Faktaboks

Axel Andersen
Fødd
22. august 1846, Stavern, Vestfold
Død
7. desember 1913, Kristiania
Verke
Filolog, pedagog og dogmehistorisk forfattar
Familie
Foreldre: Bøkkar Christian Andersen (1819–51) og Johanne Marie Becker (1816–1904). Ugift.

Axel Andersen var skulemann gjennom heile livet, og var ein inspirerande og kameratsleg lærar. Ved sida av lærargjerninga skreiv han fleire bøker med sterk kritikk mot kyrkja si makt over skulen og samfunnet.

Andersen blei student 1864 og cand.mag. 1871. Han vart tilsett ved Gjertsens skole i Christiania 1869, samme året som skulen blei oppretta. I Andersens tid ved skulen omfatta han middelskule og latingymnas. Frå 1876 og 25 år frametter hadde han stilling ved Kristiania katedralskole. I 1900 søkte han avskjed. Frå 1910 var han medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no Det Norske Videnskaps-Akademi), og 1913 var han lærar i latin ved universitetet.

Erfaringane frå dei første læraråra og refleksjonane dei utløyste, førte hos Andersen til ei sterkt kritisk haldning til privatskular, som han kom til å kjempe imot gjennom djerv tale og med kvasse hogg. Etter kvart blei han også vonbråten over den offentlege høgre skulen som han klaga for å mangle alvor, vere for uforpliktande og for lite prinsippfast. Men botemiddelet var ikkje hardare disiplin. Han likte elvane sine og var ven med dei. Sjølv om han var ein einstøing, hadde han mykje omgang med elevane. Han tok dei med på turar i skogen og på fjellet, og her blei dei sveisa saman i ein kameratflokk.

I si tid som lærar blei Andersen merksam på kyrkja si makt over skulen. Han meinte ho dreiv med åndeleg mishandling av folket. Ei forbetring kravde vitskapleg angrep. Han fordjupa seg sjeldsynt grundig og kritisk i emne som kravde sikker kjennskap til greske og latinske kjelder, som 60-åring også i hebraiske. 1895 kom boka Skolen og “Kirken”. Hans tese var at kyrkja brukte to reiskapar for å rane til seg makt: påstandane om at ho både forvalta ei fullkomen openberring frå Gud og at ho kunne styre med visse nådemiddel. Den første påstanden granska han i skrifta Lov og evangelium (1898) og Spaadom og opfyldelse, som kom med første del 1912 og andre del 1916 (redigert på dødsleiet). Den andre påstanden førte til inngåande gransking av dåpen og nattverden.

1898 søkte han om å få forsvare for doktorgraden avhandlinga Nadverden i de par første aarhundreder efter Kristus. Til komité oppnemnde Det historisk-filosofiske fakultet ein filolog og to teologar. Teologane sin dom førte til at skriftet blei underkjent. Nokre år etter blei det prenta i eit tysk tidsskrift, og seinare også i noko utvida form som eigen publikasjon. Ei svær mengde rosande omtalar viste at hans vitskaplege arbeid blei høgt verdsette ute. Fakultetet erkjente då mistaket sitt og ville heidre Andersen. Han blei invitert til å legge fram litt av sine vitskaplege arbeid for ei ny doktorgradsprøve. Men han avslo. Han avslo også ei ny oppmoding. Då fatta fakultetet eit historisk vedtak 20. april 1909: “Da det er Det historisk-filosofiske fakultet som bærer det formelle ansvar for forkastelsen av den norske utgave [av Deres avhandling], finder fakultetet det derfor at være sin pligt overfor Dem at uttale sin beklagelse over en avgjørelse, som viser seg at staa i avgjort strid med sakkyndighetens alt overveiende dom.”

Axel Andersen står på ein plass for seg sjølv i norsk åndsliv. Han var uvanleg grundig og uthaldande, logisk konsekvent og sanningstru. Han var barsk, streng mot andre og hard med seg sjølv.

Verker

  • Latinske Stiløvelser for Middelskolen og Gymnasiet, 1877
  • Latinsk Læsebog. 2. noget forkortede Udgave, 1888
  • Den latinske Udtale i Skolerne (sm.m. J. Aars), 1887
  • Vort høiere Skolevæsen, 1893
  • Skolen og “Kirken”, 1895
  • Nadverden i de par første aarhundreder efter Kristus. En dogmehistorisk undersøgelse, 1898 (ty. utg. Das Abendmahl in den zwei ersten Jahrhunderten nach Christus, Giessen 1906)
  • Lov og evangelium, 1898
  • Modkritik, 1900
  • Spaadom og opfyldelse? De moralske og religiøse forestillinger hos den store mængde i Israel før den babyloniske landflyktighet, 2 bd., 1912–16

Kilder og litteratur

  • Andersens egne bøker (se ovenfor)
  • A. Aall: biografi i NBL1, bd. 1, 1923