guttorm Åsolvsson, var ein av dei leiande i krinsen kring kongane Sigurd Haraldsson Munn og Håkon Herdebrei. Slekta til Bård var dermed i opposisjon til grupperinga kring kong Inge Krokrygg. Den trøndske motstanden mot det viksk-vestlandske lendmannskongedømet, representert ved jarlen Erling Skakke og sonen kong Magnus Erlingsson, gjekk derfor nærast i arv til Bård, til tross for at han også var i nær slekt med kong Magnus.

Erling Skakkes harde framferd mot trønderbygdene først på 1160-talet, og særskilt det makabre drapet på Bårds svoger Fredrik Køna, skjerpa dette motsetningsforholdet kraftig. Det er likevel først etter kong Sverres avgjerande siger i slaget på Kalvskinnet i 1179 (da Erling Skakke fall) at Bård blir synleg i den indre krinsen kring kong Sverre.

Bård vart no (før 1181) kong Sverres lendmann, og Reinsætta var såleis ei av dei få gamle lendmannsættene som aktivt slutta opp om Sverres kamp for kongedømet. Den lengre og birkebeinvennlege versjonen av Bǫglunga sǫgur (Soga om birkebeinar og baglar) skildrar da også Bård som ein nær venn av kong Sverre, noko som blir ytterlegare understreka ved at han kring 1184 gifte seg med kongens halvsøster Cecilia.

Deltakar i slag

Med lendmanns rang deltok Bård i det store slaget mellom kongane Magnus og Sverre ved Nordnes i Bergen våren 1181, der Magnus vart jaga på flukt. Men Sverres sagas skildring av striden legg slett ingen glorie kring Bårds innsats. Vurdert som «krigsdagbok» formidlar soga gjennomgåande eit lite flatterande bilde av Bårds militære eigenskapar: sein i snuen, lite angrepsvillig og snar til å leggje på flukt.

Sagaberetninga om heklung-angrepet på birkebeinane ved Nidaros hausten 1181, og den fornya striden i februar 1182, er karakteristisk for denne tendensen. Jaga sørover av heklungane møtte Bård og hans soldatar kong Sverre og kongsmennene på Hjerkinn. Her vart dei gjort til spott og spe av sine eigne våpenbrør. Lendmannen Bård vart nekta å ri til hest på ferda attende til Nidaros. Skalden Bjarne Kalvsson dikta ei spottevise om dette fornedrande opptrinnet, og da birkebeinane under kong Sverres leiing vann Nidaros tilbake, nemner ikkje soga Bårds innsats med eitt einaste ord.

Betre lykke hadde Bård våren 1183, da han saman med Ivar Silke leia ein ekspedisjon til Nord-Noreg mot lendmannen Erling Vidkunnsson i Bjarkøy. Erling vart tatt av dage ved Engeløya i Steigen. Våren 1184 var Bård med i den straffeekspedisjonen som svidde av Lusakaupang i Sogn. Truleg var han også med i det avgjerande slaget mellom kongane Magnus og Sverre ved Fimreite i juni 1184, utan at Sverres saga nemner han særskilt.

Siste gong vi møter Bård på ein militær arena, er i kamp med øyskjeggane i slaget i Florvåg våren 1194. Her vart han hardt såra, og døydde kort tid etter i Bergen.

Etterkomarar

Bård var gift tre gonger, med Ulvhild Pålsdotter, Cecilia Sigurdsdotter og Ragndid Erlingsdotter. Av borna til Bård frå første ekteskapet var fru Sigrid Bårdsdotter, gift med Jon på Austrått på Ørlandet. Ho vart kring 1240 den første abbedissa i Reins kloster.

I ekteskapet med Cecilia fekk Bård sonen Inge Bårdsson, som vart birkebeinkonge frå 1204 til 1217.

Blant borna frå det tredje ekteskapet var sonen Skule Bårdsson, som tok kongsnamn i 1239, og dottera Ingebjørg. Ingebjørg var gift med Alv på TornbergRingerike, og blei stammor til Tornbergætta (sjå Alv Erlingsson).

Den lengre versjonen av Bǫglunga sǫgur, som gir brei plass til skildringa av Bårds etterkomarar, karakteriserer Bård som svært rik, vakker, spaklyndt og ein stille natur. Seinare historieskriving har vore særleg opptatt av Reinsættas tette tilknytning til kongemaktas utvikling i Noreg, like frå Skule Kongsfostre i Olav Kyrres regjeringstid. Bårds søner Inge og Skule formidlar på mange vis overgangen til det sterke rikskongedømet under Håkon Håkonsson. Det er derfor ikkje tilfeldig når kong Håkon gifte seg med ei kvinne frå dynastiet på Rein, Bård Guttormssons barnebarn, dronning Margareta Skulesdotter.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg