Faktaboks

Andris Vang
Andris Eivindsson Vang
Fødd
27. mai 1795, Baggetun i Vang, Oppland
Død
3. oktober 1877, Lund i Vang
Verke
Folkeminnesamlar og skulemeister
Familie
Foreldre: Skulemeister, skreddar og husmann Eivind Torsteinsson Ellingbø (1758–1817) og Velgjerd Andrisdotter (1755 el. 1757–1830). Gift 1832 i Vang med Jørand Eivindsdotter Krøsseikra (Berge) (1787 (døypt 3.4.)–30.3.1881), dotter til Eivind Trondsson Åbjør (Aaberg) (1746–ca. 1793) og Unn (Unnia) Engebretsdotter (Embriksdotter) (ca. 1751–etter 1840).

Andris Eivindsson Vang var den fyrste som gav ut folkeminne på målføre. Han var den viktigaste kjelda for Ludvig Mathias Lindemans norske folkemelodiar, og melodiar frå Vang har vori nytta av komponistar som Edvard Grieg, Halvdan Kjerulf og Igor Stravinskij.

Andris Vang var døypt Anders, men skreiv seg Andris og tok bygdenamnet Vang til etternamn. Far hans lærde sønene lesing, skriving og rekning, men Andris måtte tidleg ut i teneste og var i prestegarden hjå sokneprest Friderich Müller i 8 år. Han fekk undervisning av presten og var meir skulelærd enn dei fleste unge. Frå 1816 var han skulemeister i Vang, og han skal ha vori ein framifrå, men noko streng lærar. Han tok avskil 1847 og fekk sidan noko pensjon frå Oplysningsvæsenets Fond.

Frå 1830 bygsla Vang husmannsplassen Lund under prestegarden, som han sjølv rydda, og han vart ein føregangsmann i jorddyrking. 1848 tok han og kona til seg den halvtanna år gamle brorsonen til Jørand, etter at faren døydde under tømmerfløyting. Stova Vang budde i, står no på Valdres Folkemuseum, med mykje opphavleg inventar.

Andris Vang hadde ei etter måten stor boksamling. Han hadde eit grundtvigsk livssyn og vart nær ven av grundtvigianaren W. A. Wexels. Han vart ein åndeleg leiar i miljøet, men var kjend og verdsett også vidare. I den kjende bygderomanen Kristine Valdresdatter avsluttar forfattaren H. A. Foss med ros til Andris Vang.

Innsatsen til Vang femner om folkemusikk av verdsleg og religiøs art, innsamling og formidling av folkeminne og språkleg pionerinnsats. Stortingsmann og folkeminnesamlar O. K. Ødegaard meinte at Vang “e' den finaste blomst paa vaar heimsens kultur”.

Vang var kjend og høgt verdsett som kjøkemeister og skal ha leia 145 bryllaup, forutan ikring 700 gravøl og barnsøl. Han var myndig og sers dugande, med framifrå ordlegging og meisterleg leiing av songen. Kjennskapen til samversskikkane i Valdres var bakgrunnen for det fyrste han fekk prenta, Bryllupsskikke i Valders.

1850 gav Vang ut Gamla Reglo aa Rispo, ifraa Valdris, en Samling af Fortællinger, Sagn og Eventyr. Dette er den fyrste utgjeving av folkeminne på bygdemål og eit viktig pionerarbeid i norsk folkekultur og målsoge. Boka inneheld serleg segner og eventyr, og Vang hadde kontakt med og hjelp av både L. M. Lindeman og P. Chr. Asbjørnsen. Asbjørnsen verdsette Vang høgt og nytta fleire av eventyra hans i sine utgjevingar.

Av segnene etter Vang vart seks utgjevne i Universitets- og skoleannaler så tidleg som 1850, og mange segner og eventyr er prenta opp att i seinare samlingar som andre har gjevi ut. Hans Ross sette om to av eventyra til landsmål i Ein Soge-Bundel 1869, og Rasmus Løland har med 14 eventyr etter Vang i Norsk eventyrbok frå 1905.

Etter at Reglo aa Rispo kom ut, skreiv Vang ned eventyr, gåter, ordtøkje og anna folkeminne, ei samling på ikring 65 tettskrivne sider. Deler av dette tilfanget vart gjevne ut av fullmektig J. E. Nielsen 1871. Noko av materialet er forsvunni, men noko er funni att og utgjevi som hyllestskrift til femtiårsdagen for Jonas Skougaard 1946.

Som den fyrste til å gje ut folkeminne på målføre måtte Vang laga sin eigen språknormal, og han skriv til dømes den klanglause e-lyden med ø (ein finø aa storø Gut, ei Gjentø) og nyttar apostrofar (Gut'n, lit'n, Maurad'n). Utgjevarane endra noko på språket for å gjera det lettare å lesa.

Vang var òg ein viktig heimelsmann for Ivar Aasen, som var hjå Vang og noterte frå valdresmålet 1857. Professor Olav T. Beito skriv at skriftene til Vang har vorti ei av våre beste kjelder for eldre valdresmål, og at Vang hadde eit fint øyra for uttalen.

Andris Vang er ei hovudkjelde for L. M. Lindeman, som 1848 besøkte han for å få nytt liv i norsk kyrkjemusikk. Vang var fleire gonger hjå Lindeman i Christiania, og resultatet vart mellom anna at så å seia alle melodiane i Kingo si salmebok vart nedteikna etter Vangs tradisjon frå faren og bestefaren. I Toner fra Valdres av Øystein Gaukstad syner registeret ikring 130 Vang-melodiar medrekna variantar. Melodiar etter Vang er flittig nytta av norske komponistar frå Kjerulf og Grieg og fram til våre dagar.

Ein minnestein over Andris Vang vart reist ved Vangskyrkja 1884 og har inskripsjonar på både latin og valdresmål: “Pro literis et schola” og “Reist taa Valdriso”.

Verker

  • Bryllupsskikke i Valders, i Skilling-Magazin, 1848, s. 62–64, 70–72 og 82–85
  • Gamla Reglo aa Rispo ifraa Valdris, en Samling af Fortællinger, Sagn og Eventyr, 1850
  • Kort Udsigt over en Skolelærers Levnetsløb, med et Tillæg af Bryllupsskikke og Kjøgemestervers fra Valdres, 1870
  • Gamla Segner fraa Valdres etter Uppskrift av Andres Eivindson Vang, utg. av J. E. Nielsen, 1871
  • Fraa Valdres. Upptekna umlag 1850 taa Andris Eivindson Vang. Noko attaat umskrevne o utgjeve av O. K. Ødegaard, 1915
  • Fire breve til P. Chr. Asbjørnsen fra Andris Eivindsen Vang, i Tidsskrift for Valdres Historielag 1917, Valdres 1917, s. 79–85
  • Optegnelser efter A. E. Vang, inneholdende to eventyr, seks sagn, samt et vers og en vise efter Langlegen, utg. som hyllestskrift til Jonas Skougaards 50-årsdag, 1946

Kilder og litteratur

  • A. E. Vang: Kort Udsigt over en Skolelærers Levnetsløb (sjå ovanfor, avsnittet Verk)
  • NFL, bd. 6, 1908
  • R. T. Christiansen m.fl. (red.): Hyllestskrift til Jonas Skougaards 50-årsdag, 1946
  • K. Hermundstad (red.): Andris Eivindson Vang og verket hans. Eit 100-årsskrift, Leira 1951
  • O. M. Sandvik: Kingo-Tona. Ludvig M. Lindemans opptegnelser i Valdres i 1848, 1941
  • Tradisjonsinnsamling på 1800-talet. Stipendmeldingar frå P. Chr. Asbjørnsen, J. Moe, L. Lindemann, S. Bugge, M. Moe, Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 92, 1964
  • Ø. Gaukstad: “Toner fra Valdres”, i Valdres Bygdebok, bd. 7, 1972
  • N. O. Bergheim: Folkeminnesamlaren Andris Vang, 1974
  • O. Bø: biografi i NBL1, bd. 17, 1975
  • R. Riste: Særmerkte drag ved forteljemåten i nokre norske eventyr, h.oppg., UiO, 1975
  • Ø. Gaukstad: “Med Ludvig Mathias Lindeman på vandring i Valdres for snart 150 år siden”, i Årbok for Valdres, Fagernes 1994
  • O. G. Bø (red.): Arvegull. Andris Vang og livsverket hans, Vang, 1995
  • Ø. Gaukstad: Ludvig Mathias Lindemans samling av norske folkeviser og religiøse folketoner, 1997

Portretter m.m.

  • Minnestein, reist 1884; ved Vangskyrkja, Vang i Valdres
  • Fotografi av ukjend fotograf i Hermundstad 1951 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 8 og i , 1995 (sjå ovanfor), s. 2