Faktaboks

Alf Sommerfelt
Alf Axelssøn Sommerfelt
Fødd
23. november 1892, Trondheim, Sør-Trøndelag
Død
12. oktober 1965, Nes
Verke
Språkforskar
Familie
Foreldre: Rektor Axel Sommerfelt (1860–1938; sjå NBL1, bd. 14) og Louise Gjertsen (1866–1921). Gift 15.8.1919 med barnebokforfattar Nicoline Aimée Dedichen (1892–1975; sjå Aimée Sommerfelt). Sonesons soneson til Ole Hannibal Sommerfelt (1753–1821); dotterson til Fredrik Gjertsen (1831–1904; sjå NBL1, bd. 4); brorson til Harald Vilhelm Sommerfelt (1848–1920; sjå NBL1, bd. 14).
Alf Sommerfelt
Alf Sommerfelt
Av /NTB Scanpix ※.

Alf Sommerfelt er rekna som den leiande språkforskaren i Noreg i sin generasjon, og han hadde internasjonalt ein posisjon som få andre norske lingvistar nokon gong har hatt. Han blir rekna som ein av fedrane til den moderne sosiolingvistikken og som grunnleggjaren av keltisk dialektologi. I Noreg var han den som først introduserte ideane frå den franske sosiologisk-lingvistiske skolen og evolusjonsfonetikken, deretter frå Prag-skolen med strukturalismen.

Sommerfelt voks opp i Trondheim og tok examen artium 1911 ved katedralskolen, der faren var rektor. Same år blei han filologistudent i Kristiania. Dei professorane som fekk mest å seie for han, var Magnus Olsen i nordisk filologi, Olaf Broch i russisk og fonetikk, Alf Torp i samanliknande indoeuropeisk og Carl Marstrander i keltisk språkforsking. Seinare hadde Sommerfelt alltid ein sterk interesse for norrønt og norsk språkhistorie, og fonetiske perspektiv var gjennomgåande til stades i forskinga hans. Og det var gjennom den samanliknande språkforsking han blei allmennlingvist. Men som forskar var det keltologien han først tok til med.

Etter tre år ved universitetet drog Sommerfelt til Irland seint i 1914. Etter to år der drog han vidare til Frankrike. Der blei han i seks år. 1921 tok han doktorgraden i Paris. Han hadde vidgjetne lærarar som Antoine Meillet i samanliknande og allmenn språkvitskap, Joseph Vendryès i keltologi, Jules Gilliéron i dialektgeografi, abbed Rousselot og Maurice Grammont i fonetikk.

1918 blei Sommerfelt tilsett som stipendiat i Kristiania, men først 1922 kom han tilbake til Noreg og tok til å førelese ved universitetet. Han kom raskt i ein prinsipiell teoridebatt med junggrammatikaren Hjalmar Falk, der Sommerfelt argumenterte for synspunkta til den franske lingvistiske skolen. Denne debatten markerte innleiinga til eit skilje i teoriorientering mellom allmenn og spesielt nordisk språkvitskap i Noreg. Nordistane heldt, med nokre unntak, fast ved junggrammatikken som teoretisk ramme for si verksemd. Sommerfelt derimot formidla nye teoretiske og metodiske retningar inn til studentar og kolleger, noko som førte til at allmenn språkvitskap i Noreg frå 1920-åra var i takt med internasjonal teori- og metodeutvikling. Før krigen var Europa sentralt, seinare kom impulsane meir frå USA.

Sommerfelt var ein framifrå miljøskapar, og han brukte ofte sin eigen heim til faglege samlingar. Mange populærvitskaplege bøker og artiklar om språklege spørsmål heng òg saman med hans viktige formidlarrolle.

Sommerfelts styrke som forskar låg i den konkrete språkskildringa. Han var empirikar meir enn teoribyggjar. Han var likevel teoretisk idérik, t.d. ligg Roman Jakobsons skildring av barns fonologiske utvikling i kim i ei bokmelding av Sommerfelt, med døme frå lydutviklinga hos hans eiga dotter.

