Alv Knutsson

Riddar og godseigar, riksråd og høvedsmann. Foreldre: Lagmann i Västergötland, svensk riksråd Knut Jönsson (Tre Rosor) (død 1457) og fru Agnes Alvsdotter (død ca. 1499). Gift før 1458 med fru Magnhild Oddsdotter (ca. 1425–1499), dotter til Odd Bottolvsson på Finne (Voss) og Botild Torsteinsdotter av Månsta-ætta. Far til riksråd Knut Alvsson (ca. 1455–1502) og Odd Alvsson (ca. 1460–1497).

Alv Knutsson vart gjennom arv og giftarmål den største verdslege godseigaren i Noreg på 1400-talet. Han var riksråd, men var lite med i rikspolitikken.

Gjennom morsslekta si høyrde Alv Knutsson til sjølve toppsjiktet innanfor den norske adelen. Mora var dotter til herr Alv Haraldsson (Bolt) og Katarina Jonsdotter. Fru Katarina var søster til riksforstandaren Sigurd Jonsson, og foreldra deira var Agnes Sigurdsdotter og den svenskfødde riddaren Jon Marteinsson på Sudreim (Sørum på Romerike). Fru Agnes kom av storfolk på begge sider: Faren var Sigurd Havtoresson til Sudreim og Giske, og mora Ingebjørg Erlingsdotter, dotter til drottseten Erling Vidkunsson.

Gjennom Alv Knutssons giftarmål med Magnhild Oddsdotter vart det knytt band mellom denne høgadelege ætta og ei adelsætt på lågare trinn. Det var ei naturleg samankopling sett mot bakgrunn av det som skjedde i seinmellomalderen i kjølvatnet av Svartedauden: Agrarkrisa resulterte i at verdien av jordeigedomen vart sterkt forringa, og giftarmåla kunne nyttast til å kompensera delar av dette tapet. Men samstundes vart adelsættene uttynna. Fleire måtte til utlandet for å finna ekteskapspartnarar, andre måtte gå eit steg ned på den sosiale stigen.

Fru Magnhilds farfar, Bottolv Eindridesson (død 1388), budde på Finne i mannsalderen etter Svartedauden, og han hadde væpnarstatus. Han var son til Eindride Bottolvsson på Kvam i Hardanger og vart gift med Åsa Håvardsdotter frå Rogne på Voss. Tre vestlandske lågadelsætter – Finne, Kvam og Rogne – vart her førde saman. Det er grunn til å tru at mykje av Kvam- og Rogne-godset følgde med over til Finne, som såleis vart ei stor og ettertrakta godssamling. Dette kan forklåra at dei to sønene til Bottolv Eindridesson og hustru Åsa ikkje hadde problem med å få seg koner frå det høgre aristokratiet. Håvard Bottolvsson vart gift med jomfru Gjertrud, dotter til riddaren Jakob Fastulvsson og fru Elsebe Ottesdotter Rømer (oldeforeldra til fru Ingerd til Austrått). Broren Odd vart, som vi har sett, gift med Botild Torsteinsdotter, og deira dotter Magnhild vart gift med Alv Knutsson. Ho hadde tidlegare vore gift med riddaren Bengt Harniktsson, som vart drept av bøndene i Gudbrandsdalen ca. 1446, og med ein Sigurd; i dette andre ekteskapet vart ho mor til Hamar-biskopen Karl Sigurdsson (død 1487).

Det var desse giftarmåla som la grunnlaget for den store godsmengda Alv Knutsson rådde over; han var utan samanlikning den største verdslege godseigaren i samtida. I arveoppgjeret etter faren fekk han den norske delen av arven, broren Jöns fekk den svenske. (I den seinare striden (1537) om morsarven til Gørvel Fadersdotter – barnebarnsbarnet til Alv Knutsson – vart det frå svensk side hevda at herr Alv hadde sikra seg brorens arvelodd “met woldh oc welde”, men det vart avvist.) 1482 kunne herr Alv slutta Manvik-godset i Brunlanes til – det var arv etter mormora, og ved giftarmålet med fru Magnhild fekk han ved sida av Finne-godset jordegods på Hedmark. Det var her, på Grefsheim i Nes, at han og fru Magnhild for det meste hadde hushaldet sitt. Den største utvidinga kom 1490, i arveoppgjeret etter junker Hans Sigurdsson, einaste son til Sigurd Jonsson, som døydde barnlaus 1466; hovudgardane Giske og Sudreim med underliggjande gods vart då lagde til.

