Alf Hellevik

Filolog og målmann. Foreldre: Kjøpmann Ole Østensen Hellevik (1871–1955) og Lovise Eiken (1874–1961). Gift 23.6.1942 med Ruth Stiansen (13.8.1911–28.8.1988), dotter til bankfunksjonær Carl Stiansen (1860–1933) og Olefine Tomine Eskedal (1877–1956).

Få har i moderne tid hatt så stor innverknad på normeringa og utviklinga av nynorsk skriftspråk som Alf Hellevik, dels gjennom stillinga si som hovudredaktør for Norsk Ordbok, men først og fremst gjennom stadige revisjonar og nyutgjevingar av Nynorsk ordliste.

Hellevik tok examen artium 1931, studerte deretter filologi ved Universitetet i Oslo (UiO) og blei cand.philol. 1938 med nordisk hovudfag og tysk og engelsk bifag. Han hadde studieopphald i Uppsala 1939 og i København, Århus og Lund 1946. Han tilhøyrde såleis den generasjonen filologar med norsk (eller nordisk) som hovudfag som verkeleg var nordistar, i den forstand at Norden var orienteringspunkt og referanse for den faglege verksemda deira.

1943–45 livnærte Hellevik seg som lærar og kursforfattar ved Norsk Korrespondanseskole. 1946 blei han knytt til redaksjonen for det store ordboksverket Norsk Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, først som redaktør og frå 1948 som hovudredaktør fram til 1978. Han blei utnemnd til dosent i nordisk språkvitskap og leiar for nynorskavdelinga ved Norsk leksikografisk institutt, UiO 1972. Samstundes blei redaksjonen for Norsk Ordbok flytta over frå Det Norske Samlaget til Universitetet i Oslo. Hellevik sat i stillinga som dosent til 1977, da han gjekk av for aldersgrensa.

Som livsverket til Hellevik må ein likvel kunne rekne Nynorsk ordliste. Første utgåva av denne ordlista, som kom ut på Det Norske Samlaget 1938, var laga av Einar Breidsvoll og Knut Liestøl. Andre utgåva kom 1959, og no med Breidsvoll og Hellevik som redaktørar. Frå 1962 var Hellevik eineredaktør, og ordlista har regelmessig komme i ei såkalla normalutgåve og ei “Større utgåve”. Helleviks ordliste er brukt av generasjonar av skoleelevar, og redaktøren må ha hatt eit klart språkpolitisk sikte med det store revisjonsarbeidet han la ned i stadig nye utgåver. Han førte gradvis, og med svært nennsam hand, inn nye ord i ordlista, ord som tidlegare var definerte ut av nynorsken av puristiske grunnar. Slik bidrog han til utviklinga av ei meir liberal nynorsknorm og i det heile til ei romslegare holdning til ordtilfanget i nynorsk, ikkje minst blant norsklærarar over heile landet. Hans rolle i normeringa og utviklinga av nynorsk i etterkrigstida kan såleis neppe overvurderast.

Også i formelle offisielle språknormeringsorgan spelte Hellevik ei viktig rolle. Han var medlem (skiftevis formann og nestformann annakvart år) av Norsk Språknemnd så lenge det organet eksisterte, frå 1952 til 1972. Da Norsk språkråd avløyste språknemnda 1972, blei han også medlem der og sat til 1988. I den perioden var han også medlem av fagnemnda i Språkrådet.

Ved sida av ordliste- og ordboksarbeid skreiv Hellevik ei rekkje artiklar om språk og språknormering. Han gav ut bøkene Omstridde språkspørsmål, Lånord-problemet, Norsk på ny, God nynorsk, Det rette ordet og Språkrøkt og språkstyring. Han medverka i fleire programseriar i NRK – “God norsk”, “Ordet” og “Norsk på ny”. Han omsette dessutan Kongsspeglen frå gammalnorsk og redigerte boka om Norsk språknemnd, Skriftspråk i utvikling, i lag med Einar Lundeby.

Alf Hellevik var skrivar (sekretær, ei stilling som seinare blei til fast stilling som forlagssjef) i Det Norske Samlaget 1946–50 og styremedlem i Samlaget 1953–68. Han var æresmedlem i Det Norske Samlaget, Studentmållaget i Oslo og i Noregs Mållag (frå 1999).

Verker

    Eit utval

  • Om tilhøvet mellom skriftmål og talemål. Rettskrivingsproblem frå norsk og nordisk synsstad, i SogS 1945
  • Omstridde språkspørsmål, 1953
  • God norsk i skrift og tale (sm.m. M. Sandvei og I. Torvik), 1956
  • Nynorsk ordliste, 2. utg. (sm.m. E. Breidsvoll) 1959, 3.–8. utg. (som eineredaktør) 1962–96, 9. utg. (sm.m. K. Skadberg og A. Søyland) 2000
  • Lånord-problemet, 1963
  • Skriftspråk i utvikling (sm.m. E. Lundeby), 1964
  • Norsk på ny, 1968
  • God nynorsk, 1970
  • Det rette ordet. Ord og ordlegging i skrift og tale, 1970
  • Språkrøkt og språkstyring, 1979

Kilder og litteratur

  • HEH, fleire utg.
  • opplysningar frå Helleviks son Ottar Hellevik (2001)

Forfatter av denne artikkelen

Det er det gjort 0 endringer i denne artikkelens nettversjon.