Sommerfelt dekte eit vidt felt. Viktigast var keltologien. Han har gitt grunnleggjande bidrag om nykeltiske dialektar, og grunnla 1958 tidsskriftet Lochlann, a Review of Celtic Studies. For skildringa av norsk er det omfattande arbeidet hans frå 1922 til 1957 med Norsk Riksmålsordbok viktigast. Teoretisk nyskapande var han innan historisk lingvistikk og på området språk og samfunn. Bidraga hans på det siste området peikar fram mot den moderne sosiolingvistikken. Hans mest sentrale artiklar blei 1962 redigerte i ein internasjonal antologi, som kom til å stadfeste Sommerfelts pionérinnsats særleg på området språk og samfunn.

Sommerfelt blei dosent 1926 i samanliknande og allmenn språkvitskap, 1931 professor i allmenn språkvitskap. Han stod i stillinga til han var 70 år (1962).

I april 1940 følgte Sommerfelt regjeringa til London og var ekspedisjonssjef i KUD 1941–45. Etter krigen var han m.a. sentral i skipinga og utviklinga av UNESCO, dekanus for HF-fakultetet 1953–57 og prorektor ved Universitetet i Oslo 1957–60. Han fekk mange utmerkingar, m.a. var han æresdoktor ved fire utanlandske universitet, medlem av mange akademi og lærde selskap og president for den 8. internasjonale lingvistkongress i Oslo 1957. Han blei utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden 1955.

Alf Sommerfelt døydde i ei bilulykke i oktober 1965.

Verker

  • Dē en italo-celtique, 1920
  • Le breton parlé à Saint-Pol-de-Léon. Phonetique et morphologie, Rennes 1921, Paris 1922
  • The dialect of Torr, Co. Donegal, 2 bd., 1921–22
  • Studies in Cyfeiliog Welsh. A contribution to Welsh dialectology, 2 bd., 1925
  • La langue et la société. Caractères sociaux d'une langue de type archaïque, 1938
  • Hva er rase? Antropologiske typer, språk, folk og nasjonalitetsproblemer i nutidens Europa, 1939
  • Teach yourself Norwegian. A book of self-instruction in the Norwegian riksmål (sm.m. I. Marm), London 1943
  • Språket og menneskene, 1948
  • Language, society and culture, 1954
  • medred. Norsk Riksmålsordbok, 4 bd., 1937–57
  • Diachronic and synchronic aspects of language, Haag 1962

Kilder og litteratur

  • Stud. 1911, 1936 og 1961
  • Aa. Barfoed: Slekten Sommerfeldt – Sommerfelt, 1954, s. 61f.
  • L. Amundsen i Universitetet i Oslo 1911–1961, bd. 1, 1961, s. 408–410
  • H. Vogt: biografi i NBL1, bd. 14, 1962
  • O. Næs: “Alf Sommerfelt”, i DKNVA Forh., bd. 38 nr. 30, Trondheim 1965, s. 134–139
  • E. Haugen: “Alf Axelssøn Sommerfelt”, i Language, bd. 42, Baltimore 1966, s. 612–614
  • H. Vogt: “Minnetale over professor dr. Alf Sommerfelt”, i DNVA Årbok 1966, s. 35–41
  • M. Oftedal: “Nécrologie. Alf Sommerfelt 1892–1965”, i Lochlann, a Review of Celtic Studies bd. 4, 1969, s. 294–299
  • H. Pilch og J. Thurow (red.): Indo-Celtica. Gedächtnisschrift Alf Sommerfelt, München 1972
  • HEH 1973
  • E. Hovdhaugen: “Linguistic theory in Scandinavia: Current perspectives. The contribution of Alf Sommerfelt”, i The Nordic languages and modern linguistics nr. 3, Austin, Texas 1978, s. 81–85
  • T. Pàroli: Om Alf Sommerfelt, Antoine Meillet og germanistikken, DNVA Avh. II Ny serie nr. 20, 1994
  • J. F. Eska: “Sommerfelt, Alf (1892–1965)”, i The encyclopedia of linguistics, Oxford 1994, s. 4048–4049

Portretter m.m.

  • Byste (bronse) av Emil Lie, 1917; p.e.; foto i Norske portretter. Videnskapsmenn, 1965, s. 296
  • Teikning (knestykkje) av Pedro (Salo Grenning), 1958; VG des. 1958