På denne måten fekk Alv Knutsson ei godssamling å administrera som var spreidd over store delar av det vestafjelske og austafjelske. Saman med fru Magnhild dreiv han også ein aktiv oppkjøpspolitikk for å samla eigedom nær hovudgardane sine. Fru Magnhild vart enke for tredje gong 1496, og ho heldt fram med å utvida og arrondera godssamlinga til ho sjølv døydde 1499.

Med ei så stor og samansett godsmengd å administrera er det ikkje å undrast over at Alv Knutsson berre i liten grad deltok i rikspolitikken. Det er mykje som tyder på at han i interregnumet etter Christoffer av Bayerns død 1448 aktivt støtta svenskekongen Karl Knutsson, og at han var ein av dei femten som fekk riddarslaget under kroningsseremonien i Trondheim 20. november 1449. Men han vart forsona med Christian 1, og då han 1454 overtok Solør som tenestelen, kalla kongen han “vår elskelege tenar og hofsinne”. Truleg kom han inn i riksrådet på lag på same tid.

Alv Knutsson hadde status som riddar då han var til stades på riksmøtet i Skara 1458, der riksrådet hylla Christian 1s eldste son, og der den norske kyrkja fekk fornya sættargjerda frå 1277. Med jordegods og hovudgardar både i Aust-Noreg, på Voss og på Sunnmøre var han med på møte både i den nordafjelske og sunnafjelske gruppa av riksrådet, og han hadde kanskje som oppgåve å formidla kontakt mellom dei to gruppene. I 1470-åra administrerte han Andenes og Sunnfjord len for Hovudøy (Munkeliv) kloster, og 1485 er han omtala som høvedsmann på Bergenhus. Denne siste stillinga kan han berre ha hatt i kort tid, for 1489 var det Otte Matsson Rømer som sat med slottslenet.

Alv Knutsson kom i konflikt med den mektige Hartvig Krummedike på Brunla. Konflikten utvikla seg til bitter fiendskap og gav seg mellom anna utslag i at Alv Knutsson 1460 let myrda Henrik Krummedikes fut på Hedmark. Det har vorte gissa på at fiendskapen botna i at herr Hartvig 1449 eller 1450 let myrda Erik Sæmundsson, svenskekongen Karl Knutssons riksforstandar; Alv Knutsson var sjølv halvt svensk, og Erik Sæmundsson var dessutan svigerfar til broren Jöns Knutsson. Men det kunne også ha lege andre motsetningar til grunn.

Christian 1 sette mykje inn på å forlika dei to stormennene, men utan å lukkast. Også det norske riksrådet pressa på, og på herredagen i København 1489 lova dei to kvarandre evig venskap. Men det kan knapt ha lege alvor bak forliket. Det djupe hatet slo ut for fullt i neste generasjon, då det vart strid mellom herr Alvs søner Odd og Knut og Hartvig Krummedikes son Henrik, ein strid som toppa seg i det blodige oppgjeret mellom Knut Alvsson og Henrik Krummedike.

Alv Knutsson og fru Magnhild hadde sønene Knut og Odd og dottera Karine. Odd Alvsson døydde barnlaus 1497, og Knut Alvsson overtok det store jordegodset, med ein søsterlodd til Karine Alvsdotter på Grefsheim.

Kilder og litteratur

  • DN, bd. 1 nr. 900, 932 og 945, bd. 2 nr. 808, 810, 822 og 903, bd. 3 nr. 842 og 893, bd. 8 nr. 426, bd. 12 nr. 585
  • NgL, rk. 2, bd. 1, 1857
  • NHfNF, bd. 3, del 2, 1917
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 1, 1923
  • H. Sollied: “Kildekritiske undersøkelser vedrørende nogen middelalderslekter. I. Rømer – Gyldenløve”, i NST, bd. 6, 1938, s. 245–279
  • P. Ø. Sandberg: Jordeboka over Hans Sigurdssons norske godskompleks. Et forsøk på rekonstruksjon av Sudrheimsættens jordegods i Norge ca. 1500, h.oppg. i historie, UiO, 1970
  • L. Hamre: Norsk historie frå midten av 1400-åra til 1513. Førelesingar, 1971
  • H. Bjørkvik: Folketap og sammenbrudd 1350–1520, bd. 4 i ANH, 1996, s. 74, 77 og 188ff.
  • materiale samla inn til Adelsprosjektet ved Tore H. Vigerust

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.